Archive for the 'fine bøker' Category

h1

Buru-kvartetten (+ nytt parti)

Thursday, 11 January 2007

Eg har skrive to bokmeldingar i Rødt! om Buru-kvartetten, fire fantastiske romanar. Eg limer inn den siste her, som handlar om bok 1. Den første bokmeldinga som handlar om alle fire bøkene finn du her.

Bokomtale

Buru-kvartetten, bok 1

ved Ingrid Baltzersen

Rødt! nr 4, 2006

Menneskenes jord

Pramoedya Ananta Toer: Menneskenes jord (bok nr 1 i Burukvartetten), Pax forlag, 2003


Pramoedya Ananta Toer bruka historiene i Buru-kvartetten for at han og medfangane skulle overleva fangenskapet på øya Buru i Indonesia, der han sat frå 1965–77. Diktaturet til Suharto fengsla Toer utan grunngjeving, men målet var likevel klart, gjennom heile fangenskapet forsøkte dei å kvela den kreative hjernen hans. Og forholda var endå verre enn under nederlendarane; då han sat i fengsel i 1947–49, fekk han i alle fall skriva. Det nykoloniale regimet til Suharto brente notatane hans.Menneskenes jord blei utgitt først i 1980, og toppa bestseljarlistene. I 1981 blei bøkene forbodne, og Toer blei skulda for å “spre marxist-leninistiske idear”. Problemet var nok at skildringane av kolonistyret i Buru-kvartetten kan sjåast på som ein allegori over styret til Suharto.

Handlinga i Menneskenes jord startar i 1898, den dagen dronning Wilhelmina av Nederland blei krona. Kontrasten set stemninga i boka, hovudpersonen Minke er av javanesisk adelsslekt, men blir mobba av skulekameratane fordi han ikkje har europeisk blod. Den jamngamle nykrona dronninga blir dronning også over dei store koloniane.

Romanen er bygd opp rundt ei stor kjærleikshistorie. Minke blir forelska i Annelis Mellema, som er halvt nederlandsk. Mor hennar er ikkje gift med far hennar, ho er innfødt og konkubine. Likevel har ho kunnskap om mykje, ter seg avslappa, og driv selskapet til herr Mellema aleine, og Minke blir sjokkert og fascinert over at ho ikkje ter seg som rolla hennar tilseier.

Minke har vore interessert i modernisering, både teknologisk og politisk. Gjennom møtet med denne familien blir Minke også engasjert i forholda til fattigfolk. Ei av desse skjebnane er livet til Njai Ontosoroh, mor til Annelis. Njai blei seld av faren sin som konkubine til fabrikkdirektøren herr Mellema då ho var 14, mot 25 gylden og eit løfte om at faren skulle bli kasserar på fabrikken. Historia om Njai Ontosoroh blir den første han publiserer.

Skrivinga til Minke gjev han etter kvart problem med kolonistyret, som ikkje likar å bli utfordra, sjølv i litterære formar. Den nye familien hans får problem på grunn av det nederlandske rettssystemet, som ikkje gjev Njai Ontosoroh og ungane hennar nokon arverettar, sidan dei ikkje er gift og ikkje er europearar. Kampen om eigedommane deira, og etter kvart sjølve livet deira, er ei spanande forteljing som viser korleis kolonistyret bruka og kasta dei innfødde, og dei som ikkje var reinrasa europearar. I denne boka kjempar Minke aleine, med hjelp frå nokre få gode venner. I dei neste bøkene oppdagar han det nye våpenet som heiter organisering.

-

Eg skreiv forresten også opninga til Rødt! nr. 4 2006, om Nytt parti.

h1

Fred på jord

Saturday, 23 December 2006

Me har alle våre juletradisjonar. Min familie sin joletradisjon er å pynta juletreet litle jolaftan, og deretter spela plata “På steingrunn” (1973) med tekstar av Rudolf Nilsen. Det er tre tekstar der som handlar om jul: “Mesteren”, “Arbeidsløs jul” og den eg likar best og som framleis er svært aktuell (det er forsåvidt alle tekstane nesten):

Fred på jord
Så blev det da jul som det gjør hvert år,
og julefest holdtes i hver en gård
så langt som den hellige kristenhet når.

Og ribbe og surkål og øl og dram
man åt og drakk for å ære ham
som fødtes i armod og døde i skam.

Og prestene gjentok de eldgamle ting.
Men noe var nytt. For med radio kring
blev talene sendt — som på engleving!

I eteren bruste velsignede ord
som dengang da byrdene hørte et kor
der sang det utrolige: Fred på jord!

Fabrikkherren likte det bibelsted
og tenkte på hvordan slå lønnen ned
og likevel sikre sig arbeidsfred?

Politichefen syntes det også var godt,
og gudskjelov hadde han nylig slått
et oprør til jord og bragt statsskuten flott.

Rebellene satt nu bak lås og slå
og hadde det fredfullt og ventet på
den dødsdom de alle var viss på å få.

Og forsvarsministeren følte sig vel
som aldri tilforn noen julekveld.
Hans virke for freden var kronet med hell.

For fredsgarantien er vebnet makt.
Og den skulde ingen få ødelagt
med vennskapstraktat eller avrustningspakt!

Og utenriks-statsråden var også glad
at freden var innført så fort og bra
i Samoa og Nicaragua.

De innfødte truet med litt av hvert,
men heldigvis hadde en giftgass-ekspert
til advarsel gitt dem en kraftig snert.

Hver eneste sjel i vår kristenhet
blev løftet på bølger av kjærlighet!
For fred er det beste — som alle vet.

Men alle de drepte på ærens mark
de utstøtte bare et uhørlig hark,
og hemmelig gav de hverandre et spark.

Under Arc de Triomphe lå en ukjent soldat.
Han snudde sig ikke. Han var vel for lat.
Og hadde så ofte hørt lignende prat.

Og med denne flotte teksten vil eg ynskja alle ei god og fredfull jolefeiring!

h1

Nobelprisen i litteratur

Friday, 27 October 2006

gjekk til Orhan Pamuk, ein av favorittforfattarane mine! Alt eg ikkje får med meg i landsmøte- og mediestyr. Eg har lese bøkene Svart bok, Mitt navn er karmosin, og Snø av han, og dei er kjempefine på kvar sin måte. Pamuk blir rekna for å vera vanskeleg tilgjengelig og postmodernistisk i stilen, og Svart bok og tildels Snø er prega av det. Men dei gjer ein mykje å tenkja på, i forhold til utvikling av kultur, og forholdet mellom aust og vest. Dei viser eit schisofrent Tyrkia, som legg frå seg det gamle utan å ha klart for seg kva som er det nye. Underliggande er etniske og politiske konfliktar, militærkupp, men også gamle fortellingar og eventyr. Mitt navn er karmosin er ein underhaldande kriminalroman der handlinga foregår i eit atelier for miniatyrmalarar som jobbar for Sultan Murat III, altså på 1500-talet.

Viss du les bøkene hans, og spesielt Svart bok, får du ein umiddelbar trong til å dra til Istanbul.

h1

Med Helga til Haifa av Greta Molander

Thursday, 7 September 2006

I fjor sommar fann mamma ei bok på antikvariatet i Skien som heitte “Med Helga til Haifa”. Boka var skriven av Greta Molander (1908-2002), ei svensk dame som var rallykjørar. Boka er ei fantastisk reiseskildring i skjæringspunktet mellom “Ina”-bøkene sin fornuftige stemme og meir råbarka “on the road”-litteratur.

Greta Molander vann Sveriges Rikspokaltävling samanlagt i 1933, og drog difor med ein bil og ei venninne, Helga Åhrberg, til rallyet i Monte Carlo året etter. Og her startar “Med Helga til Haifa” for dei to jentene fann ut at dei skulle dra landevegen til Haifa i Palestina. Det betydde å kjøra via Frankrike, Spania, ta båten til Marokko og kjøra over Algerie, Tunis, Libya og Egypt, kryssa Suez, og kjøra over Sinai. Delar av Nord-Afrika var okkupert av italienarane, og dei låg i konstant krig med beduinane. Store delar av ruta var det ikkje veg, men jentene kjørte på med pågangsmot, og lappa botnkassa med tyggis når dei gjekk på ein smell. Boka er full av nestenulykker, som når dei nesten kjører av vegen i Marokko men blir stoppa av ein kaktus. Eller når dei blir sittande fast i ørkenen i Sinai. Det står referert at det blir ytra utkvemsord, til dømes når dei sit fast i sanda eller i store vatndammar, har hatt eit ufrivillig bad i ei kald elv i Spania eller når dei blir overraska av beduinar mens dei badar nakne i Middelhavet. Men ukvemsorda blir omskrivne eller ikkje refererte. Samtidig forstår ein at damene toler mykje og lever ganske hardt, og det blir ofte referert mykje alkoholbruk. Til dømes havnar dei i barslagsmål i Malaga, i ein bar der dei er dei einaste damene unntatt musikarane.

Eg blir imponert av at dei torde å dra av gårde, utan særleg mykje pengar, til eit område utan vegar og med pågåande valdelege feider mellom innbyggjarar og kolonistar. Dei kom seg gjennom det med dyktigheit, flaks og gode overtalelsesevner. Boka er svært underhaldande, med teikningar av forfattaren, og full av røverhistorier som sikkert er sanne.

Nokre damer har stifta Greta Molanders Æresklubb som driv med veteranbilløp for. Eg gler meg mest til å lesa “- fra øst til Mae West” som eg også veit kor eg kan få tak i.