h1

Forbod mot ansiktsslør?

Tysdag, 27 februar 2007

Djupedal har gjekk i Klassekampen (17. februar) Ut mot niqab. Eg synst det er viktig å ta denne debatten, fordi eg meiner Djupedal sitt utspel ikkje er mot niqab (som er eit ikkje-eksisterande problem i Noreg), men heller ein del av den generelle muslimhetsen, og eit forsøk på å ta tilbake stemmene som går til innvandrarfiendtlege parti som FrP. Resonnementet mitt går som følgjer:

1 Eg synst ansiktsslør er teit, og dei fleste norske muslimar som har uttala seg mot det har vore negative.

2 Det er ikkje noko særleg problem med bruk av anssiktsslør i skulen i Noreg, bortsett frå nokre jenter på Oslo Handelsgymnasium som tok på seg slør i 2005. Eg har knapt sett damer med ansiktssør på seg på gata.

3 Eg tenkjer at eit forbod mot slør kan virka mot sin hensikt, både at fleire tar det i bruk fordi dei vil opponera mot forbodet, og at fleire føler seg stigmatiserte som muslimar når det kjem særreglar mot muslimsk religiøs påkledning.

4 Eg kan ikkje sjå at det burde vera nokon grunn til at utdanningsinstitusjonar for vaksne folk (over 18) skal bry seg med korleis folk går kledt. På forelesningar på Blindern er det uansett vanskeleg å få augekontakt med store delar av studentane, sjølv om dei ikkje brukar slør.

5 Når det gjeld upraktisk påkledning i grunnskulen tenkjer eg at lærarar bør gje råd til elevane sånn at dei kan kle seg i tråd med det ei sjølv og foreldra ynskjer, samtidig som det skal vera praktisk. Altså at gymlæraren kan sei at trange skjørt i gymmen er upraktisk men ein kan ha vide skjørt, at når ein skal på skogstur får ungane beskjed om at ein bør ha gode sko og sekk, og at viss læraren synst det er vanskeleg å undervisa nokon med ansiktsslør kan ho snakka med foreldra eller eleven. Men eg kan ikkje sjå at det er nokon pedagogiske grunner om gjer ansiktsslør så mykje verre enn andre upraktiske ting ungar riv med.

6 Igjen, eg synst ikkje det er bra med ansiktsslør. Men eg oppfattar at det å gå til åtak mot dette ikkje-eksisterande problemet som også Djupedal no gjer, er ein del av den generelle trenden med å stigmatisera muslimar, og å innføra særreglar for muslimar eller ikkje-vestlege innvandrarar. Det at Djupedal ”tar dette problemet på alvor” er eit forsøk på å vinna innvandrarfiendlege stemmer gjennom å bruka FrP-argument. Eg meiner difor det er viktig å mobilisera mot dette forslaget, sjølv om det ikkje skal vera ei oppfordring til å bruka ansiktsslør, noko dei fleste norske muslimar også synst er dumt å bruka i Noreg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: