h1

Trondheimskonferansen, AFP, AKP.no

Sundag, 28 januar 2007

I helga var eg på Trondheimskonferansen, kjempeflott arrangement. Rundt 500 folk frå grunnplanet i fagrørsla diskuterte pensjonsreformen og AFP, valkampen, arbeidsliv og helse, NAV, internasjonal solidaritet, tenestedirektivet og mykje meir. Innleiingane vil bli lagt ut fortløpande hos LO i Trondheim (dokument og foredrag fra Trondheimskonferansen). Det blei vedteke mange gode fråsegner frå konferansen, dei er det berre å spre.

Ei veldig viktig sak på konferansen var kampen for å forsvara pensjonen, spesielt AFP. Dette er ei av dei nyttige tinga med konferansen, han er ein arbeidsverkstad der ein kan utvikla kampanjer og diskutera kva som er lurt å gjera, ikkje berre vedta gode fråsegner eller program. Klubben på Aker Værdal har teke initiativ til kampanje for AFP, fordi dei såg at berre tre prosent sto i jobb til dei var 67 år, resten gjekk av på AFP eller blei uføre. Dei har laga ei ny nettside, forsvarAFP.no, der det er masse godt bakgrunnsmateriale. Det blir planlagt kampdag for AFP fredag 11. mai.

Ellers blei det delt ut AKP.no på konferansen, eg har som vanleg (for andre gang altså🙂 ) skrive leiarteigen, om forsøk med sekstimarsdagen? (spørsmålsteiknet er fordi forsøka ikkje er skikkelege forsøk med sekstimarsdagen, regjeringa set av pengar til betalt deltid for eldre i staden for skikkelege forsøk). Det er eit godt nummer med mykje fagleg stoff, du kan lesa heile nummeret her. Og sjølvsagt er det berre å sei i frå, så får du papirutgåva gratis i posten kvar månad.

Så det er berre å halda av siste helga i januar 2008, då er neste trondheimskonferanse! Og for oss damene er det fleire sjansar til å gå på viktige, gode faglege konferansar, nemleg kvinner på tvers 22.-23. september i år i Oslo.

2 kommentarar

  1. Du bør jaggu skrive litt om NAV, for oss uopplyste…


  2. Det burde eg nok, men eg kan ikkje nok om det, så me får heller ha ein plan om at eg skal læra meir om det og skriva seinare.



Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: