Archive for the 'innvandring og integrering' Category

h1

Kampanje mot muslimhets

Friday, 3 August 2007

Eg har ein artikkel i neste Palestina Solidaritet, medlemsbladet til Palestinakomiteen.

Du finn heile bladet her.

——-

Kampanje mot muslimhets

Eg representerte Palestinakomiteen på Kairokonferansen saman med Hege Ramson. Kairokonferansen er ein årleg konferanse mot sionisme og amerikansk krigføring som starta i 2002. På kairokonferansen er det både store fellesmøter og små seminar, eit av dei seminara eg var på handla om erfaringane frå arbeidet mot rasisme retta mot muslimar i Kanada.

Den kanadiske studentføderasjonen starta på landsmøtet i Ontario 2006 ei prosjektgruppe for å undersøka behova til muslimske studentar på universitet og høgskular i Ontario. Bakgrunnen var både manglande bønnerom og andre praktiske problem for muslimar, men også at muslimar hadde møtt vald og hat.

Prosjektgruppa reiste rundt på universitet og høgskular for å høyra erfaringane til muslimske studentar. Dei opplevde at etter 11. september var det blitt ei vanskelegare atmosfære for muslimske studentar. Dei fekk rapportar om rasistiske kommentarar, som at folk blir kalla talibanar eller får beskjed om å dra til sitt eige land og bomba det. Ein kvinneleg professor fekk spraya ned døra si med «Suck Bin Ladens dick raghead lover». Den arabiske og muslimske studentassosiasjonen motttok dødstruslar. Prosjektgruppa fekk også høyra om rasistisk «profilering», til dømes fortalte ein student at tryggleiksvaktene hadde fått beskjed om å rapportera navna på «muslimsk utsjåande» personar som gjekk nær ein atomreaktor på universitetsområdet til den kanadiske etteretningstenesten.

Rapporten til prosjektgruppa konkluderer med at det meste muslimane opplevde var ikkje så alvorleg i seg sjølv, men det var mengden som gjorde at miljøet blei forgifta. Men Kanada har også hatt meir alvorlege åtak på muslimar. I 2002 blei ein kanadisk statsborgar av Syrisk opphav, Maher Arar, fengsla av amerikanske styresmakter då han mellomlanda i New York og sendt til Syria der han blei haldt fanga i 10 månadar. Arrar blei oppbevart i ei kisteliknande celle og torturert, men han blei lauslatt utan å ha blitt sikta for noko, og ein rapport som kom seinare konkluderte med at han var ein uskyldig dataprogrammerer, men på grunn av fabrikkasjon av bevis og inkompetanse hos det kanadiske politiet så hadde han blitt stempla som terrorist. Det er fleire saker med kanadiske statsborgarar som er fengsla i Syria på grunn av feilinformasjon frå kanadisk etteretning.

Innleiarane frå kanada sette den auka rasismen mot muslimar i samanheng med kanadisk deltaking i krigen mot Afghanistan. Ein krigsideologi fører til hat mot innvandrarar som kan identifiserast med «fienden», altså muslimane. Palestinakomiteen deltar i antikrigsinitiativ som Fredsinitiatviet, fordi me ser ein samanheng mellom åtaka på Irak og Afghanistan og situasjonen for palestinarane. Palestinakomiteen har lang erfaring i å bekjempa muslim-hets. Sionismen baserer seg på rasisme mot palestinarar, for det er det som har gitt sionistane «retten» til å ta landet deira. Det å kalla palestinarane for muslimske terroristar har vore ein måte å legitimera overgrepa frå staten Israel. I Noreg ser me no ein generell auka rasisme mot muslimar, og eg håpar me kan bruka erfaringane frå Kanada til å bekjempa dette. Arbeid mot rasisme retta mot muslimar kjem til å bli viktig i palestinaarbeidet framover.

Islamofobia Watch – Documenting the War against Islam
Rapporten til prosjektgruppa
Heimesida til prosjektgruppa

h1

Forbod mot ansiktsslør?

Tuesday, 27 February 2007

Djupedal har gjekk i Klassekampen (17. februar) Ut mot niqab. Eg synst det er viktig å ta denne debatten, fordi eg meiner Djupedal sitt utspel ikkje er mot niqab (som er eit ikkje-eksisterande problem i Noreg), men heller ein del av den generelle muslimhetsen, og eit forsøk på å ta tilbake stemmene som går til innvandrarfiendtlege parti som FrP. Resonnementet mitt går som følgjer:

1 Eg synst ansiktsslør er teit, og dei fleste norske muslimar som har uttala seg mot det har vore negative.

2 Det er ikkje noko særleg problem med bruk av anssiktsslør i skulen i Noreg, bortsett frå nokre jenter på Oslo Handelsgymnasium som tok på seg slør i 2005. Eg har knapt sett damer med ansiktssør på seg på gata.

3 Eg tenkjer at eit forbod mot slør kan virka mot sin hensikt, både at fleire tar det i bruk fordi dei vil opponera mot forbodet, og at fleire føler seg stigmatiserte som muslimar når det kjem særreglar mot muslimsk religiøs påkledning.

4 Eg kan ikkje sjå at det burde vera nokon grunn til at utdanningsinstitusjonar for vaksne folk (over 1 8) skal bry seg med korleis folk går kledt. På forelesningar på Blindern er det uansett vanskeleg å få augekontakt med store delar av studentane, sjølv om dei ikkje brukar slør.

5 Når det gjeld upraktisk påkledning i grunnskulen tenkjer eg at lærarar bør gje råd til elevane sånn at dei kan kle seg i tråd med det ei sjølv og foreldra ynskjer, samtidig som det skal vera praktisk. Altså at gymlæraren kan sei at trange skjørt i gymmen er upraktisk men ein kan ha vide skjørt, at når ein skal på skogstur får ungane beskjed om at ein bør ha gode sko og sekk, og at viss læraren synst det er vanskeleg å undervisa nokon med ansiktsslør kan ho snakka med foreldra eller eleven. Men eg kan ikkje sjå at det er nokon pedagogiske grunner om gjer ansiktsslør så mykje verre enn andre upraktiske ting ungar riv med.

6 Igjen, eg synst ikkje det er bra med ansiktsslør. Men eg oppfattar at det å gå til åtak mot dette ikkje-eksisterande problemet som også Djupedal no gjer, er ein del av den generelle trenden med å stigmatisera muslimar, og å innføra særreglar for muslimar eller ikkje-vestlege innvandrarar. Det at Djupedal ”tar dette problemet på alvor” er eit forsøk på å vinna innvandrarfiendlege stemmer gjennom å bruka FrP-argument. Eg meiner difor det er viktig å mobilisera mot dette forslaget, sjølv om det ikkje skal vera ei oppfordring til å bruka ansiktsslør, noko dei fleste norske muslimar også synst er dumt å bruka i Noreg.

h1

demokrati i Midtausten + motstand er rettferdig

Tuesday, 9 January 2007

Eg har saman med Lars Akerhaug laga eit studiehefte for RV om demokrati i Midtuasten. Finn heile heftet her. Heftet handlar først og fremst om Egypt og Libanon, begge plassane har det skjedd mykje spanande dei siste åra. Viktige artiklar i heftet er:

- Demokrati i Midt-Austen? av Ingrid Baltzersen
- Med islamister for demokrati? av Lars Akerhaug
- Slutt på silkehanskene av Lars Akerhaug
- Islamistar på frammarsj (Intervju med Bjørn Olav Utvik) av Ingrid Baltzersen
- Hizballah og libanesisk politikk av Lars Akerhaug
- Hizballah og opprettelsen av en parallell stat av Kai Kverme

Ein annan ting, sidan eg har blitt leiar i AKP har eg begynt å skriva leiarteigen i avisa AKP.no. Sist skreiv eg om motstand, og konklusjonen min er: “Palestinarane har rett til å styra seg sjølv, og dei har rett til sitt eige land. Israel okkuperer landet til palestinarane. Den einaste måten å få slutt på okkupasjonen er gjennom motstand, både ikkje-valdeleg og militær. Motstand er rettferdig!” Les heile leiarteigen her.

Eg skreiv også artikkelen “nei til forskjellsbehandling” som fulgte opp saka om 21-årsgrense for ekteskap for innvandrarar, det er ikkje noko nytt der i forhold til andre ting eg har lagt ut om saka. Men resten av nummer 10 2006 er verdt å lesa, du finn heile her.

h1

høyringsuttalelse om tvangsekteskap

Tuesday, 28 November 2006

Eg og Magnhild Nilsen laga ferdig hoeyringsuttalelse.doc om Arbeids- og Inkluderingsdepartementet sine forslag om tiltak mot tvangsekteskap.

Eg veit ikkje om AID kjem til å høyra på oss, men me har i alle fall havna på lista over dei som er i mot, saman med Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene (KIM), MiRA-senteret og fleire andre. Som Dagsavisa skriv i papirutgåva si s 7 i dag så går to av tre høyringsinstansar mot 21-årsgrense for ekteskap med utlendingar.

h1

har venstresida svikta innvandrarjentene?

Wednesday, 8 November 2006

Sundag var eg i debatt med Bjørgulv Braanen og Mina Adampour på RU sin feminismefestival. Der var problemstillinga har venstresida svikta innvandrarjentene, med utgangspunkt i diskusjonen om 21-års aldersgrense for gifta seg med nokon som ikkje bur i Noreg, og busetta seg saman her. Eg synst både Mina og Bjørgulv hadde gode poeng, spesielt i forhold til at det er viktig at venstresida har ein god politikk på innvandring og integrering. Det er bra at til dømes debatten blir tatt i Klassekampen når det skjer på dei riktige premissa, altså ikkje å kjempa om å vera mest mogleg rasistisk. Men eg meiner at venstresida faktisk har god politikk på desse områda (sjølv om me alltid kan bli betre), og at forslaga frå AID i forhold til tiltak i utlendingslova mot tvangsekteskap ikkje er gode.

Det er fleire viktige problemstillingar her, som eg tenkte eg skulle prøva å skilja frå kvarandre:

1 Er integrering og assimilering det same?
Eg meiner god integrering er at ein kan språket og får jobb, altså at ein kan ta del i samfunnet. Integrering for meg går ikkje så mykje på om ein har norske venner eller ikkje, eller om ein følgjer alle norske skikkar. Eg synst AID rotar det saman. Dei seier at ”integreringsprosessen er gjensidig og at den derfor berører både enkeltindividet og befolkninga for øvrig”. Til forskjell frå departementet så trur eg ikkje at negative incentiv fungerer integrerande, og eg synst også at mykje av argumentasjonen deira i forhold til kva integrering er, heller går på assimilering. I tillegg så synst eg at det er makabert å blanda saman integeringstiltak med tiltak i lovgjevinga mot tvangsekteskap, som faktisk er ei alvorleg sak.

2 Er tvangsekteskap og arrangert ekteskap det same?
Arrangert ekteskap er ein tradisjon mange stader, der familien er sett på som viktigare enn hos oss. Sjølv ville eg ikkje inngått eit arrangert ekteskap, eg ville ikkje inngått eit ekteskap i det heile. Men sidan eg heller ikkje forbyr ekteskap i kyrkja heller, så synst eg folk skal få lov til å ha arrangerte ekteskap også, i fred for myndigheitene. Eg kritiserer gjerne familien si rolle, både i min eigen kultur og i andre sin. Men eg synst ikkje det skal inn i tiltak mot tvangsekteskap, og i alle fall ikkje inn i utlendingslova.

3 Er det ikkje sett i verk tiltak mot tvangsekteskap som virker?
Det er sett i gang ein del gode tiltak mot tvangsekteskap. Ein del av dei har ei positive innretting, og handlar om dialog, om å læra ungdom om reglar og rettar. Det finst også ein del tiltak allereie i utlendingslova, eg er ikkje glad for alle saman. Dei fleste tiltaka er ganske nye, og det finst lite dokumentasjon på kor mange ungdommar som er utsette for tvangsekteskap. Ein del tiltak er heller ikkje sett ut i live enno, så det mest fornuftige viss ein ynskjer å bekjempa tvangsekteskap er å først sjekka om dei andre tiltaka virkar.

4 Kva tiltak bør venstresida jobba for?
Tvangsekteskap er endå eit eksempel på eit område der kroppane til unge jenter blir ei slagmark mellom ulike grupper som ynskjer kontroll. I dette tilfellet er det norske myndigheiter sitt ynskje om kontroll over heile gruppa som gjer at dei brukar innvandrarjenter. Det er også ein kamp om kontroll frå dei familiane som tvinger ungane sine til ekteskap med nokon dei ikkje vil gifta seg med

Det viktigaste for å hindra tvangsekteskap er integrering (altså ikkje assimilering). Integrering handlar først og fremst om fridom og makt, ikkje om ein følgjer norske skikkar. Innvandrarar og flyktningar må kunna norsk, kunna forsørgja seg sjølv, og vita om rettane dei har i samfunnet. Generelle tiltak som fungerer integrerande er å ha ein arbeids- og bustadmarknad som er open for innvandrarar og flyktningar. Eit anna godt tiltak er gratis barnehage for ungar med minoritetsbakgrunn.

5 Problema med forslaga frå AID
Det får eg berre gått kort inn på. Hovudproblemet er at det er ei mistenkeleggjering og vanskeleggjering for alle som ikkje gifter seg med blendakvite nordmenn. Eit anna problem er at AID ikkje kan dokumentera at forslaga rammar målgruppa, eller kor stor målgruppa er.

AID har foreslått 1: 21-årsgrense for å gifta seg med nokon som ikkje bur i Noreg, og deretter busetta seg her, og 2: tre ulike forslag på ekstratiltak i forhold til butid i Noreg og tilknytning til landet for å hindra at ungdommar blir tvangsgifta i heimlandet og deretter haldt tilbake til dei oppfyller krava. 1 Problemet eg har med 21-årsgrense er at dei ikkje klarer å dokumentera at det hjelper nokon, samtidig som det kjem til å ramma folk som ikkje blir tvangsgifta. 2 Problema med ekstratiltaka, som skal gjelda fram til ein er 26, 27, eller 28 år, er at dei rammer veldig mange folk, og at dei blandar saman tiltak mot tvangsekteskap, og tiltak som hjelper (AID sitt sin på) integrering. Det mildaste av ekstratiltaket er at ”herbuande” må ha budd i Noreg dei 3 siste åra, det nest verste ekstratiltaket er at ein må ha studert eller jobba samanhengande i Noreg dei 3 siste åra, og der verste er at ein skal måla tilknyting til Noreg opp mot tilknyting til eit anna land. Ein kan opna for unntak viss ein har hatt høgverdige grunnar til å vera i utlandet, som høgare studie, eller jobb i norsk selskap. Men for dei som er i midten av tjueåra og har funne ein ektefelle på jorda-rundt-reise eller når ein budde i heimlandet til familien og jobba i sjappa til onkelen sin får ikkje henta ektefellen. Det er altså også ei klassediskriminering i dette forslaget.

(Og ja, eg skal både prøva å gjera dette til ein kronikk, og skriva utkast til høyringsbrev til AID saman med Magnhild N. Men kjekt å ha ein blogg å kasta tankane ut på sånn i starten)

h1

Innvandringsstopp gjennom heva aldersgrense for ekteskap

Thursday, 5 October 2006

Eg har skrive eit svar til Bjørgulv Braanen, som på leiarplass i Klassekampen 3. oktober svara på mellom anna mitt lesarinnlegg. Svaret mitt skal komma på trykk mandag 9. oktober.

Bjørgulv Braanen argumenterer på leiarplass 3. oktober mot at eg kalla aldersgrense for henteekteskap for særlov for innvandrarar. Braanen fortset med å sei at ei slik aldersgrense vil gjelda alle som vil henta ein ektefelle, anten det er frå USA, Australia og Russland, eller det er frå Pakistan og Somalia. Det er for så vidt sant, men amerikanske og australske statsborgerar har visumfritak til Noreg, noko som gjer at dei kan vitja kjærasten/ektefellen i Noreg fram til ein er over aldersgrensa. I tillegg vil jo ikkje borgarar frå EU/EØS vera ramma av lova. Det er altså ei lov som vil gjera det vanskelegare for par der den eine kjem frå eit land me ikkje har visumfritak frå, det vil seie ikkje-vestlege land.

Det bringer meg over på eit anna viktig moment. Innvandringslovane i Noreg gjer at folk blir tvungne til å gifta seg, fordi ein ikkje kan få visum til kjærasten/truloveden sin på ein annan måte. Det gjeld alle som finn seg ein utanlandsk kjærast, anten ein har aner frå Hallingdal eller frå Punjab. Innvandringslovane fører difor til “tvangsekteskap” fordi ein ikkje får prøvd å vera kjærast eller sambuar før ein går til det skritt å gifta seg.

Resultata frå Danmark viser at ein får færre henteekteskap, men det viser ikkje kva som skjer med dei ungdommane som er i fare for å bli utsett for tvangsekteskap. Så då må ein jo stilla seg spørsmålet om målet er å hindra innvandring eller å hjelpa desse ungdommane?

h1

Særlovar for innvandrarar

Monday, 25 September 2006

Eg har skrive eit lesarinnlegg som eg har sendt til Klassekampen. Kva synst andre om denne debatten?

Bjørgulv Braanen startar ein viktig debatt om tiltak mot tvangsekteskap (KK 19.09). Det er synd at han konkluderer med støtte til særlovar for innvandrarar.

Begge lovane som er diskutert, både aldersgrense for inngåing av ekteskap med ved familieetablering i Noreg og krav om at ekteparet må bu i det landet dei samla har mest tilknyting til, kjem til å hindra innvandring til Noreg, men er det det som er målet? Erfaringane frå Danmark som blir referert i KK laurdag 23. september er viktige å høyra på. Krisesentersekretariatet der har oppsummert at lovendringane hindrar innvandring, men dei hjelper ikkje dei jentene som blir utsett for tvangsekteskap, familiane finn berre andre måtar å gjera dette på.

Det er viktig å kjempa mot tvangsekteskap. Men løysinga er ikkje lovar som i praksis vil bli særlovar for innvandrarar. Eg trur heller løysinga ligg i opplysining og dialog, som både Akthar Chaudry og Rita Kumar tar til orde for (KK20.09 og KK 23.09). Sjølvsagt må ein også bruka lovverket og domstolane for å straffa dei som kidnappar ungane sine eller tvingar dei til til å inngå ekteskap dei ikkje ynskjer. Men som i alle vanskelege saker finst det ikkje nokon enkel og rask løysing, og forebygging gjennom opplysning og dialog i samarbeid med dei det gjeld er det som hjelper mest.