Archive for the 'palestina' Category

h1

gatekunstnarar pyntar muren i Palestina

Friday, 7 December 2007

Santa’s Ghetto er eit kunstprosjekt i opposisjon til jula, eller som dei seier det sjølv: “Santa’s Ghetto is probably the worlds’ most low-consept art event. Every year we assemlble a loose collection of the grat unwashed to hawk their artistix wares on the high street amongst the mindless sham and drudgery of the christmas season. This year we’ve moved out of Oxford Street into a former chicken shop on Manger Square in Bethlehem opposite the Church of the Nativity (where Santa Claus was actually born).” Bileta er veldig kule, anbefaler å sjekka dei ut! Sida fungerer som ein slags jolekalender, så berre å gå inn kvar dag og sjekka om det har kome noko nytt.

sam3_camel banksy

Gatekunst på muren i Palestina er noko fleire har drive med, til dømes Banksy, som også er med i Santa’s Ghetto Betlehem 2007. Det mest kjente av Banksy-bileta frå palestina er vel ballongjenta som er ein av dei få på Vestbreidda som har moglegheit til å reisa ut.

banksy

h1

Reis til Gaza Støre!

Tuesday, 14 August 2007

Er Palestina relevant for kommunevalet i Noreg? Det synst eg.

RV har tidlegare (bystyret 03.05.06) foreslått at Oslo kommune skal ta initiativ til forbrukarboikott av Israel, og at Oslo kommune sjølv skal unngå å kjøpa israelske varer. Dette forslaget gjekk diverre ikkje gjennom.

Og når regjeringa som vanleg lar det som er praktisk og som USA likar gå foran det som er rektig, så må eg jo senda eit lesarbrev (på trykk i Klassekampen i dag):

—–
Usjøvlstendig Støre

Vitjinga til Støre i Midtausten syner at den norske regjeringa ikkje er i stand til å fylgje ein annan utanrikspolitikk enn USA. Så lenge han stør opp om isolasjonen av Hamas-regjeringa i Gaza, bidrar han berre til å halda konfliktnivået oppe, ikkje ei løysing.

Utanriksministeren har nyleg vore i Midtausten der han har møtt israelske leiarar og representantar frå regjeringa til Salim Fayyad, som vart sett inn etter at president Mahomoud Abbas avsette den lovlig valde Hamas-regjeringa og i røynda oppløyste autoriteten til det palestinske parlamentet (PLC).

Når Støre reiser til midtausten utan å møta den regjeringa som innbyggarane i dei palestinske områda valde i 2006 i eit av dei mest demokratiske vala regionen har vore vitne til, gjer han vondt verre.

Sjølv om Støre til og med sjølv innser at Hamas må takast med i forhandlingar, lar han vera å reisa inn til Gaza, av frykt for reaksjonane frå Israel og USA.

Utanriksministeren kjem til området etter at amerikanarane har proppa Israel og USA-venlege statar fulle av våpen og ammunisjon. Samtidig gjer USA og vestlege land alt dei kan for å isolera den lovleg valde sjølvstyreregjeringa i Gaza. Ikkje berre Hamas, men heile befolkninga langs den lille kyststripa må betala prisen. Vitjinga til Støre er berre nok eit bidrag til å styrke den amerikanske støtta til Israel.

Skal den norske regjeringa spela ein positiv rolle i området, må ho byrja med å leggja press på Israel. Ved å ofra regjeringa og folket i Gaza for å tekkast amerikanske og israelske interesser, syner Støre at han i røynda ikkje ynskjer fred i midtausten.

h1

Kampanje mot muslimhets

Friday, 3 August 2007

Eg har ein artikkel i neste Palestina Solidaritet, medlemsbladet til Palestinakomiteen.

Du finn heile bladet her.

——-

Kampanje mot muslimhets

Eg representerte Palestinakomiteen på Kairokonferansen saman med Hege Ramson. Kairokonferansen er ein årleg konferanse mot sionisme og amerikansk krigføring som starta i 2002. På kairokonferansen er det både store fellesmøter og små seminar, eit av dei seminara eg var på handla om erfaringane frå arbeidet mot rasisme retta mot muslimar i Kanada.

Den kanadiske studentføderasjonen starta på landsmøtet i Ontario 2006 ei prosjektgruppe for å undersøka behova til muslimske studentar på universitet og høgskular i Ontario. Bakgrunnen var både manglande bønnerom og andre praktiske problem for muslimar, men også at muslimar hadde møtt vald og hat.

Prosjektgruppa reiste rundt på universitet og høgskular for å høyra erfaringane til muslimske studentar. Dei opplevde at etter 11. september var det blitt ei vanskelegare atmosfære for muslimske studentar. Dei fekk rapportar om rasistiske kommentarar, som at folk blir kalla talibanar eller får beskjed om å dra til sitt eige land og bomba det. Ein kvinneleg professor fekk spraya ned døra si med «Suck Bin Ladens dick raghead lover». Den arabiske og muslimske studentassosiasjonen motttok dødstruslar. Prosjektgruppa fekk også høyra om rasistisk «profilering», til dømes fortalte ein student at tryggleiksvaktene hadde fått beskjed om å rapportera navna på «muslimsk utsjåande» personar som gjekk nær ein atomreaktor på universitetsområdet til den kanadiske etteretningstenesten.

Rapporten til prosjektgruppa konkluderer med at det meste muslimane opplevde var ikkje så alvorleg i seg sjølv, men det var mengden som gjorde at miljøet blei forgifta. Men Kanada har også hatt meir alvorlege åtak på muslimar. I 2002 blei ein kanadisk statsborgar av Syrisk opphav, Maher Arar, fengsla av amerikanske styresmakter då han mellomlanda i New York og sendt til Syria der han blei haldt fanga i 10 månadar. Arrar blei oppbevart i ei kisteliknande celle og torturert, men han blei lauslatt utan å ha blitt sikta for noko, og ein rapport som kom seinare konkluderte med at han var ein uskyldig dataprogrammerer, men på grunn av fabrikkasjon av bevis og inkompetanse hos det kanadiske politiet så hadde han blitt stempla som terrorist. Det er fleire saker med kanadiske statsborgarar som er fengsla i Syria på grunn av feilinformasjon frå kanadisk etteretning.

Innleiarane frå kanada sette den auka rasismen mot muslimar i samanheng med kanadisk deltaking i krigen mot Afghanistan. Ein krigsideologi fører til hat mot innvandrarar som kan identifiserast med «fienden», altså muslimane. Palestinakomiteen deltar i antikrigsinitiativ som Fredsinitiatviet, fordi me ser ein samanheng mellom åtaka på Irak og Afghanistan og situasjonen for palestinarane. Palestinakomiteen har lang erfaring i å bekjempa muslim-hets. Sionismen baserer seg på rasisme mot palestinarar, for det er det som har gitt sionistane «retten» til å ta landet deira. Det å kalla palestinarane for muslimske terroristar har vore ein måte å legitimera overgrepa frå staten Israel. I Noreg ser me no ein generell auka rasisme mot muslimar, og eg håpar me kan bruka erfaringane frå Kanada til å bekjempa dette. Arbeid mot rasisme retta mot muslimar kjem til å bli viktig i palestinaarbeidet framover.

Islamofobia Watch – Documenting the War against Islam
Rapporten til prosjektgruppa
Heimesida til prosjektgruppa

h1

demokrati i Midtausten + motstand er rettferdig

Tuesday, 9 January 2007

Eg har saman med Lars Akerhaug laga eit studiehefte for RV om demokrati i Midtuasten. Finn heile heftet her. Heftet handlar først og fremst om Egypt og Libanon, begge plassane har det skjedd mykje spanande dei siste åra. Viktige artiklar i heftet er:

- Demokrati i Midt-Austen? av Ingrid Baltzersen
- Med islamister for demokrati? av Lars Akerhaug
- Slutt på silkehanskene av Lars Akerhaug
- Islamistar på frammarsj (Intervju med Bjørn Olav Utvik) av Ingrid Baltzersen
- Hizballah og libanesisk politikk av Lars Akerhaug
- Hizballah og opprettelsen av en parallell stat av Kai Kverme

Ein annan ting, sidan eg har blitt leiar i AKP har eg begynt å skriva leiarteigen i avisa AKP.no. Sist skreiv eg om motstand, og konklusjonen min er: “Palestinarane har rett til å styra seg sjølv, og dei har rett til sitt eige land. Israel okkuperer landet til palestinarane. Den einaste måten å få slutt på okkupasjonen er gjennom motstand, både ikkje-valdeleg og militær. Motstand er rettferdig!” Les heile leiarteigen her.

Eg skreiv også artikkelen “nei til forskjellsbehandling” som fulgte opp saka om 21-årsgrense for ekteskap for innvandrarar, det er ikkje noko nytt der i forhold til andre ting eg har lagt ut om saka. Men resten av nummer 10 2006 er verdt å lesa, du finn heile her.

h1

sionist-spam

Monday, 11 September 2006

Eg og mange eg kjenner har motteke ein dårleg vits om palestinarar frå ein anonym sendar. Det er jo på ein måte søppel-e-post, og etter å ha leita rundt på Telenor sine sider og fylt ut diverse skjema fann eg ut kor ein skal klaga på sånne ting: Telenor Abuse Response Team.

Telenor Abuse Response Team svarte raskt, og dei forklarte meg korleis eg får vist brevhovudet på meldinga sånn at dei får spora ho (viss du brukar Outlook 2000 finn du det her, viss du brukar Outlook Express finn du det her, viss du brukar Yahoo må du vera i meldinga du skal klaga på, nederst på sida står det “Hele brevhodet” eller “Full header”).

Etter at eg hadde sendt dei heile meldinga med brevhovud fekk eg svar at den som sendte meldinga var kunde i Canal Digital som brukar Telenor sine liner, og at personen nok kom til å bli kontakta i løpet av ein dag eller to.

Så eg håpar at eg slepp å få sionist-søppel i postkassa mi i framtida, og at dei stenger internettet til han/ho som sendte meg e-posten :-)

h1

Arkiv: Palestina

Friday, 1 September 2006

Dette er artiklane eg har skrive om Palestina:

Ingrid Baltzersen: Palestina etter bombinga av Afghanistan (RF 4, 2001)
Ingrid Baltzersen: Israel Shamir: Blomar frå Galilea (RF 4, 2002)
Ingrid Baltzersen: Vegkart for fred eller ny katastrofe? (DM 110503)
Ingrid Baltzersen: Palestina: Vegkart til fred eller highway to hell? (akp.no 6, 2003)
Ingrid Baltzersen (intervju): Stopp møta med Sharon, Jan Petersen! (akp.no 8, 2003)
Ingrid Baltzersen (intervju): Nekta innreise (akp.no 10, 2003)
Ingrid Baltzersen: Viss Sverige bomba Noreg 16. mai … (akp.no 10, 2003)
Ingrid Baltzersen og Arnljot Ask: Støtt palestinerne! (akp.no 3, 2004)
Ingrid Baltzersen: Sionismen i Israel i dag (RF 2, 2004)
Ingrid Baltzersen (intervju): - Ingen fred uten frihet! (akp.no 6, 2004)
Ingrid Baltzersen: Kvifor bur det to folk på same landområde? (RF 3, 2004)
Ingrid Baltzersen: Ein eller to statar i Palestina? (RF 3, 2004)
Ingrid Baltzersen (intervju): Er det håp i Palestina? (akp.no 10, 2004)
Ingrid Baltzersen: Boikott varer fra Israel! (akp.no 1, 2006)

h1

Motargument: Hamas-charteret

Friday, 1 September 2006

Eg sendte dette lesarinnlegget til Argument, eit nytt studentdrivetidsskrift på Universitetet i Oslo. Dei trykte Hamas-charteret, og eg argumenterer for kvifor det ikkje er nyttig å bruka Hamas-charteretnår ein skal finna ut av politikken til Hamas.

Motargument: Hamas-charteret – å velja den enkle løysinga

Argument er eit spanande prosjekt, og redaksjonen skriv i den første leiarteigen at dei skal bruka det beste av det tabloide, “kjøre sine egne saker og skape sine egne aktualiteter”. Det er eit prisverdig program, og difor synst eg det er synd at Argument veljar den enkle løysinga og følgjer opp alle andre media med å dømma Hamas ut frå det såkalla Hamas-charteret frå 1988. Ei mykje viktigare oppgåve hadde vore å finna ut kva Hamas står for i dag, noko ein til dømes kunne ha gjort ved å oversetta og trykka valprogrammet til Palestine Legislative Council-valet i januar i år, programmet “Reform og endring”, eller å trykka programmet for den nye regjeringa, som finst på engelsk her.

Hamas vann ein overveldande siger i valet, delvis på grunn av eit spesielt valsystem, men mykje på grunn av kandidatane og politikken til Hamas. Representantane dei har hatt på lokalnivå har vist at dei er rederlege, idealistiske og ukorrupte, i motsetnad til mange av Fatah-representantane. Hamas har også politisk representert ei fortsetting av motstanden mot Israel, mens Fatah blir identifisert med dei manglande resultata av Oslo-avtalen.

I dag har Hamas har gått frå å vera prinsipielt mot Oslo-avtalen og boikotta vala til PLC, til å delta i Palestine-Authority-institusjonane som faktisk er eit resultat av Oslo-avtalen. Det er mange ulike oppfatningar i Hamas, både når det gjeld Oslo-avtalen, metodar for motstandskamp, og nok også Charteret. Men regjeringa som sit no er såpass pragmatiske at dei har delteke i den demokratiske prosessen, og dei har signert fangedokumentet som legg vekt på fortsetting av motstandskampen, men denne blir konkretisert som frigjering av Vestbreidda, Gaza og Jerusalem, og dokumentet understrekar at PA er kjerna i ein framtidig stat. Programmet for regjeringa går i same retning: ” 4- Resistance in its various forms is a legitimate right of the Palestinian people to end the occupation and regain the Palestinian people national rights 5- To cooperate with the international community towards ending the occupation and settlements and towards the comprehensive withdrawal from the territories occupied in 1967 including Jerusalem so that the region can enjoy calm and stability at this stage.”, i tillegg til å nemna mange andre programærklæringar, til dømes at regjeringa skal jobba for å betra rettstryggleik og pressefridom.

Palestinakomiteen i Oslo inviterte Yahya al-Abadsa, PLC-medlem for Hamas, til Noreg i juni i år. Det gjorde me fordi Hamas er den største fraksjonen i PLC, dei er i regjering, og representerer dermed folket på Vestbreidda og Gaza. Me inviterte han også fordi me ynskja å bryta den politiske isolasjonen som dei palestinske myndigheitene har opplevd etter at palestinarane blei straffa for valet dei gjorde. Regjeringsmedlemmer og parlamentarikarar frå Hamas blir kidnappa av Israel utan at vesten reagerer. I møte med utanrikskomiteen i Stortinget uttala al-Abadsa at Charteret var mest som skjønnlitteratur frå den første intifadaen å rekna, og ikkje noko som blei bruka i dag. Dette blei også referert til media av komitéleiar Olav Akselsen (DNA).

Det hadde sjølvsagt tent Hamas å ha dei nye dokumenta lett tilgjengeleg på internett på engelsk, sånn at ikkje Charteret er så raskt å ty til. Men det unnskylder ikkje Argument for å velja den enkle løysinga.