
demokrati i Midtausten + motstand er rettferdig
Tuesday, 9 January 2007Eg har saman med Lars Akerhaug laga eit studiehefte for RV om demokrati i Midtuasten. Finn heile heftet her. Heftet handlar først og fremst om Egypt og Libanon, begge plassane har det skjedd mykje spanande dei siste åra. Viktige artiklar i heftet er:
- Demokrati i Midt-Austen? av Ingrid Baltzersen
- Med islamister for demokrati? av Lars Akerhaug
- Slutt på silkehanskene av Lars Akerhaug
- Islamistar på frammarsj (Intervju med Bjørn Olav Utvik) av Ingrid Baltzersen
- Hizballah og libanesisk politikk av Lars Akerhaug
- Hizballah og opprettelsen av en parallell stat av Kai Kverme
Ein annan ting, sidan eg har blitt leiar i AKP har eg begynt å skriva leiarteigen i avisa AKP.no. Sist skreiv eg om motstand, og konklusjonen min er: “Palestinarane har rett til å styra seg sjølv, og dei har rett til sitt eige land. Israel okkuperer landet til palestinarane. Den einaste måten å få slutt på okkupasjonen er gjennom motstand, både ikkje-valdeleg og militær. Motstand er rettferdig!” Les heile leiarteigen her.
Eg skreiv også artikkelen “nei til forskjellsbehandling” som fulgte opp saka om 21-årsgrense for ekteskap for innvandrarar, det er ikkje noko nytt der i forhold til andre ting eg har lagt ut om saka. Men resten av nummer 10 2006 er verdt å lesa, du finn heile her.