h1

Innvandringsstopp gjennom heva aldersgrense for ekteskap

Torsdag, 5 oktober 2006

Eg har skrive eit svar til Bjørgulv Braanen, som på leiarplass i Klassekampen 3. oktober svara på mellom anna mitt lesarinnlegg. Svaret mitt skal komma på trykk mandag 9. oktober.

Bjørgulv Braanen argumenterer på leiarplass 3. oktober mot at eg kalla aldersgrense for henteekteskap for særlov for innvandrarar. Braanen fortset med å sei at ei slik aldersgrense vil gjelda alle som vil henta ein ektefelle, anten det er frå USA, Australia og Russland, eller det er frå Pakistan og Somalia. Det er for så vidt sant, men amerikanske og australske statsborgerar har visumfritak til Noreg, noko som gjer at dei kan vitja kjærasten/ektefellen i Noreg fram til ein er over aldersgrensa. I tillegg vil jo ikkje borgarar frå EU/EØS vera ramma av lova. Det er altså ei lov som vil gjera det vanskelegare for par der den eine kjem frå eit land me ikkje har visumfritak frå, det vil seie ikkje-vestlege land.

Det bringer meg over på eit anna viktig moment. Innvandringslovane i Noreg gjer at folk blir tvungne til å gifta seg, fordi ein ikkje kan få visum til kjærasten/truloveden sin på ein annan måte. Det gjeld alle som finn seg ein utanlandsk kjærast, anten ein har aner frå Hallingdal eller frå Punjab. Innvandringslovane fører difor til «tvangsekteskap» fordi ein ikkje får prøvd å vera kjærast eller sambuar før ein går til det skritt å gifta seg.

Resultata frå Danmark viser at ein får færre henteekteskap, men det viser ikkje kva som skjer med dei ungdommane som er i fare for å bli utsett for tvangsekteskap. Så då må ein jo stilla seg spørsmålet om målet er å hindra innvandring eller å hjelpa desse ungdommane?

2 kommentarar

  1. Typisk at den norske politiske eliten med Bjarne Håkon Hanssen ikke tør å målrette tiltakene mot henteekteskap mot de landene der det er problem, som for eksempel Pakistan. Det er mye bra i høringsforslaget, men det er en forskjell på innavl i enkelte innvandrermiljø og noen som finner en kone i for eksempel Øst-Europa. Men norske politikere er så forbaska redde for å bli stemplet som rasister. Nei, stopp disse henteekteskapene fra Pakistan.

    Forøvrig er det interessant å merke seg den manglende solidariteten med pakistanske kvinner fra feminister på venstrefløyen. Det er en underlig allianse mellom islamister og venstreradikale.


  2. Som eg skriv i lesarinnlegga mine så meiner eg ikkje at aldersgrense for ekteskap med utlendingar er ei solidaritetshandling, men berre ein måte å prøva å stoppa innvandring. Og det kjem uansett ikkje til å stoppa andre typar «henteekteskap», nemleg norske menn som kjøper seg ei kone i Aust-Europa eller i Asia, som dei kaster når dei har blitt leie.



Legg att svar til baltzersen Avbryt svar