h1

Bibliotek

Fredag, 24 november 2006

Bibliotek er ein fin ting. Det er eit av frampeika til kommunismen. Når eg blir gammal og pensjonsreformen har ført til at eg knapt har pensjon håpar eg at det framleis finst offentlege bibiliotek, sånn at eg har gratis underhaldning.

Deichmanske bibliotek har nettside som gjer at ein kan sjekke heime om dei har dei bøkene ein vil lesa. I systemet MappaMi kan ein setta opp interesseområde slik at ein får e-postvarsel når det er kome nye bøker i felt ein er interessert i. Og dei låner også ut DVDar. Det betyr at ein kan låna DVDar gratis, til dømes har eg lånt serien Firefly som ikkje er å få tak i på videosjapper og hadde vore dyr å kjøpa.

Elvis Bling Laden har lagt ut ei oversikt over bøker du bør ha lest, eller ihvertfall ha i bokhylla!. Her er det mange gode forslag på bøker ein bør lesa, og biblioteket har faktisk ganske mange av dei, Deichmanske har ein ganske god samling av Science Fiction. For eit par år sidan skreiv eg ein artikkel i Røde Fane der eg anbefalte ein del bøker om draumesamfunn. Lista overlappar nok med lista til Elvis, og mange av dei bøkene finst også på biblioteket. Ein treng ikkje å ha alt i bokhylla, så lenge kommunen tar ansvar for å ha det i bokhylla si!

6 kommentarar

  1. øyh. du må huske at jeg har tægga deg da!🙂


  2. Ja ja. Whatever. Hatar sånne skjema, men skal prøva å få svart på det ein eller annan gong😉


  3. Enig, hurra for biblioteket!


  4. Enig! Noe annet kult med offentlige biblioteker er at de heter FOLKEbiblioteker. Det er en fin sosialistisk swung over det ordet.


  5. jojojo.. Det er selvfølgelig sant at man ikke strengt tatt _trenger_ dem, men litt flaut er det jo, da. Å ikke ha dem, mener jeg.

    På bussen:
    – “Hei, du har glemt å ta på deg bukse idag!”
    – “Jojo, men det er jo så varmt i dag. Jeg TRENGER jo ikke bukse idag.”
    … Men det er litt flaut å ikke ha likevel? Litt på samme måte, liksom.


  6. Ja, det er jo kjekt å eiga bøker også, i alle fall dei som er mest nødvendige. Men når ein som meg ikkje eig ein fast plass å bu, og alle bøkene ligg og rotnar i kasser i ein fuktig kjellar, så må ein stola på biblioteket. Og då er det veldig fint at det finst.



Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: