h1

Intervju i na24 + intervju i morgon og nettmøte tysdag i Stavanger Aftenblad

Sunday, 22 October 2006

Eg har blitt intervjua i næringslivsportalen på nett NA24.no. Det er nokre småfeil i intervjuet, mellom anna medlemstal i RV (og AKP…) men ellers fint. Og fine bilete av meg, det er jo alltid kjekt :-)

- Legg ned Oslo Børs Nyvalgt AKP-leder Ingrid Baltzersen vil legge ned Oslo Børs. - Penger skal ikke forvaltes på et kasino, sier hun. Les resten av intervjuet her.

I morgon kjem det eit intervju i Stavanger Aftenblad med meg og Mímir Kristjánsson, leiar i RU. Vinklinga er at mange leiarar av radikale organisasjonar kjem frå Stavanger, med dømene Aslak Sira Myhre (tidlegare leiar i RV), og Ingve Iversen (tidlegare leiar i NKP). Intervjuet gav oss ein fin muligheit til å snakka om nytt parti, om regjeringa, og om Stavanger. Stavanger Aftenblad skal også laga nettmøte med meg på tysdag klokka tolv. Fint om folk skriv inn spørsmål på sida til Aftenbladet anten på forhånd eller under nettmøtet!

h1

Allmøte om kvinnekonferanse!

Tuesday, 17 October 2006

Me lagar kvinnekonferanse. Alle flotte, kule, tøffe eller sure kvinner, jenter osv må bli med å laga konferansa! Og i alle fall bli med på konferanse!

Her er ei annonse om allmøte for konferansa:

Ope allmøte i samband med RV, AKP og RUs kvinnekonferanse 1.-3. desember

Tema: Aldergrense for ekteskap over landegrenser - hjelp til utsette kvinner eller forsøk på å hindra innvandring?
Innleiing ved Ingrid Baltzersen
Ordskifte

Info om og arbeid med kvinnekonferansen

Er du interessert i diskusjonen om aldersgrense på ekteskap? Du er velkomen
Er du interessert i kvinnekonferanse? Du er velkomen
Er du berre litt nyfiken? Du er velkomen

Tid: Onsdag 25. oktober klokka 1800
Stad: Fokus i Storgata 11

h1

Landsmøtet til AKP i pressa

Tuesday, 17 October 2006

Etter landsmøtet har me vore ein del i pressa.

Me sendte pressemelding sundag kveld, og rett etter ringte Stavanger Aftenblad, som laga saka Stavangerkvinne ny AKP-leder. Blei også oppringt av ANB, som laga saka Vil slå sammen AKP og RV, trykt mellom anna i Dagsavisen, i TA, i Firda, i Bergensavisen og i Telemarksavisa. NTB laga også ei sak ut frå pressemeldinga vår, AKP vil lage nytt parti og velger ny leder som blei bruka mellom anna i VG, i Adresseavisen, i Bergens Tidende, i Troms Folkeblad, og i Fædrelandsvennen. Nettavisa bruka også pressemeldinga og laga ei sak dei kalla AKP + RV = sant. Sandefjords Blad laga også ei sak: Fikk plass i AKP-styret, om dei nye sentralstyremedlemmane frå Vestfold, Ole Marcus Mærøe og Ida Myhre.

I går blei eg intervjua av VG nett, som laga saka: AKP og RV slår seg sammen: - RV går bakover i tid. Tittelen kjem av at dei har snakka med Audun Lysbakken i SV som synst RV er lite konstruktive for tida fordi dei kritiserer regjeringa… Eg blei også intervjua av Klassekampen, som trykte det i dag, men artikkelen ligg ikkje på nett.

I dag har eg vore i Osenbanden på NRK P3. Viss du ynskjer å høyra det så går du på http://www.nrk.no/programmer/sider/osenbanden/, ser på høgre side på skjermen der står det nettradio, sendinga du skal trykka på er 17.10.06 kl. 17.07 , og det går an å spola litt sånn at ein kjem til ca 17.30.

Det kjem nok meir etter kvart!

h1

Eg har blitt leiar i AKP!

Sunday, 15 October 2006

Me valde ei ny leiing som eg gler meg til å samarbeida med, og mange gode vedtak, mellom anna det om nytt parti som er i pressemeldinga under.

Sjå www.akp.no for meir info.

Stavanger Aftenblad ringte meg i kveld ti minutt etter at pressemeldinga blei sendt ut. Her er artikkelen dei skreiv.

———————————————————————

Pressemeldinga me har sendt ut om landsmøtet:

Landsmøtet til Arbeidernes Kommunistparti velger ny ung leder og vil lage nytt parti!

AKPs 14. ordinære landsmøte ble avholdt i helga (13.-15. oktober). Ingrid Baltzersen, 26 år, er partiets nye leder, Kenneth Fuglemsmo, 23 år, er partiets nye nestleder. Jorun Gulbrandsen gikk av som leder etter nesten 10 år.

Ingrid Baltzersen har vært partiets nestleder fram til landsmøtet. Hun tar en mastergrad i midtøstenstudier, og har vært leder for Palestinakomiteen i Oslo. Hun kommer opprinnelig fra Stavanger. Kenneth Fuglemsmo er leder for LOs ungdomsutvalg i Trondheim og jobber som maler og byggtapetserer.

For et nytt revolusjonært parti!
Landsmøtet i AKP hilser velkommen initiativet fra Rød Valgallianse for å samle alle revolusjonære i Norge i et parti. Det er den politiske situasjonen som krever et slikt parti. Noen må med tyngde reise kampen når regjeringen fører Norge inn i en angrepskrig, fortsetter angrepene på pensjon og sykehus, fortsetter Erna Solbergs harde linje overfor asylsøkere og mister all miljøtroverdighet. Prosessen til nå viser at samlingen er fullt mulig, det er mer som samler enn det som skiller. Vi håper alle våre likesinnede nå kjenner sin besøkelsestid og melder seg på i prosessen for å danne et nytt, større og spennende alternativ som kan organisere motstanden. Vi for vår del vil gjøre alt vi kan for at prosjektet lykkes.

Landsmøtet vedtok også blant annet uttalelser mot regjeringas angrep på velferdsstaten og mot norsk deltakelse i USAs kriger i Irak og Afghanistan.

Kontakt:
Ingrid Baltzersen: 98 87 65 78

h1

Bloggedamer, samein dykk!

Thursday, 5 October 2006

Litt sein reklame her, men betre seint enn aldri… Som Tiram skriv i posten Damer, damer, damer! så vert det bloggedametreff i morgon (fredag 6. oktober) kl. 20.00 på Dattera til Hagen. Eg likar jo både damer og øl, så satsar på at det blir kjekt! Og damer som ikkje er påmeldt enno får sei fra til Tiram.

h1

Innvandringsstopp gjennom heva aldersgrense for ekteskap

Thursday, 5 October 2006

Eg har skrive eit svar til Bjørgulv Braanen, som på leiarplass i Klassekampen 3. oktober svara på mellom anna mitt lesarinnlegg. Svaret mitt skal komma på trykk mandag 9. oktober.

Bjørgulv Braanen argumenterer på leiarplass 3. oktober mot at eg kalla aldersgrense for henteekteskap for særlov for innvandrarar. Braanen fortset med å sei at ei slik aldersgrense vil gjelda alle som vil henta ein ektefelle, anten det er frå USA, Australia og Russland, eller det er frå Pakistan og Somalia. Det er for så vidt sant, men amerikanske og australske statsborgerar har visumfritak til Noreg, noko som gjer at dei kan vitja kjærasten/ektefellen i Noreg fram til ein er over aldersgrensa. I tillegg vil jo ikkje borgarar frå EU/EØS vera ramma av lova. Det er altså ei lov som vil gjera det vanskelegare for par der den eine kjem frå eit land me ikkje har visumfritak frå, det vil seie ikkje-vestlege land.

Det bringer meg over på eit anna viktig moment. Innvandringslovane i Noreg gjer at folk blir tvungne til å gifta seg, fordi ein ikkje kan få visum til kjærasten/truloveden sin på ein annan måte. Det gjeld alle som finn seg ein utanlandsk kjærast, anten ein har aner frå Hallingdal eller frå Punjab. Innvandringslovane fører difor til “tvangsekteskap” fordi ein ikkje får prøvd å vera kjærast eller sambuar før ein går til det skritt å gifta seg.

Resultata frå Danmark viser at ein får færre henteekteskap, men det viser ikkje kva som skjer med dei ungdommane som er i fare for å bli utsett for tvangsekteskap. Så då må ein jo stilla seg spørsmålet om målet er å hindra innvandring eller å hjelpa desse ungdommane?

h1

Homoseksualitet i dyreverda

Wednesday, 27 September 2006

Apollon har ein forskningsartikkel om at 1500 dyrearter praktiserer homsesex. Det var mange gode poeng i artikkelen, til dømes meiner forskaren Petter Bøckman at “Homoseksualitet er et sosialt fenomen og mest utbredt hos dyr med et komplekst flokkliv.” Eg synst det er eit godt argument for LLH, homoseksualitet er dimed eit bevis på at menneskja er ein avansert art. Bøckmann seier også at sex, og då også mellom dyr av same kjønn, er viktig hos mange dyreartar for å løysa konfliktar og hindra vald.

Artikkelen fortel også om utstillinga ”Mot naturens orden?” som skal visast frå midten av oktober og frem til neste sommar på Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Den gler eg meg til å sjå!

h1

Særlovar for innvandrarar

Monday, 25 September 2006

Eg har skrive eit lesarinnlegg som eg har sendt til Klassekampen. Kva synst andre om denne debatten?

Bjørgulv Braanen startar ein viktig debatt om tiltak mot tvangsekteskap (KK 19.09). Det er synd at han konkluderer med støtte til særlovar for innvandrarar.

Begge lovane som er diskutert, både aldersgrense for inngåing av ekteskap med ved familieetablering i Noreg og krav om at ekteparet må bu i det landet dei samla har mest tilknyting til, kjem til å hindra innvandring til Noreg, men er det det som er målet? Erfaringane frå Danmark som blir referert i KK laurdag 23. september er viktige å høyra på. Krisesentersekretariatet der har oppsummert at lovendringane hindrar innvandring, men dei hjelper ikkje dei jentene som blir utsett for tvangsekteskap, familiane finn berre andre måtar å gjera dette på.

Det er viktig å kjempa mot tvangsekteskap. Men løysinga er ikkje lovar som i praksis vil bli særlovar for innvandrarar. Eg trur heller løysinga ligg i opplysining og dialog, som både Akthar Chaudry og Rita Kumar tar til orde for (KK20.09 og KK 23.09). Sjølvsagt må ein også bruka lovverket og domstolane for å straffa dei som kidnappar ungane sine eller tvingar dei til til å inngå ekteskap dei ikkje ynskjer. Men som i alle vanskelege saker finst det ikkje nokon enkel og rask løysing, og forebygging gjennom opplysning og dialog i samarbeid med dei det gjeld er det som hjelper mest.

h1

bilete

Saturday, 23 September 2006
    pc230115-kutta.JPG
    pc230131-kutta.JPG
    pc230114-kutta.JPG
    Åsne og eg tok nokre bilete i romjula på Varmen i Østre Bydel i Stavanger. Her er ein smakebit. Litt rivings-/industriromantisk, men det er jo eg og Åsne også.
h1

sionist-spam

Monday, 11 September 2006

Eg og mange eg kjenner har motteke ein dårleg vits om palestinarar frå ein anonym sendar. Det er jo på ein måte søppel-e-post, og etter å ha leita rundt på Telenor sine sider og fylt ut diverse skjema fann eg ut kor ein skal klaga på sånne ting: Telenor Abuse Response Team.

Telenor Abuse Response Team svarte raskt, og dei forklarte meg korleis eg får vist brevhovudet på meldinga sånn at dei får spora ho (viss du brukar Outlook 2000 finn du det her, viss du brukar Outlook Express finn du det her, viss du brukar Yahoo må du vera i meldinga du skal klaga på, nederst på sida står det “Hele brevhodet” eller “Full header”).

Etter at eg hadde sendt dei heile meldinga med brevhovud fekk eg svar at den som sendte meldinga var kunde i Canal Digital som brukar Telenor sine liner, og at personen nok kom til å bli kontakta i løpet av ein dag eller to.

Så eg håpar at eg slepp å få sionist-søppel i postkassa mi i framtida, og at dei stenger internettet til han/ho som sendte meg e-posten :-)