Archive for november 2006

h1

høyringsuttalelse om tvangsekteskap

Tysdag, 28 november 2006

Eg og Magnhild Nilsen laga ferdig hoeyringsuttalelse.doc om Arbeids- og Inkluderingsdepartementet sine forslag om tiltak mot tvangsekteskap.

Eg veit ikkje om AID kjem til å høyra på oss, men me har i alle fall havna på lista over dei som er i mot, saman med Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene (KIM), MiRA-senteret og fleire andre. Som Dagsavisa skriv i papirutgåva si s 7 i dag så går to av tre høyringsinstansar mot 21-årsgrense for ekteskap med utlendingar.

h1

Lister

Måndag, 27 november 2006

Lars har tægga meg. Og maser. Så får vel svara.

1: Hvor bor du:
Oslo, Gamlebyen.

2: Hvilke bok holder du på med nå?
Hege Storhaug: «Men størst av alt er friheten». Og det er ikkje fordi eg er samd med ho. Teikneserien Dykes to watch out for les eg gjennom for n’te gang.

3: Hvilke motiv har du på musmatta di??
Har ikkje musematte. Bærbar PC.

4: Hva er ditt favoritt selskapsspill??
Likar ikkje selskapsspel.

5: Hva er din favorittduft??
Kaffi som blir kverna.

6: Hva er din verste duft??
Søppel i varmen.

7: Hva er din favoritt lyd??
Bølger.

8: Verste følelsen i verden??
Å ha dårlig samvittighet.

9: Hva er det første du tenker på når du står opp??
At eg er må skynta meg, fordi eg er for seint ute.

10: Favorittfarge.
Turkis.

11. Hvor mange signaler går det før du svarer når telefonen ringer?
Spørs. Viss telefonen ligg i veska mi tar det kanskje 5, viss han ligg på pulten tar det 1. Viss eg er på møte tar eg ikkje telefonen.

12: Hva skal ditt barn hete??
Har ingen planar om å få barn. Men viss eg hadde fått barn synst eg Tora er fint, etter tippoldemor mi. Eller Marita. Gutenamn synst eg Omar er fint, men det tar kanskje Gudrun og Tarjei.

13: Hva betyr mest her i livet?
Å prøva å forandra ting, å organisera folk. Og gode venner og familie.

14: Hva er din favoritt mat.
Likar det meste av mat. Akkurat no har eg lyst til å finna ein plass som har eritreisk mat.

15: Sjokolade eller vanilje?
Sjokolade. Alle typar.

16: Liker du å kjøre fort??
Nja. Eigentleg ikkje.

17: Sover du med kosedyr?
Ja, ein albino-ape som heiter Linda. Pappa vann ho til meg på tivoli då eg var tre år.

18: Hva var din første bil??
Eig ikkje bil. Men den første bilen eg kjøyrde var ein svart mercedes, kjøyreskulen eg gjekk på hadde berre mercar.

19: Om du fikk treffe hvem du ville – hvem ville du helst møte, død eller levende?
Alexandra Kollontaj eller Marge Piercy (ho siste lever, så det burde vera mogleg).

20. Favorittdrikk?
Utan alko: Kaffi og vatn. Alko: øl og whisky.

21. Hvilket stjernetegn er du?
Vekt.

22. Spiser du enden på broccoli?
Ja. Men helst ikkje kokt gulrot.

23. Om du kunne få nøyaktig hvilken jobb du ville – hva ville det være?
Gartnar. Eller glassblåsar.

24. Om du kunne farge håret i hvilken farge du ville, hvilken ville det være?
Turkis.

25. Er glasset halvtomt eller halvfullt?
Halvfullt.

26. Favorittfilm(er)?
Lost in translation, Adam’s Rib, Slipp Jimmy fri, Kill Bill (:Vol. 1& Vol. 2), True Romance, Sin City, Pirates of the Caribbean, Mean Guns, Michael (og mange fleire).

27. Skriver du uten å se på tastaturet?
Sjølvsagt.

28. Hva finnes under din seng?
Er ikkje mi seng, men er tomt der trur eg.

29; Hva er ditt favorittall.
7

30: Favorittsport å se på??
Boksing og thai-boksing.

31: Kaffe eller is??
Kaffi. Men gjerne kaffi og is.

32: Frase/ord du bruker ofte
«Eg er i mot»

Eg har ikkje tenkt å tægga nokon, men viss nokon blir inspirert til å fylla ut skjemaet må dei gjerne pinga tilbake.

h1

Bibliotek

Fredag, 24 november 2006

Bibliotek er ein fin ting. Det er eit av frampeika til kommunismen. Når eg blir gammal og pensjonsreformen har ført til at eg knapt har pensjon håpar eg at det framleis finst offentlege bibiliotek, sånn at eg har gratis underhaldning.

Deichmanske bibliotek har nettside som gjer at ein kan sjekke heime om dei har dei bøkene ein vil lesa. I systemet MappaMi kan ein setta opp interesseområde slik at ein får e-postvarsel når det er kome nye bøker i felt ein er interessert i. Og dei låner også ut DVDar. Det betyr at ein kan låna DVDar gratis, til dømes har eg lånt serien Firefly som ikkje er å få tak i på videosjapper og hadde vore dyr å kjøpa.

Elvis Bling Laden har lagt ut ei oversikt over bøker du bør ha lest, eller ihvertfall ha i bokhylla!. Her er det mange gode forslag på bøker ein bør lesa, og biblioteket har faktisk ganske mange av dei, Deichmanske har ein ganske god samling av Science Fiction. For eit par år sidan skreiv eg ein artikkel i Røde Fane der eg anbefalte ein del bøker om draumesamfunn. Lista overlappar nok med lista til Elvis, og mange av dei bøkene finst også på biblioteket. Ein treng ikkje å ha alt i bokhylla, så lenge kommunen tar ansvar for å ha det i bokhylla si!

h1

har venstresida svikta innvandrarjentene?

Onsdag, 8 november 2006

Sundag var eg i debatt med Bjørgulv Braanen og Mina Adampour på RU sin feminismefestival. Der var problemstillinga har venstresida svikta innvandrarjentene, med utgangspunkt i diskusjonen om 21-års aldersgrense for gifta seg med nokon som ikkje bur i Noreg, og busetta seg saman her. Eg synst både Mina og Bjørgulv hadde gode poeng, spesielt i forhold til at det er viktig at venstresida har ein god politikk på innvandring og integrering. Det er bra at til dømes debatten blir tatt i Klassekampen når det skjer på dei riktige premissa, altså ikkje å kjempa om å vera mest mogleg rasistisk. Men eg meiner at venstresida faktisk har god politikk på desse områda (sjølv om me alltid kan bli betre), og at forslaga frå AID i forhold til tiltak i utlendingslova mot tvangsekteskap ikkje er gode.

Det er fleire viktige problemstillingar her, som eg tenkte eg skulle prøva å skilja frå kvarandre:

1 Er integrering og assimilering det same?
Eg meiner god integrering er at ein kan språket og får jobb, altså at ein kan ta del i samfunnet. Integrering for meg går ikkje så mykje på om ein har norske venner eller ikkje, eller om ein følgjer alle norske skikkar. Eg synst AID rotar det saman. Dei seier at ”integreringsprosessen er gjensidig og at den derfor berører både enkeltindividet og befolkninga for øvrig”. Til forskjell frå departementet så trur eg ikkje at negative incentiv fungerer integrerande, og eg synst også at mykje av argumentasjonen deira i forhold til kva integrering er, heller går på assimilering. I tillegg så synst eg at det er makabert å blanda saman integeringstiltak med tiltak i lovgjevinga mot tvangsekteskap, som faktisk er ei alvorleg sak.

2 Er tvangsekteskap og arrangert ekteskap det same?
Arrangert ekteskap er ein tradisjon mange stader, der familien er sett på som viktigare enn hos oss. Sjølv ville eg ikkje inngått eit arrangert ekteskap, eg ville ikkje inngått eit ekteskap i det heile. Men sidan eg heller ikkje forbyr ekteskap i kyrkja heller, så synst eg folk skal få lov til å ha arrangerte ekteskap også, i fred for myndigheitene. Eg kritiserer gjerne familien si rolle, både i min eigen kultur og i andre sin. Men eg synst ikkje det skal inn i tiltak mot tvangsekteskap, og i alle fall ikkje inn i utlendingslova.

3 Er det ikkje sett i verk tiltak mot tvangsekteskap som virker?
Det er sett i gang ein del gode tiltak mot tvangsekteskap. Ein del av dei har ei positive innretting, og handlar om dialog, om å læra ungdom om reglar og rettar. Det finst også ein del tiltak allereie i utlendingslova, eg er ikkje glad for alle saman. Dei fleste tiltaka er ganske nye, og det finst lite dokumentasjon på kor mange ungdommar som er utsette for tvangsekteskap. Ein del tiltak er heller ikkje sett ut i live enno, så det mest fornuftige viss ein ynskjer å bekjempa tvangsekteskap er å først sjekka om dei andre tiltaka virkar.

4 Kva tiltak bør venstresida jobba for?
Tvangsekteskap er endå eit eksempel på eit område der kroppane til unge jenter blir ei slagmark mellom ulike grupper som ynskjer kontroll. I dette tilfellet er det norske myndigheiter sitt ynskje om kontroll over heile gruppa som gjer at dei brukar innvandrarjenter. Det er også ein kamp om kontroll frå dei familiane som tvinger ungane sine til ekteskap med nokon dei ikkje vil gifta seg med

Det viktigaste for å hindra tvangsekteskap er integrering (altså ikkje assimilering). Integrering handlar først og fremst om fridom og makt, ikkje om ein følgjer norske skikkar. Innvandrarar og flyktningar må kunna norsk, kunna forsørgja seg sjølv, og vita om rettane dei har i samfunnet. Generelle tiltak som fungerer integrerande er å ha ein arbeids- og bustadmarknad som er open for innvandrarar og flyktningar. Eit anna godt tiltak er gratis barnehage for ungar med minoritetsbakgrunn.

5 Problema med forslaga frå AID
Det får eg berre gått kort inn på. Hovudproblemet er at det er ei mistenkeleggjering og vanskeleggjering for alle som ikkje gifter seg med blendakvite nordmenn. Eit anna problem er at AID ikkje kan dokumentera at forslaga rammar målgruppa, eller kor stor målgruppa er.

AID har foreslått 1: 21-årsgrense for å gifta seg med nokon som ikkje bur i Noreg, og deretter busetta seg her, og 2: tre ulike forslag på ekstratiltak i forhold til butid i Noreg og tilknytning til landet for å hindra at ungdommar blir tvangsgifta i heimlandet og deretter haldt tilbake til dei oppfyller krava. 1 Problemet eg har med 21-årsgrense er at dei ikkje klarer å dokumentera at det hjelper nokon, samtidig som det kjem til å ramma folk som ikkje blir tvangsgifta. 2 Problema med ekstratiltaka, som skal gjelda fram til ein er 26, 27, eller 28 år, er at dei rammer veldig mange folk, og at dei blandar saman tiltak mot tvangsekteskap, og tiltak som hjelper (AID sitt sin på) integrering. Det mildaste av ekstratiltaket er at ”herbuande” må ha budd i Noreg dei 3 siste åra, det nest verste ekstratiltaket er at ein må ha studert eller jobba samanhengande i Noreg dei 3 siste åra, og der verste er at ein skal måla tilknyting til Noreg opp mot tilknyting til eit anna land. Ein kan opna for unntak viss ein har hatt høgverdige grunnar til å vera i utlandet, som høgare studie, eller jobb i norsk selskap. Men for dei som er i midten av tjueåra og har funne ein ektefelle på jorda-rundt-reise eller når ein budde i heimlandet til familien og jobba i sjappa til onkelen sin får ikkje henta ektefellen. Det er altså også ei klassediskriminering i dette forslaget.

(Og ja, eg skal både prøva å gjera dette til ein kronikk, og skriva utkast til høyringsbrev til AID saman med Magnhild N. Men kjekt å ha ein blogg å kasta tankane ut på sånn i starten)

h1

Navn i nyhetene

Måndag, 6 november 2006

Sist torsdag var eg i spalta «Navn i nyhetene» i Dagsavisa. Det er ei spalte med spørsmål om alt frå kven eg ville ha vore for ein dag til kva som er min mest rampete eigenskap. Eg fekk eit bonusspørsmål, om revolusjon:

«Blir det noen gang ordentlig revolusjon i Norge?

– Det må folk bestemme sjøl. Jeg håper jo at det blir en samfunnsomveltning.

Men dere har gått bort fra at den skal være væpna?

Den bør være mest mulig fredelig, ja.»

Heile intervjuet kan du lesa her (og biletet må vera 4 år gammalt ja, sjølv om eg er relativt ung no ser eg endå meir ung og uskuldig ut der).

h1

laurdag og Bergen

Laurdag, 4 november 2006

Laurdag er favorittdagen min. I alle fall viss eg ikkje har møte og ikkje er fyllesjuk. Då kan eg sova lenge, drikka kaffi, høyra på P2 på dei sære programma dei har funne på, som Studio Sokrates, Jungeltelegrafen og Et delikat problem.

I Bergen er alle fridagar favorittdagen min. Sist fredag var eg der, og eg og Åsne gjekk på ein ny kafe som var i det gamle verneverdige apoteket Bien på Danmarks plass. Dei bruka originalinteriøret, og ei av dørene hadde ein fantastisk advarsel mot gift:

gift-lite.JPG

I Bergen er det mange stensil-kunstnerar, har ikkje sett så mykje av det i Oslo, men så er eg jo ein gatekunstignorant. Her er ein fin eg såg no sist, spraya opp utanfor ein klesbutikk. Er den flottaste badedraktmodellen eg har sett i alle fall 🙂

badedraktmodell-lite.JPG