Archive for juli 2011

h1

«Vi er så få her i landet;

Fredag, 29 juli 2011

hver falden er bror og ven», har blitt sitert ofte den siste veka. Og det er sant som Nordahl Grieg skreiv, dette har berørt oss alle. Mange lokalsamfunn får ikkje tilbake ein ungdom, eller dei får tilbake ungdommar som har opplevd ting dei fleste her i landet ikkje kan forestilla seg. Mange kjenner nokon som skulle ha vore på jobb i eller nær regjeringskvartalet, eller som kunne ha vald å gå over Einar Gerhardsens plass viss været var fint og dei skulle på kino på vestkanten eller ta ein utepils på austkanten. Me har alle blitt minna om kor skjørt livet er, når nokon er bestemt på å ta det frå ein.

Etter kvart må me også diskutera: Kva dreiv terroristen til å handla som han gjorde? Kva miljø finst som propaganderer dette hatet? Eg har plukka fram fleire artiklar og ei bok som eg synst er ein god start på denne diskusjonen.

Tidlegare RV-leiar Aslak Sira Myhre har skrive ein kommentar i Guardian, Norway attacks: Norway’s tragedy must shake Europe into acting on extremism. Der skriv han:

When the world believed this to be an act of international Islamist terrorism, state leaders, from Obama to Cameron, all stated that they would stand by Norway in our struggle. Which struggle will that be now? All western leaders have the same problem within their own borders. Will they now wage war on homegrown rightwing extremism? On Islamophobia and racism?

Den svenske forfattaren og journalisten Andreas Malm har kronikken Voldelig islamofobi i Dagbladet. Der skriv han:

For det som slår den som leser Breiviks verk, er først og fremst hvor fryktelig normalt det er. De første 650 sidene, før det dveles ved militærtaktikk og logistikk for massedeportasjon, likner til forveksling innholdet i blogger, bøker og borgerlige tidsskrifter med stor utbredelse i Europa.

Malm har også laga boka Hatet mot muslimene. Det er ei tjukk, men viktig bok no, som eg håpar fleire tar seg tid til å lesa. Bjørn Østby har meldt boka her.

Til slutt tar eg med Ola Larsmo sin kommentar Så kan språket bana väg för massmord i svenske DN:

Attentaten i Norge för tankarna till den hets mot invandrare som präglade Sverige under början av 90-talet. Det är en kamp om ord – varje dag måste vi tänka på hur vi använder dem.

(…)

Och naturligtvis är det så det språk som banar väg för ett massmord fungerar. Det går inte heller att förbjuda eller censurera bort. Vi måste helt enkelt dag för dag ta ansvar för vad vi säger och skriver. Helst av allt skulle jag önska att de människor som gjort sig vana vid att använda ord som ”kulturberikare”, ”kulturmarxister” eller ”Eurabia” tittade sig i spegeln och ställde sig frågan vad de håller på med. Det vore det allra bästa. Men jag tror inte det kommer att hända. Inte så länge det på Flashback finns en tråd som heter ”Varför Behring Breivik är en hjälte” (cirka 1 200 inlägg). Och inte så länge företrädare för Sverigedemokraterna återigen försöker bortförklara massmordet med ”multikulturalismen”.

Ansvaret ligger på alla andra, att med Stoltenbergs ord bemöta våldet ”med mer öppenhet, mer demokrati, mer humanitet”. Det rasistiska språkspelet ska inte åter tillåtas forma det offentliga samtalet.

Advertisements
h1

Redd trikken!

Onsdag, 20 juli 2011

Byrådet har endeleg levert ei byrådssak om kjøp av nye trikkar, etter at bystyrefleirtalet fleire gonger har vedtatt det, og at det trengst ein trikkestrategi. Desverre var det ikkje mykje å venta på. Byrådet finn ikkje pengar til nye trikkar, dei vil ikkje kjøpa nye trikkar før vedlikeholdsetterslepet på infrastrukturen er tatt inn, noko dei heller ikkje har pengar til, og for øvrig vil dei utreia alternativ til trikk.

Dette er vil realiteteten uansett bety kroken på døra for trikken, i påvente av
pengar til infrastruktur, og så eventuelt ei bestilling av nye trikkar, så vil trikken
rotna på rot. Difor har ein kollega av meg laga facebookgruppa Redd trikken i Oslo, bli med der!

Eg har sendt eit brev til byrådet, limt inn under.

———————-

Raudt Oslo Bystyregruppa
Rådhuset
0037 Oslo

17. juli 2011

Byråd Jøran Kallmyr

Spørsmål til byrådssak 167 ØKONOMISK GRUNNLAG FOR TRIKKEANSKAFFELSE

Byrådet skriv: Trikkedriften har svært høye verkstedkostnader. Utskifting av trikkene vil føre til en betydelig reduksjon i verkstedkostnader. Den største utfordringen ved en eventuell trikkeanskaffelse er imidlertid at infrastrukturen er i så dårlig forfatning at Ruter fraråder å sette nye trikker i drift før vedlikeholdsetterslepet på 1,3 milliarder kr. er tatt igjen og at det er etablert et årlig nivå på vedlikehold av infrastrukturen på vel 150 mill kroner årlig.

Denne påstanden er parallell til at samferdselsetaten skulle anbefalt Oslo kommune og befolkninga her å ikkje kjøpa bilar før standarden på vegane er i akseptabel forfatning. Dei fleste byar i Europa som har kontinuerleg trikkedrift har ei blanding av god og dårleg infrastruktur. Det forholdet synest ikkje å påverka nyanskaffingar. Moderne trikkar toler å kjørast på infrastruktur av varierande kvalitet.

Spørsmål:
1.a) Er det undersøkt korleis andre trikkebyar handterer nyanskaffingar når dei har varierande kvalitet på infrastrukturen?
1. b) Har ein vurdert å setta nye trikker inn på linjer der infrastrukturen er god?

Byrådet skriv: Ruter fremholder at det ikke er tilrådelig å sette i drift nye trikker på dagens infrastruktur. Nedslitte skinner vil medføre at nye trikker raskere slites ned og at det vil være vanskelig å få gode avtaler med en vognleverandør gitt dagens standard på infrastrukturen.

Spørsmål:
2. a) Har byrådet undersøkt om ein kravspesifikasjon på ny trikk kan utformast med at han skal tola dårleg infrastruktur (med spesifisering av kva som er dårleg)?
Byrådet skriv: En plasskilometer med trikk koster i dag det dobbelte av en plasskilometer med buss i Oslo når man holder infrastrukturkostnader utenfor.

Spørsmål:
3. a) Eg ber om å få sjå underlagsmaterialet for desse tala.
3. b) Energiforbruket til driftsartane er ikkje omtalt i saka. Etter det eg kjenner til ligg ein plasskilometer med trikk på rundt halvparten av energiforbruket til ein plasskilometer med buss. Er det mogleg å få tal på energiforbruket til dei ulike driftsartane?