h1

Raudt – eit gubbeparti med stalinistisk 70talsprofil?

Måndag, 7 juli 2008

Kronikk i KK 28. februar 2008

Dei siste vekene har det kome mange påstandar om Raudt i Klassekampen og andre media. 70-talskultur, yngre slepper ikkje til, gubbeparti. Me lar feil miljø dominera partiet. Me vil ikkje samarbeida med fagrørsla eller andre parti.

KONFLIKTSKY FEMINISME?
Stine Akre seier i KK 12. februar at “Unge jenter i Rødt dras lett med, og blir gitt posisjoner og verv. Men dersom de ytrer seg kritisk, er de også lette å kibbe ut.” Gudrun Kløve Juuhl hevdar at Raudt har ein “konfliktsky feiministsisk ideologi”. Ho skildrar ein kultur der jenter blir sett til å skriva saman med eldre kvinner, og til å ytra tankane sine i gruppediskusjonar slik at kontroversane vert tekne før dei kjem ut i ålmenta (KK 20.02).

Eg kjenner meg ikkje igjen i denne kritikken. Sjølv har eg aldri opplevd å bli oppfordra til å skriva artiklar saman med meir erfarne kvinner. Poenget med å jobba i grupper er ikkje å tvinga fram ei meining, men å gjera det tryggare å hevda meiningane i ålmenta, fordi me får gått gjennom motargument på førehand. Intensjonen bak gruppediskusjonar og kollektiv jobbing er å bli trygg på å ta politiske konfliktar utan å ta det personleg at folk er usamde.

Vinklinga i Klassekampen har hatt som premiss at det ikkje finst sentrale kvinner i Raudt. Det er ei usynleggjering av kvinnene som sit i leiinga i Raudt no, og dei som har ulike leiande verv rundt om i landet. Dei som har uttala seg er heller ingen uviktige figurar i Raudt: Stine Akre er gruppeleiar i bystyregruppa i Bergen, Marte Mjøs Persen har vore nestleiar i RV og bystyremedlem i Bergen, Gudrun Kløve Juuhl er tidlegare kvinnepolitisk ansvarleg og AU-medlem i RV. Det er altså ikkje sånn at unge kvinner med sterke meiningar ikkje får posisjonar.

Klassekampen kan sikkert finna eksempel på kvinner, både yngre og eldre som har forlatt Raudt, og RV og AKP før det. Ein del av desse kvinnene har vore usamde med politikken til partiet og teke konsekvensen av det, eit ærleg val. Men ein del av kvinnene som ikkje har verv lengre har andre oppgåver som dei jobbar med, som til dømes arbeid i fagforeining eller organisasjon, eller at dei har ein endra livssituasjon som gjer at dei ikkje har tid akkurat no.

Som eit feministisk parti meiner me at det er politisk viktig å kjempa mot kvinneundertrykkande mekanismar heile tida. Me diskuterer jamnleg korleis me praktisk skal få til å vera eit parti der kvinnekamp er sentralt, og der kvinner har innflyting på politikkutforminga. Me har allereie formelle mekanismar som kvotering til leiing og utval, og me har kvinnekamp som eit grunnelement i politikken vår. Det er likevel ikkje bra nok, men det at me prøver å bli betre må ikkje innebera ei underkjenning av det arbeidet me gjer og dei folka me har.

Kjersti Ericsson sa til KK 20.02. at kvinnelege leiarar blir utvikla gjennom at dei er med på å utvikla ny politikk, og at ein ikkje kjem så langt med å diskutera partikultur og organisasjon. Eg meiner det er viktig å ha formelle strukturar og politisk innretting som gjer at kvinner får rom til å utvikla ny politikk, men eg er samd med KE at det viktigaste er å ta dei politiske diskusjonane, eg oppfattar at det også var intensjonen i utspelet til Gudrun Kløve Juuhl.

GENERASJONSKONFLIKT
Ordtaket seier at det finst svarte løgner, kvite løgner og den verste; statistikk. Gjennomsnittsalderen i Raudt-leiinga er rundt 42 år, altså eit ganske lågt gjenomsnitt samanlikna med andre parti. Men Raudt har svært få medlemmar i alderspennet 35 til 50. Kva årsaken til at folk fødd mellom 1958 til 1973 ikke er aktive i Raudt kan ha mange svar, og er ei utfordring også andre organisasjonar og parti har. Men konsekvensen er at Raudt manglar ein erfaren generasjon i tredve-førti-åra som har vore i partileiinga eller vore leiande på viktige politiske område. Det er dette utgangspunktet me er i, og då trur eg ikkje det hjelper å t.d. bytta ut alle dei erfarne eller gamle i leiinga. Me må finna måtar for at dei uerfarne eller unge blir verande, og korleis få med nye flinke folk i alle aldrar og kjønn.

INNFLYTELSE OG SAMARBEID
Raudt har innflytelse i mange viktige kampar som foregår i dag. Mange fagforeningsaktivister er medlemmer av partiet. Trondheimskonferansen er eit eksempel på det der mange av innleiarane var Raudt-medlemmar, og der raudt-medlemmar har vore med på organiseringa av konferansen. Fagleg utval leia av Siri Jensen er viktige i arbeidet for å bevara AFP, for likelønn osb. I arbeidet mot krigen i afghanistan har internasjonalt utval i Raudt ei viktig rolle.

Eg trur Raudt har stort potensiale fordi me gjennom partisamanslåinga og stiftinga av Raudt løyste opp i ein del gamle konflikter, og engasjerte ein del nye folk. Samtidig er me omtrent dei same folka som var RV og AKP, sånn at auka oppslutning og innflytelse må skje gjennom at me mobiliserer nye folk og nye miljøer.

Raudt gjekk fram i kommunevalet, men ikkje så mykje fram som mange skulle ønska. Eg trur ikkje me kan måla vårt potensiale i framgangen og tilbakegangen til SV i val. På den eine sida er det alt for breitt, ein del av dei som gjekk over til å stemma SV dei siste vala hadde stemt på parti lengre til høgre, og er difor ikkje nødvendigvis potensielle Raudt-veljarar. På den andre sida er det alt for snevert, eg skulle gjerne sett at me mobiliserte dei som ikkje pleier å stemma ved val, eller grupper som ikkje nødvendigvis identifiserer seg med nokon brei venstreside. Stiftinga av Raudt kunne ikkje utløysa det i seg sjølv, det krever at partiet klarer å knekka den vanskelege nøtta som me har prøvd å knekka veldig lenge, og som er liknande utfordringar venstresida over heile verda slit med. Me må ha ambisjonar, men ikkje så høge ambisjonar at me blir skuffa fordi me ikkje har oppnådd det umoglege.

Mykje av kritikken mot Raudt dei siste vekene har vore urimeleg (til dømes at Raudt ikkje vil samarbeida med fagrørsla), eller lite konkret. Først når kritikken blir fulgt opp med konkrete utspel om kva slags politikk, organisering eller arbeidsform Raudt burde hatt i staden får ein skikkeleg grunnlag til å ta debatten.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: