h1

Raudt og hijab

Måndag, 16 mars 2009

8. marstoget i Oslo blei eit spesielt arrangement. Toget blei splitta, og feministar og antirasistar med ulike bakgrunnar diskuterer kva som gjekk gale og kven som har gjort feil. Eg uttala meg til Frontlinjer, Raudt laga pressemelding som mellom anna resulterte i oppslag i Klassekampen 10. mars, ein kommentar frå KK-jorunalist Christiane Jordheim Larsen 11. mars, og eit nytt KK-oppslag – Bare Frp som vinner 13. mars.  Eg har også skrive eit par tilsvar i Klassekampen, siden dei ikkje legg lesarbrev på nett, så legg eg dei her når dei er trykt.

Eg har håp om at diskusjonen skal munna ut i nokon felles idear om korleis ein kan støtta muslimske kvinners kamp både mot islamofobi og kvinneundertrykking, utan å splitta verken dei eller oss unødig.

Frontlinjer skreiv artikkel om saka 8. mars, Brøyt ut av toget etter hijab-brenning på kvinnedagen, Der sa eg:

– Her fungerer 8. marskomiteen splittende på kvinnebevegelsen. Jeg lurer veldig på hva slags vurderinger som ligger bak denne spontane og ikke varsla forandringa i programmet som nok ville gjort at flere tenkte seg om i forhold til arrangementet, sier Ingrid Baltzerzen, nestleder i Rødt, til frontlinjer.no.

– Nå hadde en sjansen til å få med seg hundrevis av unge feminister i hijab, som i stedet endte opp med å føle at kvinnebevegelsen var mot dem, sier Baltzersen.

– Man må fortså at hijab betyr mange ting. Plagget har selvfølgelig treligiøse elementer i seg og alle religioner har kvinneundertrykkende trekk, men det blir like relevant som å si at miniskjørt er undertrykkende. I kvinnebevegelsen, og i et 8. mars-tog, skal det være rom for både hijab, miniskjørt og høyhelte sko, sier hun.

Raudt laga pressemeldinga Felles front mot fremmedfrykt om hendingane 8. mars, der me også lanserte møtet me skal ha mot muslimhets, torsdag 19. mars kl. 19.00 i antirasistisk Senter, Storgata 25. Me seier mellom anna:

Den økende polariseringen i den offentlige debatten bekymrer Rødt-politikeren. Det er bakgrunnen for at partiet tar initiativ til et møte med norske muslimer og representanter fra antirasistiske miljøer torsdag 19. mars. Målet er å samle til en felles front mot fremmedfrykt og rasisme.

– Vi har hatt nok dialogmøter. Nå er det på tide å slå tilbake. Norge har en stolt tradisjon for toleranse og inkludering å se tilbake på. Vi ønsker å gjenreise den antirasistiske bevegelsen, avslutter Baltzersen.

– Vi har fått et stadig mer polarisert og ekstremt debattklima som bare bidrar til å gjøre hverdagen vanskeligere for minoritetskvinner. Norsk offentlighet er i ferd med å bli en frihavn for hatefulle angrep på etniske og religiøse minoriteter med muslimene som viktigste målskive, sier Baltzersen.

—-

Raudt og hijab (lesarbrev på trykk i Klassekampen 12. mars 2009)

Hijab-brenninga på torgmøtet 8. mars i Oslo splitta toget. To hundre, dei fleste jenter med hijab, blei ståande igjen på torget då toget gjekk. Christiane Jorheim Larsen ser i sitt angrep på meg i KK 11.03 bort frå det at toget, og dermed kvinnerørsla, på grunn av måten dette blei handtert på blei tvungne til å anten støtta dei to hundre kvinnene som blei ståande igjen, eller Sara Mats Azmeh Rasmussen og dei andre som kjempa mot hijaben. Raudt ville ikkje la dei to hundre kvinnene bli ståande aleine. Det var bakgrunnen for at Raudt gjekk ut med krav om at 8. marskomiteen måtte ta ansvar og beklaga hendinga. Det har dei også gjort, blant anna gjennom lesarbrevet til Ane Stø 10.03, og uttalelsane frå samordingsgruppa ved Tiril Svensen.

Raudt er eit sekulært parti, og er dermed ikkje som sådan positive til hijab. Eller nonnedrakter, dastarer (turbanen til sikhane), kippaer (kalotten til jødane), eller andre religiøse klesplagg. Me ser også det problematiske i det vestlege skjønnhetsidealet, der høghela sko og miniskjørt gjer det vanskeleg å bevega seg fritt. Me vil støtta kvinner som ønsker å ta av seg hijaben, og me tar skarp avstand frå tvang til å bruka hijab. Me er ikkje mot at Azmeh Rasmussen, eller andre, vil aksjonera mot hijab. Men åttandemarstoget kan ikkje bruka eit så sterkt verkemiddel, som brenning av eit religiøst symbol, mot deler av sitt eige tog.

Rasismen mot muslimar er den sterkaste rasismen i vesten i vår tid. Grunnen er at me deltar i kriger mot muslimske land, og må skapa oss fiendebilder for å legitimera krigen. Kvinnekroppen er ein del av krigens kamparena, der hijaben, på eller av, har blitt eit viktig symbol. Raudt vil kjempa for at norske muslimske kvinner blir sett på som individ i Norge, og at deira personlege religiøse val skal respekterast.

Raudt vil støtta både parolene «Nei til hijabtvang», og «Lik rett til arbeid, med og uten hijab!»

Oppdatering 18.03.2009:

Raudt og hijab igjen (lesarbrev på trykk i Klassekampen 18. mars 2009).

Ane Stø kritiserer i KK 16. mars utspela Raudt hadde i etterkant av hijabbrenninga på torgmøtet 8. mars i Oslo. Ho seier at venstresida står i fare for å halda muslimske kvinner som gisler i kampen mot rasisme. Ho meiner ein må kunna både protestera mot tvangshijab og mot diskriminering av kvinner som bruker hijab.

Så langt er me samde, og eg har også forsøkt å få dette fram i mitt innlegg i KK 12. mars. Problemet 8. mars var korleis dette blei gjennomført i praksis. Raudt meiner at det kan vera rett med symbolbrenning av hijab, også på 8. mars, men at ein skal respektera grunnlaget for arrangement ein deltar i. Åttandemarstoget er eit arrangement der alle tilslutta organisasjonar har vedteke parolane. Hijab er ikkje ei enkel feministisk sak der det er ein fasit, nokre kvinner vil kasta hijaben og opplever press og tvang mot det, nokre kvinner vil gå med hijab, og opplever press og tvang for å ta av hijaben. Må åttandemarstoget velga mellom ulike kvinner sin rett til å velga sjølv?

Då det blei annonsert at det skulle brennast hijab, og at dette var godkjent av åttandemarskomiteen, opplevde dei som sto på Youngstorget at viss dei deltok i toget ville dei stå inne for denne parola. Me blei tvungne til å velga side. Raudt synst dette fungerte splittande, og det var bakgrunnen for utspela våre.

I viktige symbolsaker for folk kan ein ikkje velga begge sider samtidig og tru at alle skal berre akseptera at alle ytringar er like fine. Konsekvensen såg ein 8. mars, Sara Mats Azmeh Rasmussen brant hijaben på scena, og to hundre kvinner blei ståande igjen då toget gjekk.

Rasismen mot muslimer er den sterkaste rasismen i vesten i vår tid. Rasismen kjem fordi me må skapa oss eit fiendebilde når me krigar mot muslimar i Irak og Afghanistan. På veg inn i ei økonomisk krise, skal me også vera på vakt mot elitar som kan ha en interesse av auka splitt og hersk. Ein må kunna sjå kva samanheng handlingar skjer i, så me ikkje sett muslimske kvinner som slåst for saker me er einige i opp mot kvarandre.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: