8.marsnummeret blir nok den siste AKP.no også, fordi etter 11. mars kjem avisa til å skifta navn og bli eksternavisa til det nye partiet. For å følga med på kva som skjer med det nye partiet kan du sjå på nyttparti.no, eller komma på den opne delen på stiftingslandsmøtet som startar laurdag 10. mars kl. 15.00!
I avisa har eg ein leiarteig, Det finst ikkje “litt krig”, om regjeringa sitt svik når dei sender soldatar til krigen i Afghanistan, og at me treng ei kampanje for å henta dei heim igjen.
Sidan det er 8.marsnummer er det mange gode artiklar om kvinnepolitiske spørsmål, mellom anna eit intervju med ei parkeringsvakt som heiter Vibeke Hagen, og som har vore med på forsøk med Sekstimersdag i Trondheim Parkering. Magnhild Nilsen har fulgt opp kampen om å sei - Nei til 21 års grense for ekteskap med familiegjenforening. Ellers står det mellom anna om RU sitt arbeid med Ungdomshus: Seier i Ålesund og Moss og om den flotte aksjonen til RU der dei stengte døra til UD for å protestera mot at regjeringa sender 150 spesialsoldatar til Afghanistan. Og endå er det mykje meir i avisa, så god lesning!