h1

Siste AKP.no er ute no!

Tysdag, 6 mars 2007

8.marsnummeret blir nok den siste AKP.no også, fordi etter 11. mars kjem avisa til å skifta navn og bli eksternavisa til det nye partiet. For å følga med på kva som skjer med det nye partiet kan du sjå på nyttparti.no, eller komma på den opne delen på stiftingslandsmøtet som startar laurdag 10. mars kl. 15.00!

I avisa har eg ein leiarteig, Det finst ikkje “litt krig”, om regjeringa sitt svik når dei sender soldatar til krigen i Afghanistan, og at me treng ei kampanje for å henta dei heim igjen.

Sidan det er 8.marsnummer er det mange gode artiklar om kvinnepolitiske spørsmål, mellom anna eit intervju med ei parkeringsvakt som heiter Vibeke Hagen, og som har vore med på forsøk med Sekstimersdag i Trondheim Parkering. Magnhild Nilsen har fulgt opp kampen om å sei – Nei til 21 års grense for ekteskap med familiegjenforening. Ellers står det mellom anna om RU sitt arbeid med Ungdomshus: Seier i Ålesund og Moss og om den flotte aksjonen til RU der dei stengte døra til UD for å protestera mot at regjeringa sender 150 spesialsoldatar til Afghanistan. Og endå er det mykje meir i avisa, så god lesning!

2 kommentarar

  1. Jeg lurer på når AKPs nettsider forsvinner og åssen Rødt sine skal bygges ut?


  2. Hei!

    AKP sine nettsider forsvinn nok ikkje, men kjem truleg til å bli bruka som arkiv. Men AKP kjem jo truleg til å forsvinna i april ein gong.

    Raudt sine nettsider blir bygd ut så fort som mogleg, men det skjer jo på dugnad, så du får berre følgja med🙂



Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: