Archive for september 2006

h1

Homoseksualitet i dyreverda

Onsdag, 27 september 2006

Apollon har ein forskningsartikkel om at 1500 dyrearter praktiserer homsesex. Det var mange gode poeng i artikkelen, til dømes meiner forskaren Petter Bøckman at “Homoseksualitet er et sosialt fenomen og mest utbredt hos dyr med et komplekst flokkliv.” Eg synst det er eit godt argument for LLH, homoseksualitet er dimed eit bevis på at menneskja er ein avansert art. Bøckmann seier også at sex, og då også mellom dyr av same kjønn, er viktig hos mange dyreartar for å løysa konfliktar og hindra vald.

Artikkelen fortel også om utstillinga ”Mot naturens orden?” som skal visast frå midten av oktober og frem til neste sommar på Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Den gler eg meg til å sjå!

h1

Særlovar for innvandrarar

Måndag, 25 september 2006

Eg har skrive eit lesarinnlegg som eg har sendt til Klassekampen. Kva synst andre om denne debatten?

Bjørgulv Braanen startar ein viktig debatt om tiltak mot tvangsekteskap (KK 19.09). Det er synd at han konkluderer med støtte til særlovar for innvandrarar.

Begge lovane som er diskutert, både aldersgrense for inngåing av ekteskap med ved familieetablering i Noreg og krav om at ekteparet må bu i det landet dei samla har mest tilknyting til, kjem til å hindra innvandring til Noreg, men er det det som er målet? Erfaringane frå Danmark som blir referert i KK laurdag 23. september er viktige å høyra på. Krisesentersekretariatet der har oppsummert at lovendringane hindrar innvandring, men dei hjelper ikkje dei jentene som blir utsett for tvangsekteskap, familiane finn berre andre måtar å gjera dette på.

Det er viktig å kjempa mot tvangsekteskap. Men løysinga er ikkje lovar som i praksis vil bli særlovar for innvandrarar. Eg trur heller løysinga ligg i opplysining og dialog, som både Akthar Chaudry og Rita Kumar tar til orde for (KK20.09 og KK 23.09). Sjølvsagt må ein også bruka lovverket og domstolane for å straffa dei som kidnappar ungane sine eller tvingar dei til til å inngå ekteskap dei ikkje ynskjer. Men som i alle vanskelege saker finst det ikkje nokon enkel og rask løysing, og forebygging gjennom opplysning og dialog i samarbeid med dei det gjeld er det som hjelper mest.

h1

bilete

Laurdag, 23 september 2006
    pc230115-kutta.JPG
    pc230131-kutta.JPG
    pc230114-kutta.JPG
    Åsne og eg tok nokre bilete i romjula på Varmen i Østre Bydel i Stavanger. Her er ein smakebit. Litt rivings-/industriromantisk, men det er jo eg og Åsne også.
h1

sionist-spam

Måndag, 11 september 2006

Eg og mange eg kjenner har motteke ein dårleg vits om palestinarar frå ein anonym sendar. Det er jo på ein måte søppel-e-post, og etter å ha leita rundt på Telenor sine sider og fylt ut diverse skjema fann eg ut kor ein skal klaga på sånne ting: Telenor Abuse Response Team.

Telenor Abuse Response Team svarte raskt, og dei forklarte meg korleis eg får vist brevhovudet på meldinga sånn at dei får spora ho (viss du brukar Outlook 2000 finn du det her, viss du brukar Outlook Express finn du det her, viss du brukar Yahoo må du vera i meldinga du skal klaga på, nederst på sida står det «Hele brevhodet» eller «Full header»).

Etter at eg hadde sendt dei heile meldinga med brevhovud fekk eg svar at den som sendte meldinga var kunde i Canal Digital som brukar Telenor sine liner, og at personen nok kom til å bli kontakta i løpet av ein dag eller to.

Så eg håpar at eg slepp å få sionist-søppel i postkassa mi i framtida, og at dei stenger internettet til han/ho som sendte meg e-posten 🙂

h1

Regimet i Egypt flykter fra reformer

Måndag, 11 september 2006

Eg og Lars Akerhaug skreiv for ei stund sidan ein kronikk om Egypt. Han blei trykt i avisa Klassekampen 22. august 2006.

Ingressen:
De siste månedene har politiske aktivister og demokratiforkjempere i Egypt vært vitne til en stat som med brutale virkemidler har slått ned på politisk opposisjon. Ikke bare politiske aktivister blir rammet, men også høyesterettsdommere som kjemper for et uavhengig rettsapparat. Mange egyptiske intellektuelle mener angrepene forteller om et regime med problemer, som må bruke ekstreme virkemidler for å opprettholde det politiske status quo. Samtidig lar protestene fra vestlige land vente på seg, mot at regimet bruker vold for å slå ned på politiske motstandere.

Du kan lesa resten av kronikken på Campo Antiimerialista.

h1

Med Helga til Haifa av Greta Molander

Torsdag, 7 september 2006

I fjor sommar fann mamma ei bok på antikvariatet i Skien som heitte «Med Helga til Haifa». Boka var skriven av Greta Molander (1908-2002), ei svensk dame som var rallykjørar. Boka er ei fantastisk reiseskildring i skjæringspunktet mellom «Ina»-bøkene sin fornuftige stemme og meir råbarka «on the road»-litteratur.

Greta Molander vann Sveriges Rikspokaltävling samanlagt i 1933, og drog difor med ein bil og ei venninne, Helga Åhrberg, til rallyet i Monte Carlo året etter. Og her startar «Med Helga til Haifa» for dei to jentene fann ut at dei skulle dra landevegen til Haifa i Palestina. Det betydde å kjøra via Frankrike, Spania, ta båten til Marokko og kjøra over Algerie, Tunis, Libya og Egypt, kryssa Suez, og kjøra over Sinai. Delar av Nord-Afrika var okkupert av italienarane, og dei låg i konstant krig med beduinane. Store delar av ruta var det ikkje veg, men jentene kjørte på med pågangsmot, og lappa botnkassa med tyggis når dei gjekk på ein smell. Boka er full av nestenulykker, som når dei nesten kjører av vegen i Marokko men blir stoppa av ein kaktus. Eller når dei blir sittande fast i ørkenen i Sinai. Det står referert at det blir ytra utkvemsord, til dømes når dei sit fast i sanda eller i store vatndammar, har hatt eit ufrivillig bad i ei kald elv i Spania eller når dei blir overraska av beduinar mens dei badar nakne i Middelhavet. Men ukvemsorda blir omskrivne eller ikkje refererte. Samtidig forstår ein at damene toler mykje og lever ganske hardt, og det blir ofte referert mykje alkoholbruk. Til dømes havnar dei i barslagsmål i Malaga, i ein bar der dei er dei einaste damene unntatt musikarane.

Eg blir imponert av at dei torde å dra av gårde, utan særleg mykje pengar, til eit område utan vegar og med pågåande valdelege feider mellom innbyggjarar og kolonistar. Dei kom seg gjennom det med dyktigheit, flaks og gode overtalelsesevner. Boka er svært underhaldande, med teikningar av forfattaren, og full av røverhistorier som sikkert er sanne.

Nokre damer har stifta Greta Molanders Æresklubb som driv med veteranbilløp for. Eg gler meg mest til å lesa «- fra øst til Mae West» som eg også veit kor eg kan få tak i.

h1

Buffy og lesbisk synlegheit

Fredag, 1 september 2006

Denne fann eg via ein Wikipedia-artikkel om Buffy (apropos prokrastinering). After Ellen er ei side som med slagordet “Because visibility matters” skriv om lesbisk og bifil synlegheit i underhalding og media. Dei har ein seksjon med artiklar om Buffy, men den kjekkaste er “How Buffy changed the World of Lesbians on Television” av Sarah Warn. Artikkelen er ein grundig analyse av korleis Buffy var den serien på amerikansk “network TV” som har eit lengst-varande lesbisk forhold og korleis det at det er fleire ulike lesbiske karakterar som er sympatiske men ikkje perfekte er noko radikalt nytt på amerikansk tv. Warn kritiserer også at Willow blir lesbisk og ikkje bifil, fordi ho tydeleg er tiltrukken av Oz då ho data han:  

It would have been more realistic and more groundbreaking if Willow had come out as bisexual (since that is never done on television), or at least had a discussion with Tara or Buffy about whether she was bisexual or a lesbian, instead of just pretending bisexuality didn’t even exist.

Men som Warn konkluderer, dette er ei mindre innvending sidan serien har vore den viktigaste for lesbisk synlegheit sidan Ellen kom ut i 1997 (ei hending eg hugsar svært godt).