
Bibliotek
Friday, 24 November 2006Bibliotek er ein fin ting. Det er eit av frampeika til kommunismen. Når eg blir gammal og pensjonsreformen har ført til at eg knapt har pensjon håpar eg at det framleis finst offentlege bibiliotek, sånn at eg har gratis underhaldning.
Deichmanske bibliotek har nettside som gjer at ein kan sjekke heime om dei har dei bøkene ein vil lesa. I systemet MappaMi kan ein setta opp interesseområde slik at ein får e-postvarsel når det er kome nye bøker i felt ein er interessert i. Og dei låner også ut DVDar. Det betyr at ein kan låna DVDar gratis, til dømes har eg lånt serien Firefly som ikkje er å få tak i på videosjapper og hadde vore dyr å kjøpa.
Elvis Bling Laden har lagt ut ei oversikt over bøker du bør ha lest, eller ihvertfall ha i bokhylla!. Her er det mange gode forslag på bøker ein bør lesa, og biblioteket har faktisk ganske mange av dei, Deichmanske har ein ganske god samling av Science Fiction. For eit par år sidan skreiv eg ein artikkel i Røde Fane der eg anbefalte ein del bøker om draumesamfunn. Lista overlappar nok med lista til Elvis, og mange av dei bøkene finst også på biblioteket. Ein treng ikkje å ha alt i bokhylla, så lenge kommunen tar ansvar for å ha det i bokhylla si!