h1

Motargument: Hamas-charteret

Fredag, 1 september 2006

Eg sendte dette lesarinnlegget til Argument, eit nytt studentdrivetidsskrift på Universitetet i Oslo. Dei trykte Hamas-charteret, og eg argumenterer for kvifor det ikkje er nyttig å bruka Hamas-charteretnår ein skal finna ut av politikken til Hamas.

Motargument: Hamascharteret – å velja den enkle løysinga

Argument er eit spanande prosjekt, og redaksjonen skriv i den første leiarteigen at dei skal bruka det beste av det tabloide, “kjøre sine egne saker og skape sine egne aktualiteter”. Det er eit prisverdig program, og difor synst eg det er synd at Argument veljar den enkle løysinga og følgjer opp alle andre media med å dømma Hamas ut frå det såkalla Hamascharteret frå 1988. Ei mykje viktigare oppgåve hadde vore å finna ut kva Hamas står for i dag, noko ein til dømes kunne ha gjort ved å oversetta og trykka valprogrammet til Palestine Legislative Council-valet i januar i år, programmet “Reform og endring”, eller å trykka programmet for den nye regjeringa, som finst på engelsk her.

Hamas vann ein overveldande siger i valet, delvis på grunn av eit spesielt valsystem, men mykje på grunn av kandidatane og politikken til Hamas. Representantane dei har hatt på lokalnivå har vist at dei er rederlege, idealistiske og ukorrupte, i motsetnad til mange av Fatah-representantane. Hamas har også politisk representert ei fortsetting av motstanden mot Israel, mens Fatah blir identifisert med dei manglande resultata av Oslo-avtalen.

I dag har Hamas har gått frå å vera prinsipielt mot Oslo-avtalen og boikotta vala til PLC, til å delta i Palestine-Authority-institusjonane som faktisk er eit resultat av Oslo-avtalen. Det er mange ulike oppfatningar i Hamas, både når det gjeld Oslo-avtalen, metodar for motstandskamp, og nok også Charteret. Men regjeringa som sit no er såpass pragmatiske at dei har delteke i den demokratiske prosessen, og dei har signert fangedokumentet som legg vekt på fortsetting av motstandskampen, men denne blir konkretisert som frigjering av Vestbreidda, Gaza og Jerusalem, og dokumentet understrekar at PA er kjerna i ein framtidig stat. Programmet for regjeringa går i same retning: ” 4- Resistance in its various forms is a legitimate right of the Palestinian people to end the occupation and regain the Palestinian people national rights 5- To cooperate with the international community towards ending the occupation and settlements and towards the comprehensive withdrawal from the territories occupied in 1967 including Jerusalem so that the region can enjoy calm and stability at this stage.”, i tillegg til å nemna mange andre programærklæringar, til dømes at regjeringa skal jobba for å betra rettstryggleik og pressefridom.

Palestinakomiteen i Oslo inviterte Yahya al-Abadsa, PLC-medlem for Hamas, til Noreg i juni i år. Det gjorde me fordi Hamas er den største fraksjonen i PLC, dei er i regjering, og representerer dermed folket på Vestbreidda og Gaza. Me inviterte han også fordi me ynskja å bryta den politiske isolasjonen som dei palestinske myndigheitene har opplevd etter at palestinarane blei straffa for valet dei gjorde. Regjeringsmedlemmer og parlamentarikarar frå Hamas blir kidnappa av Israel utan at vesten reagerer. I møte med utanrikskomiteen i Stortinget uttala al-Abadsa at Charteret var mest som skjønnlitteratur frå den første intifadaen å rekna, og ikkje noko som blei bruka i dag. Dette blei også referert til media av komitéleiar Olav Akselsen (DNA).

Det hadde sjølvsagt tent Hamas å ha dei nye dokumenta lett tilgjengeleg på internett på engelsk, sånn at ikkje Charteret er så raskt å ty til. Men det unnskylder ikkje Argument for å velja den enkle løysinga.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: