h1

Kjønnsnøytral ekteskapslov – til beste for born og samfunnet!

Måndag, 7 juli 2008

Kronikk i Klassekampen 11.juni 2008 av Magnhild Nilsen, AU-medlem Raudt, og Hans Petter de Fine, BU-representant på St.Hanshaugen for Raudt, og meg.

Motstandarar av lovforslaget om kjønnsnøytral ekteskapslov har kjørt ei kampanje dei siste månadane med demonstrasjon i april, annonse i VG, fleire nettkampanjer – som foreldrerett.etp.no, jatilfar.no, jatilekteskapet.no, og ein storm av lesarbrev. Denne kampanja har funne fram til Klassekampen også. Nokre lesarbrev problematiserer lova, mens andre seier rett ut at dei ikkje synst homofile og lesbiske burde ha barn, og at dei burde skamma seg over kven dei er.

Kvifor ekteskap?
For kvinnerørsla har kampen for å sleppa å bli definert av ein ektemann vore viktig. Retten til å kunna leva som einsleg, retten til å skilja seg, og retten til å ha arbeid sjølv om ein er gift. Så kravet om at fleire skal inn i ekteskapet kan kanskje sjå litt merkeleg ut. Men ekteskapet regulerer viktige forhold. Det regulerer kva som skjer når ein partnar døyr eller viss ein går frå kvarandre, både i forhold til eigedom og eventuelle born. Difor var partnarskapslova ein stor siger, fordi kjærastar fekk regulert kva som skjedde viss dei flytta frå kvarandre, og ein fekk rett på arv viss kjærasten døydde, i staden for at slektningar hadde rett på alt. Og det er difor kjønnsnøytral ekteskapslov er eit riktig skritt vidare, fordi ungane som er født inn i partnarskap også skal få rettane dei burde ha.

Sist veke skreiv Nina Karin Monsen, Øyvind B Vassli frå KrFU og Wenche Haugen Havrevoll innlegg mot den kjønnsnøytrale ekteskapslova her i Klassekampen. Monsen meinte at lova er eit uttrykk for narsissime og at den legitimerer djup umoral. Vassli vil ha betre utgreiing før lova blir vedteke, mens Havrevoll meiner at lova vil vera eit brot på barnekonvensjonen. Alle legg dei vekt på borna i sin argumentasjon.

Barnets beste
Kva er barnets beste? Er det alltid å vekse opp med mor og far slik Havrevoll meiner? Kan ikkje einslege mødrer eller fedrar gje like god omsorg og oppfostring? Eller viktigare: Kan ikkje likekjønns-foreldre gje like god omsorg og oppfostring? Havrevoll drøfter barn sine rettar til å kjenne sine foreldre og refererer til artikkel 7 i barnekonvensjonen. Men barnekonvensjonen nemner ikkje biologiske foreldre. Konvensjonen bruker ordet “foreldre” og definerer dei verken som biologiske eller sosiale (som borna veks opp med) – det er difor departementet skriv at “barnekonvensjonen legger til grunn et vidt
familiebegrep”.
Kva er eigentleg barnets beste? Er det til barnets beste å vokse opp med mor og mor eller far og far – der begge dei vaksne deltar på lik linje i barnets oppfostring og oppdraging, men der den eine ikkje juridisk blir mor eller far, fordi ho eller han ikkje får adoptere? Eller er det barnets beste å ha å ha like juridiske rettar uansett kva kjønn foreldra har? Muligheita til adopsjon (i første rekke stebarnsadopsjon) medfører rettsverknader som inneberer samværsrett for barn og foreldre, underhaldssplikt for medforelder og arverett. Er det til barnets beste å bli frårøva desse rettane ved eit samlivsbrot eller viss den biologiske forelderen døyr?

Naturleg?
Monsen synes meine at at heteroseksuelle stabile forhold er det einaste naturlege for menneskja. Men dette kan lett tilbakevisast. Eit døme er den populære utstillinga på naturhistorisk museum i Oslo «Mot naturens orden?» som syner at homoseksualitet finst i dei fleste artar, og at det er vanleg blant flokkdyr, og veldig vanlig blant apane, våre nærmaste slektningar. Det finst altså ikkje gyldige naturfaglege argument for det Monsen står for.

Moral?
Nina Karin Monsen tar utgangspunkt i sitt eige moralsyn, og utleier derfrå at dei som ikkje gjer som ho meiner er riktig, burde føla skam viss dei var normale. Ho seier at born av lesbiske føler skam på moras vegne over måten dei har oppstått på. Då kan ho ikkje ha høyrd born av lesbiske fortelja at dei har opplevd at dei var venta og lengta etter. Monsen er oppteken av at born ikkje skal veksa opp i kaos, men ha ein fast familie med to foreldre av motsett kjønn. Dette stemmer ikkje med korleis mange barn veks opp i Noreg i dag, og det er heller ikkje det beste for verken ungar eller foreldre å vera i samliv som ikkje fungerer.

Narsissime?
Monsen baserer argumenta på at homofile som vil ha barn er narsissistiske, og ikkje tar omsyn til naturen (at barn kjem av mann og kvinne) og samfunnet. Monsen synst tydelegvis dette er så øydeleggjande at ho kan tillata seg å sei kva som helst om folk. Ho samanliknar sæddonorar med krigsvaldtektsmenn og kvinner som lar seg befrukta med avlsdyr. Ho har eit negativt syn på homofile generelt: «At loven ikke kan fjerne de problemer de har med å være homofile, burde de også vite. Lovgiver kan ikke fjerne angst, skam eller skyld. Men den kan legitimere dyp umoral».

Ein røyndomssjekk
I kronikken til Monsen står det at regjeringa og homofile manglar framtidsforståing, fordi dei ikkje ser konsekvensane av kor øydeleggjande lovendringa er på samfunnet. Men det er Nina Karin Monsen som manglar framtidsforståing, når ho ikkje ser at felles ekteskapslov regulerer samliv, skilsmisse og arv i familiar som allereie eksisterer, for born som allereie har to mødre eller to fedre som dei lever godt saman med.

Kjønnsnøytral ekteskapslov er eit steg inn i framtida, både for dei som lever i familiar som denne lova verkar for, og for resten av samfunnet vårt. Lova vil gjere samfunnet vårt rikare, og det vil vere djupt umoralsk å frata barn og foreldre desse rettane. Difor ser me fram i til at lova blir vedteke, og gler oss til å feire på taket av operaen den 20. juni.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: