Archive for the ‘gatekunst’ Category

h1

gatekunstnarar pyntar muren i Palestina

Fredag, 7 desember 2007

Santa’s Ghetto er eit kunstprosjekt i opposisjon til jula, eller som dei seier det sjølv: «Santa’s Ghetto is probably the worlds» most low-consept art event. Every year we assemlble a loose collection of the grat unwashed to hawk their artistix wares on the high street amongst the mindless sham and drudgery of the christmas season. This year we’ve moved out of Oxford Street into a former chicken shop on Manger Square in Bethlehem opposite the Church of the Nativity (where Santa Claus was actually born).» Bileta er veldig kule, anbefaler å sjekka dei ut! Sida fungerer som ein slags jolekalender, så berre å gå inn kvar dag og sjekka om det har kome noko nytt.

sam3_camel banksy

Gatekunst på muren i Palestina er noko fleire har drive med, til dømes Banksy, som også er med i Santa’s Ghetto Betlehem 2007. Det mest kjente av Banksy-bileta frå palestina er vel ballongjenta som er ein av dei få på Vestbreidda som har moglegheit til å reisa ut.

banksy

h1

laurdag og Bergen

Laurdag, 4 november 2006

Laurdag er favorittdagen min. I alle fall viss eg ikkje har møte og ikkje er fyllesjuk. Då kan eg sova lenge, drikka kaffi, høyra på P2 på dei sære programma dei har funne på, som Studio Sokrates, Jungeltelegrafen og Et delikat problem.

I Bergen er alle fridagar favorittdagen min. Sist fredag var eg der, og eg og Åsne gjekk på ein ny kafe som var i det gamle verneverdige apoteket Bien på Danmarks plass. Dei bruka originalinteriøret, og ei av dørene hadde ein fantastisk advarsel mot gift:

gift-lite.JPG

I Bergen er det mange stensil-kunstnerar, har ikkje sett så mykje av det i Oslo, men så er eg jo ein gatekunstignorant. Her er ein fin eg såg no sist, spraya opp utanfor ein klesbutikk. Er den flottaste badedraktmodellen eg har sett i alle fall 🙂

badedraktmodell-lite.JPG