h1

Rapport frå internasjonal valdelegasjon til Euskal Herria (Baskarland) i samband med det spanske parlamentsvalet 9. mars 2008.

Fredag, 11 juli 2008

Det blei laga ein rapport frå den internasjonale valdelegasjon til Euskal Herria (Baskarland) eg deltok på i samband med det spanske parlamentsvalet 9. mars (sjå førre bloggpost). Rapporten er på engelsk og spansk. Viss du vil ha rapporten kan du senda meg ein e-post til ingrid at raudt.no eller ringa meg, under har eg skrive ein kortversjon av rapporten på norsk. Rapporten har blitt referert til i ein artikkel i Klassekampen i dag av Sissel Henriksen som har vore i Spania på “Women’s Worlds – Mundos de Mujeres“-konferansen.

Rapport frå internasjonal valdelegasjon til Euskal Herria (Baskarland) i samband med det spanske parlamentsvalet 9. mars 2008.
Delegasjonen varte frå 5.-10. mars og besto av folkevalde, juristar, journalistar og aktivistar frå ulike europeiske land. Målet var å sjå med eigne auge den eksepsjonelle situasjonen i Euskal Herria i forhold til befolkninga sine manglande politiske og sivile rettar. Delegasjonen var invitert av uavhengige representantar i det baskiske parlamentet og lokalpolitikarar. Gjennom samtalar med organisasjonar og enkeltpersonar fekk delegasjonen innblikk i den vanskelege situasjonen befolkninga i Euskal Herria lever under.

Brot på politiske-, sivile- og menneskerettar
Delegasjonen såg fleire alvorlege forhold. Landsbyar og byar som Lizartza og Ondarroa har fått innsett bystyre utanfrå, mot vilja befolkninga har uttrykt demokratisk gjennom val. Venstresideparti- og aktivistar som er for baskisk sjølvstyre blir straffeforfulgt, og konsekvensen blir at befolkninga har blitt redd for å uttrykka meiningane sine. Det spanske politiet driv utstrakt bruk av tortur. Partilova blir endra «ad hoc» for å gjera arbeid for baskisk sjølvstyre ulovleg. Den spanske staten prøver å kvela idear om sjølvstende gjennom å kvela den delen av venstresida som er for sjølvstende. Dette blir gjort gjennom forbod og straffeforfølging. Den spanske staten viser ingen reell interesse for å løysa konflikten.

Forteiing og isolasjon
Delegasjonen gjekk opent ut med eit ønske om å møta eit breitt spekter av parlamentariske grupper i det baskiske parlamentet, men fekk berre møtt to grupper. Det er sannsynleg at den manglande interessen var ein del av isoleringa av dei uavhengige representantane opplever.

Delegasjonen vil oppfordra til:
– oppheving av den spanske partilova.
– at europeiske regjeringar bryr seg om situasjonen i Baskarland.
– at EU tar ei aktiv rolle for å løysa ein konflikt i to av medlemslanda sine, og oppretter ein spesialkommisjon om den baskiske konflikten.
– intitiativ mot menneskerettsbrota i Baskarland, og til forhandlingar om ei løysing av konflikten i kraft av FNs menneskerettighetsråd.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: