Archive for the 'legning og seksualitet' Category

h1

Valkampen har starta for meg også, med debatt på Skeive Dager

Tuesday, 3 July 2007

Eg deltok for RV/Raudt på partigrillinga på Skeive Dager, torsdag 28. juni. Hovudproblemstillinga var kva partia syntest om kjønnsnøytral ekteskapslov, og der var det ikkje så mykje å sei for meg eigentleg, er grenser for kor mange gonger eg kan sei at eg er for og alltid har vore det. Ellers prøvde eg å få fram at det ikkje er mogleg å vera frie og likestilte i eit samfunn som tener på å setta folk opp mot kvarandre. Venstre (med Ola Elvestuen) og spesielt FrP (med Øyvind Michelsen) sjokkerte i alle fall meg med å avslutta debatten med å skulda innvandrarane for homofobien i Noreg. Det er jo rektig at det er vanskeleg å vera lesbisk, homofil og bifil i ein del innvandrarmiljø, men eg syntest det var skummelt å gå på arrangement i LLH då eg var yngre i Stavanger sjølv, så eg trur ikkje me treng å leita langt for å finna både homofobi og usikre ungdommar i norske miljø. NOVA-rapporten i 1999 som fann at ein av fire unge homofile hadde forsøkt å ta sitt eige liv viser også det. Det er faktisk ikkje meir enn 35 år sidan det var forbudt å vera homofil mann i Noreg.

Her er opningsinnlegget mitt frå debatten:
RV var det første partiet som hadde rett til adopsjon for lesbiske og homofile i programmet vårt for over tjue år sidan. Den gongen var det ikkje så populært standpunkt som det er no, men me håpar jo sjølvsagt at det skal bli enno meir populært og få gjennomslag på Stortinget. Me er for felles ekteskapslov, at partnerbarn skal få også ikkje-biologisk forelder som juridisk forelder, for inseminasjon og alt anna fint. Eg synst dette er viktige saker, for det handlar om å ikkje vera annanrangs borgar.

Men for meg er det viktig å få eit samfunn som ikkje tener på å setta folk opp mot kvarandre. Akkurat no er det enklare å vera lesbisk og homofil, fordi ein blir sett på som gode forbrukerar. Men det er mange som framleis ikkje synst det er enkelt, fordi det blir lagt opp til at ein skal passa inn i ein hetero-mal med kjærast av motsett kjønn, og ungar. Og det er også mange homofile, lesbiske og bifile som synst det er vanskeleg å passa inn i malen ein får, anten det er hetero- eller homo-malen.

Eg meiner til dømes ein god velferdsstat er ein viktig homosak. I dag er det lagt opp til at ungane skal passa på deg når du blir gammal, og kommuneøkonomien blir strupt. Men viss du ikkje har fått ungar, anten fordi du ikkje får adoptera eller inseminera, eller fordi du faktisk ikkje har lyst på ungar? Eller kva viss du er ungen som skal passa på mor eller far din, men dei har mislikt legninga di og nekta å snakka med deg?

At dei som møter deg respekterer deg er også viktig. At helsepersonell ikkje seier at det kjem til å gå over når ein seier at ein er homofil, at dei ikkje snakkar om barnefar når ein klårt uttrykker at ein er lesbiske og i eit partnarskap osv. Her hadde skulemateriell vore viktig, frå barneskule og opp til høgare utdanning. Det å læra ungane at me er forskjellige, og at me vel å leva på ulike måtar, anten det er saman med nokon av motsett kjønn, same kjønn eller åleine. Diverre er haldningar noko av det som tar lengst tid å endra, og noko ein må jobba mykje med og setta av pengar og ressursar til i samarbeid med dei som kjenner situasjonen på kroppen sjølv.

h1

Kinsey - too darn hot

Wednesday, 24 January 2007

Her om dagen såg eg filmen Kinsey som handlar om ein av pionerane innanfor forskning på seksualiteten til menneska, Alfred Kinsey (1894-1956). Filmen var ok, men fokuserte mest på livet hans og personlegheiten hans. Det er forsåvidt greit, men forskarar flest er jo sære og vanskelege å leva med, og forskninga hans var jo uansett banebrytande sjølv om ein ikkje likar han. Eg synst han virka triveleg, men han hadde ei litt uheldig samanblanding av liv og forskning i følgje filmen i alle fall.

Filmen gav ei truverdig forklaring på kvifor Kinsey starta forskninga si på menneskeleg seksualitet, og eit skremmande bilete av korleis samfunnet såg på seksualitet på begynnelsen av forrige århundret. Kinsey var biolog, og forska på galleveps, men blei spurt om råd frå studentar om andre ting. I samtalar med studentar skjønte Kinsey at studentane hadde utruleg mange fordommar og spørsmål, og at svara på kva som var normalt berre blei ”Eg veit ikkje” fordi det ikkje fanst forskning på det. I filmen var det spørsmål og påstandar som:
- kan kvinna bli steril viss ho får orgasme av munnsex ?
- mastrubasjon kan føra til diverse sjukdommar
- stimulering med fingre eller munn kan føra til sjukdommar/er umoralsk

Kinsey starta i filmen kurs for nye ektepar, sånn at dei lærte meir om seksualitet og fekk avkrefta ein del av fordommane sine. Ugifte fekk sjølvsagt ikkje bli med på kursa. Han starta med spørreundersøkingar hos studentane, og fann ut at dei hadde ein heilt annan praksis i forhold til før- og uteomekteskapeleg sex, homoseksuelle erfaringar og mastrubasjon enn det samfunnet rekna med.

Rockefeller-stiftinga gav Kinsey-instituttet støtte til å spørra eit stort antal folk, som resulterte i rapportane Sexual Behavior in the Human Male (194 8) og Sexual Behavior in the Human Female (1953). Rapportane var viktige både i forhold til metode og i forhold til resultata. Spørsmålsstillinga har mykje å seie for resultatet. Kinsey opererte mellom anna med ein flytande skala mellom homoseksualitet og heteroseksualitet der 0 er utelukkande heteroseksuell og 6 er utelukkande homoseksuell på det tidspunktet informanten blir spurt. Han stilte også spørsmål som folk nok ikkje hadde svart på før, rundt dei tema eg har nemnt før.

Kinsey sin rapport er deskriptiv og legg ikkje nokon normer for kva som er ynskjeleg eller naturleg. Han seier berre at alle desse praksisane finst. Men resultata provoserte, og er framleis viktige, også i for seksualpolitikk i dag. Eg hugsar sjølv då eg oppdaga resultata som viser at dei fleste befinn seg på ein flytande skala mellom heteroseksuell og homoseksuell, i staden for at ein har to separate kategoriar. Dette provoserer både kristenfundamentalistar som meiner at rapporten oppfordrar til homoseksualitet, men også dei som meiner at homofili er noko heilt anna enn heterofili og at det ikkje finst fleire kategoriar/ikkje burde finnast kategoriar (j.f. queer-teori).

Ein bør vera forsiktig med å trekka konklusjonar om kva som er ”normalen” eller korleis ting ”bør” vera ut frå resultata frå Kinsey. Det å sei at homoseksualitet er like greitt som heteroseksualitet eller at mastrubasjon ikkje er skadeleg men heller ba er ikkje noko ein kan finna ut av statistikk, men noko ein kan ta stilling til. Difor er seksualpolitikk politikk om kva ein trur er bra for folk, og ikkje berre å telja kven som gjer kva.

Som ein liten kuriositet til slutt: Kinsey blei veldig omdiskutert då rapportane kom ut, og er mellom anna nevnt i ein song av Cole Porter: Too darn hot (194 8) .

h1

Homoseksualitet i dyreverda

Wednesday, 27 September 2006

Apollon har ein forskningsartikkel om at 1500 dyrearter praktiserer homsesex. Det var mange gode poeng i artikkelen, til dømes meiner forskaren Petter Bøckman at “Homoseksualitet er et sosialt fenomen og mest utbredt hos dyr med et komplekst flokkliv.” Eg synst det er eit godt argument for LLH, homoseksualitet er dimed eit bevis på at menneskja er ein avansert art. Bøckmann seier også at sex, og då også mellom dyr av same kjønn, er viktig hos mange dyreartar for å løysa konfliktar og hindra vald.

Artikkelen fortel også om utstillinga ”Mot naturens orden?” som skal visast frå midten av oktober og frem til neste sommar på Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Den gler eg meg til å sjå!

h1

Buffy og lesbisk synlegheit

Friday, 1 September 2006

Denne fann eg via ein Wikipedia-artikkel om Buffy (apropos prokrastinering). After Ellen er ei side som med slagordet “Because visibility matters” skriv om lesbisk og bifil synlegheit i underhalding og media. Dei har ein seksjon med artiklar om Buffy, men den kjekkaste er “How Buffy changed the World of Lesbians on Television” av Sarah Warn. Artikkelen er ein grundig analyse av korleis Buffy var den serien på amerikansk “network TV” som har eit lengst-varande lesbisk forhold og korleis det at det er fleire ulike lesbiske karakterar som er sympatiske men ikkje perfekte er noko radikalt nytt på amerikansk tv. Warn kritiserer også at Willow blir lesbisk og ikkje bifil, fordi ho tydeleg er tiltrukken av Oz då ho data han:  

It would have been more realistic and more groundbreaking if Willow had come out as bisexual (since that is never done on television), or at least had a discussion with Tara or Buffy about whether she was bisexual or a lesbian, instead of just pretending bisexuality didn’t even exist.

Men som Warn konkluderer, dette er ei mindre innvending sidan serien har vore den viktigaste for lesbisk synlegheit sidan Ellen kom ut i 1997 (ei hending eg hugsar svært godt).

h1

Arkiv: homokamp og seksualitet

Friday, 1 September 2006

Tenkte eg skulle laga ei oversikt over tidlegare publiserte artiklar. Her er dei eg har skrive om legning og seksualitet:
Ingrid Baltzersen: Revolusjonær sex (hefte 2002)
Ingrid Baltzersen: Kva om alle var normale? (RF 2, 2000)
Ingrid Baltzersen: Families we choose (bokomtale) (RF 4, 2000)
Ingrid Baltzersen: Legning i Sør (seksualitet i et internasjonalt perspektiv) (RF 1, 2001)
Ingrid Baltzersen: Rett til adopsjon for lesbiske og homofile (DM 070401)
Ingrid Baltzersen: Homopolitikk før Stonewallopprøret (RF 2, 2001)
Ingrid Baltzersen: Kvinnedagen er dagen for lesbisk kamp (DM 170402)
Ingrid Baltzersen: Ikkje bli kalla hore (R! 1, 2006)

h1

Queer Nation

Friday, 1 September 2006

Eg elskar wikipedia, for dei har artiklar om sånne ting som eg har lett etter på nettet før, utan å finna noko særleg. For eksempel er det ein fin Wikipedia-artikkel om Queer Nation. Queer Nation starta opp i 1990 for å jobba for lesbisk, homofil og bifil synlegheit. Manifestet deira ligg her.

Queer nation dreiv med kreative aksjonar og offensive slagord:
April 20, 1990 Queer Nation members show up en masse at Macy’s department store where Olympic gold medalist Greg Louganis is promoting a new swimsuit line. Queers arrive with WHEATIES cereal boxes with swimmer?s picture pasted on front, to recall the time the cereal maker rejected Louganis as a spokesperson, ostensibly because he is gay.
April 26, 1990 Responding to the 120% increase in violence against queers, Queer Nation climbs to the roof of Badlands, a Greenwich Village bar and hangs a 40-foot banner that reads: “Dykes and Fags Bash Back!”
April 28, 1990 A pipe bomb explodes in Uncle Charlie?s, a Greenwich Village gay bar, injuring three. In protest, Queer Nation mobilizes 1000 queers in a matter of hours. Angry marchers fill the streets, carrying the banner ?Dykes and Fags Bash Back.?
May 12, 1990 The inauguration of “Queer Shopping Network.” Members of Queer Nation travel from New York City to the Newport Mall in Jersey City with leaflets offering information about queers, safe sex tips, and a list of famous queers throughout history. The leaflets are titled “We’re here, we’re queer and we’d like to say hello!”

For oss som les Dykes to watch out for så er mange av aksjonsformane kjente, eg trur dei fleste aksjonane er teikna av Alison Bechdel, men sidan dei gamle stripene ikkje er lagt ut på nett må ein nesten låna bøkene av meg eller på ditt lokale bibliotek, eller kjøpa på Tronsmo.