Archive for august 2007

h1

Reis til Gaza Støre!

Tysdag, 14 august 2007

Er Palestina relevant for kommunevalet i Noreg? Det synst eg.

RV har tidlegare (bystyret 03.05.06) foreslått at Oslo kommune skal ta initiativ til forbrukarboikott av Israel, og at Oslo kommune sjølv skal unngå å kjøpa israelske varer. Dette forslaget gjekk diverre ikkje gjennom.

Og når regjeringa som vanleg lar det som er praktisk og som USA likar gå foran det som er rektig, så må eg jo senda eit lesarbrev (på trykk i Klassekampen i dag):

—–
Usjøvlstendig Støre

Vitjinga til Støre i Midtausten syner at den norske regjeringa ikkje er i stand til å fylgje ein annan utanrikspolitikk enn USA. Så lenge han stør opp om isolasjonen av Hamas-regjeringa i Gaza, bidrar han berre til å halda konfliktnivået oppe, ikkje ei løysing.

Utanriksministeren har nyleg vore i Midtausten der han har møtt israelske leiarar og representantar frå regjeringa til Salim Fayyad, som vart sett inn etter at president Mahomoud Abbas avsette den lovlig valde Hamas-regjeringa og i røynda oppløyste autoriteten til det palestinske parlamentet (PLC).

Når Støre reiser til midtausten utan å møta den regjeringa som innbyggarane i dei palestinske områda valde i 2006 i eit av dei mest demokratiske vala regionen har vore vitne til, gjer han vondt verre.

Sjølv om Støre til og med sjølv innser at Hamas må takast med i forhandlingar, lar han vera å reisa inn til Gaza, av frykt for reaksjonane frå Israel og USA.

Utanriksministeren kjem til området etter at amerikanarane har proppa Israel og USA-venlege statar fulle av våpen og ammunisjon. Samtidig gjer USA og vestlege land alt dei kan for å isolera den lovleg valde sjølvstyreregjeringa i Gaza. Ikkje berre Hamas, men heile befolkninga langs den lille kyststripa må betala prisen. Vitjinga til Støre er berre nok eit bidrag til å styrke den amerikanske støtta til Israel.

Skal den norske regjeringa spela ein positiv rolle i området, må ho byrja med å leggja press på Israel. Ved å ofra regjeringa og folket i Gaza for å tekkast amerikanske og israelske interesser, syner Støre at han i røynda ikkje ynskjer fred i midtausten.

Advertisements
h1

Kolonihagar

Sundag, 5 august 2007

Det å stilla til bystyret gjer at eg føler meg veldig som innbyggar av Oslo (finst det forresten eit fint ord for det, sånn som «siddis» er person frå Stavanger?) Det hjelper jo også å ha kjøpt eit stykke av byen som eg må betala på i mange år framover (jf. Eg har blitt groruddøl).

Så no meiner eg noko om kolonihagar i Oslo også, og har til og med fått det på trykk i Aften Aften!


Oslo treng grøne lunger

Mange draumer om å få ein kolonihage med hytte, eller berre ein liten parsellhage å grava i. Men i Oslo må folk stå på venteliste i fleire år. I eit innlegg i Aften 24. juli hevdar Oslo SP at deira er det einaste partiet som går til val på fleire kolonihagar. Det er heldigvis feil, i valprogrammet går Oslo RV inn for oppretting av nye parsellhagar og kolonihagar.

Det går til dømes an å oppretta kolonihagar på områda som vert frigjorte på Økern når Ring 3 vert lagt i tunnel, og langs Mariholtveien kan det opprettast fleire parsellhagar. Me må òg byggja ut friområdefunksjonen til kolonihagane. I ein by der tusenvis slit med luftvegslidingar, treng me grøne lunger meir enn nokon gong.

RV vil stå på for kravet om utbygging av kolonihagar i Oslo.

Ingrid Baltzersen
2. kandidat for RV til Oslo bystyre
Nestleder i RV/Rødt

h1

Kampanje mot muslimhets

Fredag, 3 august 2007

Eg har ein artikkel i neste Palestina Solidaritet, medlemsbladet til Palestinakomiteen.

Du finn heile bladet her.

——-

Kampanje mot muslimhets

Eg representerte Palestinakomiteen på Kairokonferansen saman med Hege Ramson. Kairokonferansen er ein årleg konferanse mot sionisme og amerikansk krigføring som starta i 2002. På kairokonferansen er det både store fellesmøter og små seminar, eit av dei seminara eg var på handla om erfaringane frå arbeidet mot rasisme retta mot muslimar i Kanada.

Den kanadiske studentføderasjonen starta på landsmøtet i Ontario 2006 ei prosjektgruppe for å undersøka behova til muslimske studentar på universitet og høgskular i Ontario. Bakgrunnen var både manglande bønnerom og andre praktiske problem for muslimar, men også at muslimar hadde møtt vald og hat.

Prosjektgruppa reiste rundt på universitet og høgskular for å høyra erfaringane til muslimske studentar. Dei opplevde at etter 11. september var det blitt ei vanskelegare atmosfære for muslimske studentar. Dei fekk rapportar om rasistiske kommentarar, som at folk blir kalla talibanar eller får beskjed om å dra til sitt eige land og bomba det. Ein kvinneleg professor fekk spraya ned døra si med «Suck Bin Ladens dick raghead lover». Den arabiske og muslimske studentassosiasjonen motttok dødstruslar. Prosjektgruppa fekk også høyra om rasistisk «profilering», til dømes fortalte ein student at tryggleiksvaktene hadde fått beskjed om å rapportera navna på «muslimsk utsjåande» personar som gjekk nær ein atomreaktor på universitetsområdet til den kanadiske etteretningstenesten.

Rapporten til prosjektgruppa konkluderer med at det meste muslimane opplevde var ikkje så alvorleg i seg sjølv, men det var mengden som gjorde at miljøet blei forgifta. Men Kanada har også hatt meir alvorlege åtak på muslimar. I 2002 blei ein kanadisk statsborgar av Syrisk opphav, Maher Arar, fengsla av amerikanske styresmakter då han mellomlanda i New York og sendt til Syria der han blei haldt fanga i 10 månadar. Arrar blei oppbevart i ei kisteliknande celle og torturert, men han blei lauslatt utan å ha blitt sikta for noko, og ein rapport som kom seinare konkluderte med at han var ein uskyldig dataprogrammerer, men på grunn av fabrikkasjon av bevis og inkompetanse hos det kanadiske politiet så hadde han blitt stempla som terrorist. Det er fleire saker med kanadiske statsborgarar som er fengsla i Syria på grunn av feilinformasjon frå kanadisk etteretning.

Innleiarane frå kanada sette den auka rasismen mot muslimar i samanheng med kanadisk deltaking i krigen mot Afghanistan. Ein krigsideologi fører til hat mot innvandrarar som kan identifiserast med «fienden», altså muslimane. Palestinakomiteen deltar i antikrigsinitiativ som Fredsinitiatviet, fordi me ser ein samanheng mellom åtaka på Irak og Afghanistan og situasjonen for palestinarane. Palestinakomiteen har lang erfaring i å bekjempa muslim-hets. Sionismen baserer seg på rasisme mot palestinarar, for det er det som har gitt sionistane «retten» til å ta landet deira. Det å kalla palestinarane for muslimske terroristar har vore ein måte å legitimera overgrepa frå staten Israel. I Noreg ser me no ein generell auka rasisme mot muslimar, og eg håpar me kan bruka erfaringane frå Kanada til å bekjempa dette. Arbeid mot rasisme retta mot muslimar kjem til å bli viktig i palestinaarbeidet framover.

Islamofobia Watch – Documenting the War against Islam
Rapporten til prosjektgruppa
Heimesida til prosjektgruppa