
lesarbrev om Karita Bekkemellem og abort
Tuesday, 12 December 2006Lite provoserer meg så mykje som når nokon utfordrar abortretten, difor sendte eg dette lesarbrevet til MOM-spalta i Dagsavisen.
Abort – ein kvinnerett!
Karita Bekkemellem har fått mykje peppar fordi ho har sagt at ho kunne ha bruka den retten ho har det er å ta abort. Det er absurd at nokon grunner til å ta abort blir rekna som gyldige, mens andre ikkje blir det, når ein faktisk har ein allmenn rett. Som Dagfinn Høybråten uttaler: ”Det er alvorlig når landets Barneminister uttaler seg på en slik uklok og sårende måte. Enda verre er det faktum at vi har en lovgivning som lar kvinnen stå alene med slike avgjørelser som barneministeren hypotetisk ble stilt overfor.” (KRF si nettside)
At kvinner kan bestemma over sin eigen kropp og seksualitet har vore sentralt for likestillinga i Noreg. Det at kvinna kan planlegga barnefødslar i forhold til om det passar i livssituasjonen ho er i er ein viktig del av dette. Om ein orkar å fostra ein unge som har kromosomfeil eller er alvorleg sjuk er ei vurdering kvinna må få ta sjølv, på linje med om ho til dømes vil ta abort fordi ho ikkje har ein partnar, at ho ikkje har lyst på fleire ungar enn det ho har, eller at ho ikkje har lyst på unge generelt. Debatten no, der ein vurderer om grunnen for abort er verdig eller ikkje verdig, leder i retning av nemnd-systemet me hadde i Noreg før abortlova kom i 1978. Dette systemet førte til frykt blant kvinner fordi det var nokon andre enn dei sjølv som bestemte framtida deira, og er noko me burde vera langt forbi. Den beste til å vurdera om ein skal ta abort eller ikkje er kvinna sjølv. Eg vil at alle ungar skal vera ynskja ungar, og vil oppmoda til støtte av abortlova og Karita Bekkemellem i denne saka!