h1

Særlovar for innvandrarar

Måndag, 25 september 2006

Eg har skrive eit lesarinnlegg som eg har sendt til Klassekampen. Kva synst andre om denne debatten?

Bjørgulv Braanen startar ein viktig debatt om tiltak mot tvangsekteskap (KK 19.09). Det er synd at han konkluderer med støtte til særlovar for innvandrarar.

Begge lovane som er diskutert, både aldersgrense for inngåing av ekteskap med ved familieetablering i Noreg og krav om at ekteparet må bu i det landet dei samla har mest tilknyting til, kjem til å hindra innvandring til Noreg, men er det det som er målet? Erfaringane frå Danmark som blir referert i KK laurdag 23. september er viktige å høyra på. Krisesentersekretariatet der har oppsummert at lovendringane hindrar innvandring, men dei hjelper ikkje dei jentene som blir utsett for tvangsekteskap, familiane finn berre andre måtar å gjera dette på.

Det er viktig å kjempa mot tvangsekteskap. Men løysinga er ikkje lovar som i praksis vil bli særlovar for innvandrarar. Eg trur heller løysinga ligg i opplysining og dialog, som både Akthar Chaudry og Rita Kumar tar til orde for (KK20.09 og KK 23.09). Sjølvsagt må ein også bruka lovverket og domstolane for å straffa dei som kidnappar ungane sine eller tvingar dei til til å inngå ekteskap dei ikkje ynskjer. Men som i alle vanskelege saker finst det ikkje nokon enkel og rask løysing, og forebygging gjennom opplysning og dialog i samarbeid med dei det gjeld er det som hjelper mest.

4 kommentarar

  1. Jeg mistenker at noen av dem som argumenterer for aldersgrensa, gjør det i et forsøk på å ikke virke for “politisk korrekte”. Jeg har blant anna sett motstand mot aldersgrense for inngåing av ekteskap bortforklart som “liberal ryggmargsrefleks” et par ganger. Men jeg skjønner ikke hvordan ellers forholdsvis oppegående mennesker (uten at jeg nødvendigvis regner Bjørgulv Braanen med blant dem) kan meine at det er greit å ha et sett med lover for Oss, og et anna sett med lover for Dem.


  2. Det eg synst er skummelt er at folk går inn for aphartaid-lover fordi dei ikkje har lyst til å verka “politisk korrekte”.

    Forresten kom innlegget mitt på trykk i KK laurdag 30. september.


  3. Vi fikk ikke lørdagens KK, men Braanen svarte i dagens, så jeg.

    “Politisk korrekt” er forøvrig et uttrykk som burde vært parkert for lenge sida — det er heilt unyttig. Are Kalvø har skjønt det.


  4. Takk for tipset! Hadde ikkje fått lese avisa i går før eg såg meldinga di, og i alle fall ikkje leiaren. Er jo ikkje kvar dag eg blir vist til på leiarplass.

    Så no driv eg og knotar på eit svarinnlegg, postar det på bloggen når det er klart til å sendast til KK.



Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: