h1

laurdag og Bergen

Laurdag, 4 november 2006

Laurdag er favorittdagen min. I alle fall viss eg ikkje har møte og ikkje er fyllesjuk. Då kan eg sova lenge, drikka kaffi, høyra på P2 på dei sære programma dei har funne på, som Studio Sokrates, Jungeltelegrafen og Et delikat problem.

I Bergen er alle fridagar favorittdagen min. Sist fredag var eg der, og eg og Åsne gjekk på ein ny kafe som var i det gamle verneverdige apoteket Bien på Danmarks plass. Dei bruka originalinteriøret, og ei av dørene hadde ein fantastisk advarsel mot gift:

gift-lite.JPG

I Bergen er det mange stensil-kunstnerar, har ikkje sett så mykje av det i Oslo, men så er eg jo ein gatekunstignorant. Her er ein fin eg såg no sist, spraya opp utanfor ein klesbutikk. Er den flottaste badedraktmodellen eg har sett i alle fall🙂

badedraktmodell-lite.JPG

One comment

  1. Det er meir sjablong-bileter på veggane i Bergen enn i nokon annan by eg veit om, og dei er stort sett veldig gode. Eg skulle gjerne hatt ein fridag eller to i Bergen, eg og.



Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: