h1

Kvinnekroppen som kamparena i «krigen mot terror»

Onsdag, 30 september 2009

I siste nummer av tidsskriftet Rødt!, #3 2009 forklarer eg kvifor eg synst kampen mot muslimhets er så utruleg viktig. Eg har kalla artikkelen Kvinnekampen som kamparena (i krigen mot terror), for å få fram at diskusjonen om kvinneundertrykking i muslimsk kultur ikkje er noko som skjer i eit vakum i Noreg.  I artikkelen trekker linjer til den såkalla krigen mot terror, teorien om clash of civilizations, og skriver om korleis kvinnekroppen blir eit symbol i krig. Det er ikkje lange artikkelen, så det er enklast å følgja lenkja, og lesa heile. Men eg klipper eit par smakebitar her, først innleiinga:

Forslaget om å tillata hijab i politiet skapa ein utruleg oppheita debatt i vinter. Det føyer seg inn i rekka av debattar som handlar om kvinner og islam, eller kvinner og tradisjonar frå muslimske land. Debatten har også fått valdelege utslag, det er rapportert om angrep på kvinner med hijab både i Trondheim og Sandnes.

Kvifor er kvinnekroppen den arenaen som kampen om innvandring og verdiar skal utkjempast?

Her skriver eg om kvinnekroppen som kamparena i krig, det skulle eg gjerne ha skrive meir om:

I patriarkalske samfunn, samfunn basert på mannsmakt, er kontroll av kvinna viktig. Ein ser private utslag av det når menn dreper kvinner som vil skilja seg frå dei, eller dreper døtrene sine fordi dei har øydelagt æra til familien sin. Men kontroll av kvinner og kvinners seksualitet skjer også utanfor familien. Og det blir spesielt satt på spissen i krigstid. Eit døme frå Noreg er behandlinga av kvinnene som hadde hatt forhold til tyske soldatar, dei såkalla «tyskertøsene». Dei som var kjærastar med tyske soldatar, eller hadde forhold til dei og fekk fine ting av dei, ødela for krigsmotstanden til andre gjennom å gjera det meir behagelig å vera tysk soldat, og gjennom å gjera det tyngre for andre å ikkje ha skikkeleg mat og klær. Men det var lite dei tente på å fraternisera med fienden, i forhold til dei som hadde økonomisk gevinst av å selga varer og tenester til tyskarane. Då okkupasjonen av Noreg var slutt var det likevel desse kvinnene som blei hardast straffa, gjennom å bli banka opp og trakkaserte, ei stigmatisering som også smitta over på ungane deira.

Motstandskamp mot krig og okkupasjon blir kjønna. I Palestina blir morsrolla framheva, både av palestinarane og av israelarane. Det å føda mange barn som kan bli stolte palestinarar, er sett på som ein viktig del av motstandskampen. Reint praktisk fører det til store offer, for kvinner som risikerer å mista barnet eller livet når dei blir stoppa på israelske check-points fordi dei prøver å komma seg til sjukehus. Og israelarane framstiller palestinske mødre og barnefødslar som ein demografisk trussel, og som eit eksempel på at araberane er kulturelt tilbakeståande. Ein ser også auke i kjønnsbasert vald i krig, menn som har mista kontroll over eige liv på grunn av okkupasjon, kan i alle fall kontrollera kvinner og born.

Og konklusjonen på artikkelen:

Kvinner kom i stort mon ut i arbeidslivet i Noreg på 60- og 70-talet. Samtidig oppstod ei rørsle for barnehagar, for abort, mot porno, for likelønn. Det at kvinner hadde ei sjølvstendig inntekt, gjorde at dei også kravde tiltak som kunne gjera at dei kunne fortsetta å ha inntekta. Dei kravde også å få vera fullverdige menneske, altså ikkje seksualobjekt og samtidig frie til å ha ein seksualitet utan å vera gift, eller utan å måtta få barn sjølv om ein var gift. Det var materielle årsaker som gjorde at kvinner kom ut i arbeidslivet, og den materielle endringa la grunnlaget for ei rørsle som stilte krav. Korleis den rørsla blei, kom av politiske val som har blitt gjort, og politiske diskusjonar om kva som er rektig. Men det materielle grunnlaget for rørsla måtte finnast for at ho skulle voksa til.

Fordommane om at alle muslimske kvinner er ofre for diskriminerande kultur og religion, skjuler dei faktiske problema kvinnene har. MiRA – Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner har i alle år lagt vekt på at mange av problema innvandrarkvinner møter kjem av innvandringspolitikken og gjeldande utlendingelov. Minoritetskvinner møter som innvandrarar diskriminering i arbeidsmarknaden, i boligmarknaden og ellers i samfunnet. MiRA-senteret legg også vekt på at valden innvandrerkvinner opplever, ikkje er eit kvinneproblem, men eit sammfunnsproblem. Konkrete problem må løysast med konkrete løysingar. Innvandrarkvinner kan ha spesielle utfordringar når dei opplever vald i nære relasjonar, som språkbarrierer, manglande nettverk, usikkerheit knytta til opphaldsløyve (tre års regelen), og redsle for kva som venter ved eventuell heimsending og økonomisk avhengigheit til valdsutøvaren. Nokre av desse problema liknar dei utfordringane krisesenterrørsla har arbeida med, og nokre av dei er nye. Men viss ein berre ser på problema som kvinner med muslimsk bakgrunn har som problem på grunn av islam eller spesifikk kultur, ser ein bort frå det ein kunne hatt av felles erfaringar på grunn av klasse, kjønn, bygd eller by, religiøsitet eller sekularisme, eller felles interesser i ei konkret sak.

Det er feil å ekskludera kvinner frå arbeidslivet eller frå utdanning på grunn av religiøse, politiske eller personlege val dei har tatt i forhold til symbol/klesplagg. Anten det gjeld eksplisitt gjennom forbod mot hijab i det offentlege rom, eller gjennom stigmatisering av desse kvinnene som gjer at dei føler seg ubekveme i det offentlege rom. Uansett kva ein meiner om hijaben, så er det betre å opna for økonomisk sjølvstende, og dermed at kvinner lettare kan ta eigne personlege og politiske val, enn å ekskludera dei frå det fordi ein meiner dei er undertrykte.

Dei private vala til kvinner med muslimsk bakgrunn blir politisert, som ein følgje av ideologien rundt the clash of civilizations og krigen mot terror. For å få slutt på det må me få fram kva krigane muslimske land er, det er krigar om kontroll over ressurser, marknader og transportruter, ikkje krigar for demokrati, menneskerettar og kvinnefrigjering.

One comment

  1. Det er detet man kan forventer av alle nazi sosialister. Alltid forklarer de at det er greit med kvinne undertrykkelse..bare at det er i allah navn.
    http://kabylia.wordpress.com/2010/02/03/skal-de-stoppe-rettssaken-mot-geert-wilders/



Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: