h1

Buffy og lesbisk synlegheit

Fredag, 1 september 2006

Denne fann eg via ein Wikipedia-artikkel om Buffy (apropos prokrastinering). After Ellen er ei side som med slagordet “Because visibility matters” skriv om lesbisk og bifil synlegheit i underhalding og media. Dei har ein seksjon med artiklar om Buffy, men den kjekkaste er “How Buffy changed the World of Lesbians on Television” av Sarah Warn. Artikkelen er ein grundig analyse av korleis Buffy var den serien på amerikansk “network TV” som har eit lengst-varande lesbisk forhold og korleis det at det er fleire ulike lesbiske karakterar som er sympatiske men ikkje perfekte er noko radikalt nytt på amerikansk tv. Warn kritiserer også at Willow blir lesbisk og ikkje bifil, fordi ho tydeleg er tiltrukken av Oz då ho data han:  

It would have been more realistic and more groundbreaking if Willow had come out as bisexual (since that is never done on television), or at least had a discussion with Tara or Buffy about whether she was bisexual or a lesbian, instead of just pretending bisexuality didn’t even exist.

Men som Warn konkluderer, dette er ei mindre innvending sidan serien har vore den viktigaste for lesbisk synlegheit sidan Ellen kom ut i 1997 (ei hending eg hugsar svært godt).

3 kommentarar

  1. gratulerer med ny blog. men hvordan er det. Ligger Irak i Midtøsten, men ikke Palestina? Og hvor ligger Palestina da?


  2. Takk for gratulasjon.

    Berre mobb kategoriane mine du. Eg laga det sånn fordi eg synst det var mest praktisk, sidan eg ikkje skriv så mykje om Irak, men mykje om Palestina, og litt om andre land i Midtausten. Og så skal eg oppdatera kategoriane fortløpande, sånn at dei er praktiske i forhold til kva eg skriv om.


  3. Ikkje mobb kategorien min! Hehehe.



Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: