h1

Eg har blitt groruddøl!

Laurdag, 14 juli 2007

Eg som aldri skulle flytta frå Gamlebyen har no blitt groruddøl. Det var nok økonomien som bestemte det, men eg trivest godt, og har allereie fått gått tur i Lillomarka og plukka blåbær i regnet, og blitt intervjua saman med andre damer frå Rødt Grorud i lokalavisa med det lange fine namnet: Lokalavisen Akers Avis Groruddalen. Du får nesten ikkje kjøpt avisa utanfor dalen, laussalsstadane lengst vest er Narvesenkioskane på Tøyen T og på Galleriet. Dei legg ut ting på nett, men det er ikkje lagt ut enno, så du må nok kjøpa papirutgåva for å lesa det.

2 kommentarar

  1. Å! Du må nok ta med avisa ned til byn til veko, så eg får lese. Men – har det kome blåbær? Eg har gleda meg til å plukke blåbær sidan i fjor haust – har du lyst å vise meg dei gode plukke-plassane?


  2. Det har kome blåbær, dei var sure for ei veke sidan men etter eit par dagar med opphald burde dei vera perfekte, berre å koma til dalen, så skal eg visa🙂



Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: