
Intervju i na24 + intervju i morgon og nettmøte tysdag i Stavanger Aftenblad
Sunday, 22 October 2006Eg har blitt intervjua i næringslivsportalen på nett NA24.no. Det er nokre småfeil i intervjuet, mellom anna medlemstal i RV (og AKP…) men ellers fint. Og fine bilete av meg, det er jo alltid kjekt
- Legg ned Oslo Børs Nyvalgt AKP-leder Ingrid Baltzersen vil legge ned Oslo Børs. - Penger skal ikke forvaltes på et kasino, sier hun. Les resten av intervjuet her.
I morgon kjem det eit intervju i Stavanger Aftenblad med meg og Mímir Kristjánsson, leiar i RU. Vinklinga er at mange leiarar av radikale organisasjonar kjem frå Stavanger, med dømene Aslak Sira Myhre (tidlegare leiar i RV), og Ingve Iversen (tidlegare leiar i NKP). Intervjuet gav oss ein fin muligheit til å snakka om nytt parti, om regjeringa, og om Stavanger. Stavanger Aftenblad skal også laga nettmøte med meg på tysdag klokka tolv. Fint om folk skriv inn spørsmål på sida til Aftenbladet anten på forhånd eller under nettmøtet!
“Hun har planer om å slå sammen AKP og RV.” — heilt aleine