Archive for the 'i media' Category

h1

Eg har blitt groruddøl!

Saturday, 14 July 2007

Eg som aldri skulle flytta frå Gamlebyen har no blitt groruddøl. Det var nok økonomien som bestemte det, men eg trivest godt, og har allereie fått gått tur i Lillomarka og plukka blåbær i regnet, og blitt intervjua saman med andre damer frå Rødt Grorud i lokalavisa med det lange fine namnet: Lokalavisen Akers Avis Groruddalen. Du får nesten ikkje kjøpt avisa utanfor dalen, laussalsstadane lengst vest er Narvesenkioskane på Tøyen T og på Galleriet. Dei legg ut ting på nett, men det er ikkje lagt ut enno, så du må nok kjøpa papirutgåva for å lesa det.

h1

Det nye partiet i media

Tuesday, 6 February 2007

Det nye partiet har kome mykje i media i det siste! Avisene forskutterar den interne demokratiske behanldinga til RV og AKP, landsmøta i partia må ta stilling til om dei ynskjer det nye partiet før me er sikre på om det blir noko av. Men leiingane (landsstyra/sentralstyra) i både RV, AKP og RU meiner grunnlaget me bestemte i helga er eit veldig bra grunnlag for det nye partiet, så me håpar jo det blir noko av, og stiftingslandsmøtet er planlagt til 11.-12. mars!

Det har vore fleire saker i Dagsavisen om det nye partiet. I dag var det eit intervju med RU-leiaren Mimir Kristjansson: Hallo, Solidaritet: «Solidaritet» blir etter alt å dømme navnet på det nye partiet som skal oppstå fra asken etter RV og AKP. Partiet sikter seg inn mot velgerne på venstresiden i Arbeiderpartiet og LO. For ordens skyld må eg sei at me ikkje har bestemt namn på det nye partiet enno, men Solidaritet er eit av forslaga. I går (05. februar) var det to saker: Samlet seg til venstre: Under helgens landsstyremøte i Oslo ble RV og AKP offisielt samlet til ett parti, selv om det måtte en del krangling til for å komme dit. Ingen «væpna revolusjon»: Et nytt parti utgått av RV og AKP går ikke inn for væpnet revolusjon. Det kommer fram i partiets ferske programutkast.

Også Klassekampen har fulgt saka, dei starta 24. januar: RV-lederen vil lede nytt parti: Dagens RV-leder Torstein Dahle er innstilt til leder for det sammenslåtte RV/AKP. Han får dagens AKP-leder Ingrid Baltzersen som nestleder. – Dette roper ikke akkurat fornyelse, sier valgforsker. Dei fortsette 26. januar med Rød samling i det blå: Strid om partiprogrammet kan blokkere samlingsprosessen mellom AKP og RV. AKP krever det partiet kaller et reelt kompromiss. Men etter helga hadde dei ein meir positiv artikkel (6. februar): Går til valg på nytt program: Programkomiteen for det nye venstrepartiet har levert forslag til partiprogram. Hvis RV og AKP godtar det, er sammenslåingen i mål.

Lokalavisene har også tatt saka. Rogalands Avis har vinkla det lokalt sidan eg er siddis (28. januar): I kommunistledelsen: Stavanger-jenta Ingrid Baltzersen er innstilt som nestleder i det nye fusjonspartiet RV/AKP. Dei har også fått med seg at dei har planlagt å stilla mange damer på topp på kommunestyrelista vår i Stavanger, det trur eg blir kult!

Telemarksavisa har mykje å skriva om, Ana Lopez som er tenkt å bli nestleiar i det nye partiet kjem frå Bamble, og Torstein Dahle har visst også røtter i Telemark. 25. januar: Telemarkinger på topp i nytt parti: BAMBLE: AKP, RV og Rød Ungdom vil gå sammen i et nytt parti på ytre venstre fløy. RV-leder Torstein Dahle, som opprinnelig er fra Skien, er innstilt som leder, mens Ana Taylor Lopez (RV) fra Bamble er innstilt som en av de to nestlederne. Dei følger opp 05. februar: «Nytt parti» har eksistert i 12 år: NOTODDEN: 11. mars skal RV og AKP stifte et nytt parti på nasjonalt plan. På Notodden har valgsamarbeidet mellom SV, RV og de partiløse eksistert i 12 år gjennom Solidaritetslista. Ana Lopez har også eit kjempefint lesarbrev i Telemarksavisa 03. februar: Å skape et nytt parti: Jeg har vært engasjert og aktivt i Rød Valgallianse, (RV), siden jeg kunne mine «første ord» på norsk. RV går nå inn i en avgjørende fase i arbeidet for å skape et nytt, rødt parti.

Saka er ei lokal sak for Bergens Tidende også sidan Torstein faktisk bur i Bergen (24. januar): Dahle skal lede nye RV: Torstein Dahle blir leder for det nye partiet når RV og AKP slår seg sammen 11. mars.

h1

Navn i nyhetene

Monday, 6 November 2006

Sist torsdag var eg i spalta “Navn i nyhetene” i Dagsavisa. Det er ei spalte med spørsmål om alt frå kven eg ville ha vore for ein dag til kva som er min mest rampete eigenskap. Eg fekk eit bonusspørsmål, om revolusjon:

“Blir det noen gang ordentlig revolusjon i Norge?

– Det må folk bestemme sjøl. Jeg håper jo at det blir en samfunnsomveltning.

Men dere har gått bort fra at den skal være væpna?

Den bør være mest mulig fredelig, ja.”

Heile intervjuet kan du lesa her (og biletet må vera 4 år gammalt ja, sjølv om eg er relativt ung no ser eg endå meir ung og uskuldig ut der).

h1

Intervju + nettmøte i Stavanger Aftenblad

Wednesday, 25 October 2006

No får eg tekstmeldingar og telefonar frå slekt og venner som har sett meg i Stavanger Aftenblad. Det er hyggelig at folk får det med seg i heimbyen også.

Måndag (23. oktober) var det intervju med meg og Mimir i Stavanger Aftenblad: Revolusjonens røst har siddisdialekt - Det blåeste fylket leverer de rødeste ungdommene. Les heile intervjuet her.

Og i går hadde eg nettmøte på Stavanger Aftenblad. Det kom mange spørsmål, rekte ikkje å svara på alle ein gong sjølv om eg satt i nesten to timar. Eg har prøvd å forklara om revolusjon og statsbudsjett, og om jenter på venstresida er stygge eller ikkje. Les nettmøtet her.

h1

Intervju i na24 + intervju i morgon og nettmøte tysdag i Stavanger Aftenblad

Sunday, 22 October 2006

Eg har blitt intervjua i næringslivsportalen på nett NA24.no. Det er nokre småfeil i intervjuet, mellom anna medlemstal i RV (og AKP…) men ellers fint. Og fine bilete av meg, det er jo alltid kjekt :-)

- Legg ned Oslo Børs Nyvalgt AKP-leder Ingrid Baltzersen vil legge ned Oslo Børs. - Penger skal ikke forvaltes på et kasino, sier hun. Les resten av intervjuet her.

I morgon kjem det eit intervju i Stavanger Aftenblad med meg og Mímir Kristjánsson, leiar i RU. Vinklinga er at mange leiarar av radikale organisasjonar kjem frå Stavanger, med dømene Aslak Sira Myhre (tidlegare leiar i RV), og Ingve Iversen (tidlegare leiar i NKP). Intervjuet gav oss ein fin muligheit til å snakka om nytt parti, om regjeringa, og om Stavanger. Stavanger Aftenblad skal også laga nettmøte med meg på tysdag klokka tolv. Fint om folk skriv inn spørsmål på sida til Aftenbladet anten på forhånd eller under nettmøtet!

h1

Landsmøtet til AKP i pressa

Tuesday, 17 October 2006

Etter landsmøtet har me vore ein del i pressa.

Me sendte pressemelding sundag kveld, og rett etter ringte Stavanger Aftenblad, som laga saka Stavangerkvinne ny AKP-leder. Blei også oppringt av ANB, som laga saka Vil slå sammen AKP og RV, trykt mellom anna i Dagsavisen, i TA, i Firda, i Bergensavisen og i Telemarksavisa. NTB laga også ei sak ut frå pressemeldinga vår, AKP vil lage nytt parti og velger ny leder som blei bruka mellom anna i VG, i Adresseavisen, i Bergens Tidende, i Troms Folkeblad, og i Fædrelandsvennen. Nettavisa bruka også pressemeldinga og laga ei sak dei kalla AKP + RV = sant. Sandefjords Blad laga også ei sak: Fikk plass i AKP-styret, om dei nye sentralstyremedlemmane frå Vestfold, Ole Marcus Mærøe og Ida Myhre.

I går blei eg intervjua av VG nett, som laga saka: AKP og RV slår seg sammen: - RV går bakover i tid. Tittelen kjem av at dei har snakka med Audun Lysbakken i SV som synst RV er lite konstruktive for tida fordi dei kritiserer regjeringa… Eg blei også intervjua av Klassekampen, som trykte det i dag, men artikkelen ligg ikkje på nett.

I dag har eg vore i Osenbanden på NRK P3. Viss du ynskjer å høyra det så går du på http://www.nrk.no/programmer/sider/osenbanden/, ser på høgre side på skjermen der står det nettradio, sendinga du skal trykka på er 17.10.06 kl. 17.07 , og det går an å spola litt sånn at ein kjem til ca 17.30.

Det kjem nok meir etter kvart!