Archive for the ‘artiklar’ Category

h1

Kampanje mot muslimhets

Fredag, 3 august 2007

Eg har ein artikkel i neste Palestina Solidaritet, medlemsbladet til Palestinakomiteen.

Du finn heile bladet her.

——-

Kampanje mot muslimhets

Eg representerte Palestinakomiteen på Kairokonferansen saman med Hege Ramson. Kairokonferansen er ein årleg konferanse mot sionisme og amerikansk krigføring som starta i 2002. På kairokonferansen er det både store fellesmøter og små seminar, eit av dei seminara eg var på handla om erfaringane frå arbeidet mot rasisme retta mot muslimar i Kanada.

Den kanadiske studentføderasjonen starta på landsmøtet i Ontario 2006 ei prosjektgruppe for å undersøka behova til muslimske studentar på universitet og høgskular i Ontario. Bakgrunnen var både manglande bønnerom og andre praktiske problem for muslimar, men også at muslimar hadde møtt vald og hat.

Prosjektgruppa reiste rundt på universitet og høgskular for å høyra erfaringane til muslimske studentar. Dei opplevde at etter 11. september var det blitt ei vanskelegare atmosfære for muslimske studentar. Dei fekk rapportar om rasistiske kommentarar, som at folk blir kalla talibanar eller får beskjed om å dra til sitt eige land og bomba det. Ein kvinneleg professor fekk spraya ned døra si med «Suck Bin Ladens dick raghead lover». Den arabiske og muslimske studentassosiasjonen motttok dødstruslar. Prosjektgruppa fekk også høyra om rasistisk «profilering», til dømes fortalte ein student at tryggleiksvaktene hadde fått beskjed om å rapportera navna på «muslimsk utsjåande» personar som gjekk nær ein atomreaktor på universitetsområdet til den kanadiske etteretningstenesten.

Rapporten til prosjektgruppa konkluderer med at det meste muslimane opplevde var ikkje så alvorleg i seg sjølv, men det var mengden som gjorde at miljøet blei forgifta. Men Kanada har også hatt meir alvorlege åtak på muslimar. I 2002 blei ein kanadisk statsborgar av Syrisk opphav, Maher Arar, fengsla av amerikanske styresmakter då han mellomlanda i New York og sendt til Syria der han blei haldt fanga i 10 månadar. Arrar blei oppbevart i ei kisteliknande celle og torturert, men han blei lauslatt utan å ha blitt sikta for noko, og ein rapport som kom seinare konkluderte med at han var ein uskyldig dataprogrammerer, men på grunn av fabrikkasjon av bevis og inkompetanse hos det kanadiske politiet så hadde han blitt stempla som terrorist. Det er fleire saker med kanadiske statsborgarar som er fengsla i Syria på grunn av feilinformasjon frå kanadisk etteretning.

Innleiarane frå kanada sette den auka rasismen mot muslimar i samanheng med kanadisk deltaking i krigen mot Afghanistan. Ein krigsideologi fører til hat mot innvandrarar som kan identifiserast med «fienden», altså muslimane. Palestinakomiteen deltar i antikrigsinitiativ som Fredsinitiatviet, fordi me ser ein samanheng mellom åtaka på Irak og Afghanistan og situasjonen for palestinarane. Palestinakomiteen har lang erfaring i å bekjempa muslim-hets. Sionismen baserer seg på rasisme mot palestinarar, for det er det som har gitt sionistane «retten» til å ta landet deira. Det å kalla palestinarane for muslimske terroristar har vore ein måte å legitimera overgrepa frå staten Israel. I Noreg ser me no ein generell auka rasisme mot muslimar, og eg håpar me kan bruka erfaringane frå Kanada til å bekjempa dette. Arbeid mot rasisme retta mot muslimar kjem til å bli viktig i palestinaarbeidet framover.

Islamofobia Watch – Documenting the War against Islam
Rapporten til prosjektgruppa
Heimesida til prosjektgruppa

h1

Buru-kvartetten (+ nytt parti)

Torsdag, 11 januar 2007

Eg har skrive to bokmeldingar i Rødt! om Buru-kvartetten, fire fantastiske romanar. Eg limer inn den siste her, som handlar om bok 1. Den første bokmeldinga som handlar om alle fire bøkene finn du her.

Bokomtale

Buru-kvartetten, bok 1

ved Ingrid Baltzersen

Rødt! nr 4, 2006

Menneskenes jord

Pramoedya Ananta Toer: Menneskenes jord (bok nr 1 i Burukvartetten), Pax forlag, 2003


Pramoedya Ananta Toer bruka historiene i Buru-kvartetten for at han og medfangane skulle overleva fangenskapet på øya Buru i Indonesia, der han sat frå 1965–77. Diktaturet til Suharto fengsla Toer utan grunngjeving, men målet var likevel klart, gjennom heile fangenskapet forsøkte dei å kvela den kreative hjernen hans. Og forholda var endå verre enn under nederlendarane; då han sat i fengsel i 1947–49, fekk han i alle fall skriva. Det nykoloniale regimet til Suharto brente notatane hans.Menneskenes jord blei utgitt først i 1980, og toppa bestseljarlistene. I 1981 blei bøkene forbodne, og Toer blei skulda for å «spre marxist-leninistiske idear». Problemet var nok at skildringane av kolonistyret i Buru-kvartetten kan sjåast på som ein allegori over styret til Suharto.

Handlinga i Menneskenes jord startar i 1898, den dagen dronning Wilhelmina av Nederland blei krona. Kontrasten set stemninga i boka, hovudpersonen Minke er av javanesisk adelsslekt, men blir mobba av skulekameratane fordi han ikkje har europeisk blod. Den jamngamle nykrona dronninga blir dronning også over dei store koloniane.

Romanen er bygd opp rundt ei stor kjærleikshistorie. Minke blir forelska i Annelis Mellema, som er halvt nederlandsk. Mor hennar er ikkje gift med far hennar, ho er innfødt og konkubine. Likevel har ho kunnskap om mykje, ter seg avslappa, og driv selskapet til herr Mellema aleine, og Minke blir sjokkert og fascinert over at ho ikkje ter seg som rolla hennar tilseier.

Minke har vore interessert i modernisering, både teknologisk og politisk. Gjennom møtet med denne familien blir Minke også engasjert i forholda til fattigfolk. Ei av desse skjebnane er livet til Njai Ontosoroh, mor til Annelis. Njai blei seld av faren sin som konkubine til fabrikkdirektøren herr Mellema då ho var 14, mot 25 gylden og eit løfte om at faren skulle bli kasserar på fabrikken. Historia om Njai Ontosoroh blir den første han publiserer.

Skrivinga til Minke gjev han etter kvart problem med kolonistyret, som ikkje likar å bli utfordra, sjølv i litterære formar. Den nye familien hans får problem på grunn av det nederlandske rettssystemet, som ikkje gjev Njai Ontosoroh og ungane hennar nokon arverettar, sidan dei ikkje er gift og ikkje er europearar. Kampen om eigedommane deira, og etter kvart sjølve livet deira, er ei spanande forteljing som viser korleis kolonistyret bruka og kasta dei innfødde, og dei som ikkje var reinrasa europearar. I denne boka kjempar Minke aleine, med hjelp frå nokre få gode venner. I dei neste bøkene oppdagar han det nye våpenet som heiter organisering.

Eg skreiv forresten også opninga til Rødt! nr. 4 2006, om Nytt parti.

h1

Arkiv: artiklar om sosialisme

Fredag, 1 september 2006

Her er artiklar eg har hatt om sosialisme/revolusjon:

Ingrid Baltzersen: Omtale av Magnus Marsdal og Bendik Wold: Tredje venstre (RF 4, 2004)
Ingrid Baltzersen: Korleis får me sosialistisk folkestyre? (R! 4, 2005)

h1

Arkiv: Utopi

Fredag, 1 september 2006

Her er eit tema eg har forsømt meg på. Legg ut lekkje til den eine artikkelen eg har publisert:

Ingrid Baltzersen: Bøker om draumesamfunn (RF 2, 2004)

h1

Arkiv: Kvinnekamp

Fredag, 1 september 2006

Her er aktiklar eg har skrive om kvinnekamp:

Ingrid Baltzersen: Æresdrap (DM 300102)
Ingrid Baltzersen: Kven er far? (DM 310502)

h1

Arkiv: Midtausten

Fredag, 1 september 2006

Her er artiklar eg har skrive om Midtausten:

Ingrid Baltzersen: Bruddet – hellige krigere og en ny verdensorden av Kari Vogt og Anders Heger (RF 3, 2002)
Ingrid Baltzersen: Egil Fossums Hos de kristne i Midtøsten. Fra Alexandria til Aleppo (RF 1, 2004)

h1

Arkiv: Palestina

Fredag, 1 september 2006

Dette er artiklane eg har skrive om Palestina:

Ingrid Baltzersen: Palestina etter bombinga av Afghanistan (RF 4, 2001)
Ingrid Baltzersen: Israel Shamir: Blomar frå Galilea (RF 4, 2002)
Ingrid Baltzersen: Vegkart for fred eller ny katastrofe? (DM 110503)
Ingrid Baltzersen: Palestina: Vegkart til fred eller highway to hell? (akp.no 6, 2003)
Ingrid Baltzersen (intervju): Stopp møta med Sharon, Jan Petersen! (akp.no 8, 2003)
Ingrid Baltzersen (intervju): Nekta innreise (akp.no 10, 2003)
Ingrid Baltzersen: Viss Sverige bomba Noreg 16. mai … (akp.no 10, 2003)
Ingrid Baltzersen og Arnljot Ask: Støtt palestinerne! (akp.no 3, 2004)
Ingrid Baltzersen: Sionismen i Israel i dag (RF 2, 2004)
Ingrid Baltzersen (intervju): – Ingen fred uten frihet! (akp.no 6, 2004)
Ingrid Baltzersen: Kvifor bur det to folk på same landområde? (RF 3, 2004)
Ingrid Baltzersen: Ein eller to statar i Palestina? (RF 3, 2004)
Ingrid Baltzersen (intervju): Er det håp i Palestina? (akp.no 10, 2004)
Ingrid Baltzersen: Boikott varer fra Israel! (akp.no 1, 2006)