Archive for the ‘lesarbrev’ Category

h1

Skuffet over støtte til Nina Karin Monsens hets

Onsdag, 22 april 2009

Dette lesarbrevet er på trykk i Klassekampen i dag.

Bjørgulv Braanen uttrykte 18. april på lederplass støtte til Fritt Ords pris til Nina Karin Monsen. Fritt Ord hevder Monsen gir «gjennomreflekterte og uavhengige bidrag til en friere offentlig debatt», og trekker særlig fram hennes siste bok, Kampen om ekteskapet og barnet. Rødt mener Monsens hatske utfall mot lesbiske i fjor sommer viser at hun ikke bidrar til en fri debatt, men bruker ytringsfriheten sin for å skade andre. Hennes sammenlikninger av lesbiske med avlsdyr, og sæddonorer med krigsvoldtektsmenn sier sitt.

Fritt Ords støtte er ikke bare for at Monsen har stått på i forhold til uvanlege standpunkt. Fritt Ord berømmer Monsens standpunkt som «gjennomreflekterte bidrag». De bidrar dermed til å sende unge lesbiske, homofile og bifile lengre inn i skapet.

Advertisements
h1

Kolonihagar

Sundag, 5 august 2007

Det å stilla til bystyret gjer at eg føler meg veldig som innbyggar av Oslo (finst det forresten eit fint ord for det, sånn som «siddis» er person frå Stavanger?) Det hjelper jo også å ha kjøpt eit stykke av byen som eg må betala på i mange år framover (jf. Eg har blitt groruddøl).

Så no meiner eg noko om kolonihagar i Oslo også, og har til og med fått det på trykk i Aften Aften!


Oslo treng grøne lunger

Mange draumer om å få ein kolonihage med hytte, eller berre ein liten parsellhage å grava i. Men i Oslo må folk stå på venteliste i fleire år. I eit innlegg i Aften 24. juli hevdar Oslo SP at deira er det einaste partiet som går til val på fleire kolonihagar. Det er heldigvis feil, i valprogrammet går Oslo RV inn for oppretting av nye parsellhagar og kolonihagar.

Det går til dømes an å oppretta kolonihagar på områda som vert frigjorte på Økern når Ring 3 vert lagt i tunnel, og langs Mariholtveien kan det opprettast fleire parsellhagar. Me må òg byggja ut friområdefunksjonen til kolonihagane. I ein by der tusenvis slit med luftvegslidingar, treng me grøne lunger meir enn nokon gong.

RV vil stå på for kravet om utbygging av kolonihagar i Oslo.

Ingrid Baltzersen
2. kandidat for RV til Oslo bystyre
Nestleder i RV/Rødt

h1

Lesarbrev til KK: Det trengst eit nytt parti!

Fredag, 9 februar 2007

Eg har skrive eit lesarbrev til Klassekampen, reknar med det kjem på i løpet av eit par dagar (på trykk 14.02.07).

Sentralstyret i AKP og landsstyret i RV gjekk i helga til det store skritt å anbefala partia sine å laga eit nytt parti, og dermed avslutta AKP og RV. RU vil vera ungdomsorganisasjonen til det nye partiet. Som fleire artiklar har vist, både i Klassekampen og andre stader, så er dei fleste nøgde med helga.

Me vil laga eit nytt parti av to grunner. 1: Usemjene som gjorde at det på 90-talet blei to parti har stilna, og me er samde om så mykje at me ser me har alt å vinna på å samla oss. 2: Me har enorme oppgaver. Me revolusjonære treng å stå samla, og bruka krefter på å få fleire av dei andre som ser at noko må gjerast til å samordna innsatsen. Saman er me sterkare

I Noreg i dag trengst det eit revolusjonært parti som ikkje inngår kompromiss når det gjeld kutt i velferd, og som ikkje vil senda soldatar for å stø USA sine imperialistiske krigar. For å vinna fram må dette vera eit kvinneparti og eit arbeidarparti fordi kvinnene er den største delen av arbeidarklassa, og fordi det er arbeidarklassa som først og fremst kjenner åtaka på kroppen og dimed kan slost dei tilbake. Me treng eit parti som både deltar i sjukehusaksjonar, i aksjonar for å forsvara AFP og mot kutt i pensjon, og i demonstrasjonar mot norske soldatar i Afghanistan, og som også kan ta desse kampane inn i kommunestyre og storting. På alle desse områda har regjeringspartiet SV svikta.

For å vere eit kvinne- og arbeidarparti er det viktig å kunne reise kamp for velferd og mot sosial dumping. Difor er det viktig at folk som kjempar på desse områda blir med i partiet og er med å utforme partiet sin politikk. Me har allereie med mange, men treng endå fleire hjelpe- og sjukepleiarar, lærarar, sosionomar, førskulelærarar, assistentar, folk som jobbar innan industri, bygg- og anlegg, transport og på kontor til å bli med i det nye partiet!

Prosessen som har pågått eit par år no, der RV, AKP og RU har diskutert å laga eit nytt parti saman, har gjort at me har lært kvarandre betre å kjenna. Me ynskjer eit parti som tar med seg dei gode sidene ved AKP, RV og RU. Me ynskjer eit parti som er lett å bli med i, men som legg til rette for, og inspirerer til aktivitet i lokale arbeidsfellesskap. Me har framleis ei klår analyse av kapitalismen, og ser at den globaliserte marknadsliberalismen og imperialismen fører til utbytting og krig. Me vil ha ein sosialistisk revolusjon og har som mål det klasselause samfunnet, kommunismen.

Grunnlaget me la i helga, som blir lagt fram på stiftingslandsmøtet 10.-11. mars, er berre første skritt. Me treng innspel og hjelp frå andre for å bli noko nytt, så bli med!

h1

Innvandringsstopp gjennom heva aldersgrense for ekteskap

Torsdag, 5 oktober 2006

Eg har skrive eit svar til Bjørgulv Braanen, som på leiarplass i Klassekampen 3. oktober svara på mellom anna mitt lesarinnlegg. Svaret mitt skal komma på trykk mandag 9. oktober.

Bjørgulv Braanen argumenterer på leiarplass 3. oktober mot at eg kalla aldersgrense for henteekteskap for særlov for innvandrarar. Braanen fortset med å sei at ei slik aldersgrense vil gjelda alle som vil henta ein ektefelle, anten det er frå USA, Australia og Russland, eller det er frå Pakistan og Somalia. Det er for så vidt sant, men amerikanske og australske statsborgerar har visumfritak til Noreg, noko som gjer at dei kan vitja kjærasten/ektefellen i Noreg fram til ein er over aldersgrensa. I tillegg vil jo ikkje borgarar frå EU/EØS vera ramma av lova. Det er altså ei lov som vil gjera det vanskelegare for par der den eine kjem frå eit land me ikkje har visumfritak frå, det vil seie ikkje-vestlege land.

Det bringer meg over på eit anna viktig moment. Innvandringslovane i Noreg gjer at folk blir tvungne til å gifta seg, fordi ein ikkje kan få visum til kjærasten/truloveden sin på ein annan måte. Det gjeld alle som finn seg ein utanlandsk kjærast, anten ein har aner frå Hallingdal eller frå Punjab. Innvandringslovane fører difor til «tvangsekteskap» fordi ein ikkje får prøvd å vera kjærast eller sambuar før ein går til det skritt å gifta seg.

Resultata frå Danmark viser at ein får færre henteekteskap, men det viser ikkje kva som skjer med dei ungdommane som er i fare for å bli utsett for tvangsekteskap. Så då må ein jo stilla seg spørsmålet om målet er å hindra innvandring eller å hjelpa desse ungdommane?

h1

Særlovar for innvandrarar

Måndag, 25 september 2006

Eg har skrive eit lesarinnlegg som eg har sendt til Klassekampen. Kva synst andre om denne debatten?

Bjørgulv Braanen startar ein viktig debatt om tiltak mot tvangsekteskap (KK 19.09). Det er synd at han konkluderer med støtte til særlovar for innvandrarar.

Begge lovane som er diskutert, både aldersgrense for inngåing av ekteskap med ved familieetablering i Noreg og krav om at ekteparet må bu i det landet dei samla har mest tilknyting til, kjem til å hindra innvandring til Noreg, men er det det som er målet? Erfaringane frå Danmark som blir referert i KK laurdag 23. september er viktige å høyra på. Krisesentersekretariatet der har oppsummert at lovendringane hindrar innvandring, men dei hjelper ikkje dei jentene som blir utsett for tvangsekteskap, familiane finn berre andre måtar å gjera dette på.

Det er viktig å kjempa mot tvangsekteskap. Men løysinga er ikkje lovar som i praksis vil bli særlovar for innvandrarar. Eg trur heller løysinga ligg i opplysining og dialog, som både Akthar Chaudry og Rita Kumar tar til orde for (KK20.09 og KK 23.09). Sjølvsagt må ein også bruka lovverket og domstolane for å straffa dei som kidnappar ungane sine eller tvingar dei til til å inngå ekteskap dei ikkje ynskjer. Men som i alle vanskelege saker finst det ikkje nokon enkel og rask løysing, og forebygging gjennom opplysning og dialog i samarbeid med dei det gjeld er det som hjelper mest.

h1

Motargument: Hamas-charteret

Fredag, 1 september 2006

Eg sendte dette lesarinnlegget til Argument, eit nytt studentdrivetidsskrift på Universitetet i Oslo. Dei trykte Hamas-charteret, og eg argumenterer for kvifor det ikkje er nyttig å bruka Hamas-charteretnår ein skal finna ut av politikken til Hamas.

Motargument: Hamascharteret – å velja den enkle løysinga

Argument er eit spanande prosjekt, og redaksjonen skriv i den første leiarteigen at dei skal bruka det beste av det tabloide, «kjøre sine egne saker og skape sine egne aktualiteter». Det er eit prisverdig program, og difor synst eg det er synd at Argument veljar den enkle løysinga og følgjer opp alle andre media med å dømma Hamas ut frå det såkalla Hamascharteret frå 1988. Ei mykje viktigare oppgåve hadde vore å finna ut kva Hamas står for i dag, noko ein til dømes kunne ha gjort ved å oversetta og trykka valprogrammet til Palestine Legislative Council-valet i januar i år, programmet «Reform og endring», eller å trykka programmet for den nye regjeringa, som finst på engelsk her.

Hamas vann ein overveldande siger i valet, delvis på grunn av eit spesielt valsystem, men mykje på grunn av kandidatane og politikken til Hamas. Representantane dei har hatt på lokalnivå har vist at dei er rederlege, idealistiske og ukorrupte, i motsetnad til mange av Fatah-representantane. Hamas har også politisk representert ei fortsetting av motstanden mot Israel, mens Fatah blir identifisert med dei manglande resultata av Oslo-avtalen.

I dag har Hamas har gått frå å vera prinsipielt mot Oslo-avtalen og boikotta vala til PLC, til å delta i Palestine-Authority-institusjonane som faktisk er eit resultat av Oslo-avtalen. Det er mange ulike oppfatningar i Hamas, både når det gjeld Oslo-avtalen, metodar for motstandskamp, og nok også Charteret. Men regjeringa som sit no er såpass pragmatiske at dei har delteke i den demokratiske prosessen, og dei har signert fangedokumentet som legg vekt på fortsetting av motstandskampen, men denne blir konkretisert som frigjering av Vestbreidda, Gaza og Jerusalem, og dokumentet understrekar at PA er kjerna i ein framtidig stat. Programmet for regjeringa går i same retning: » 4- Resistance in its various forms is a legitimate right of the Palestinian people to end the occupation and regain the Palestinian people national rights 5- To cooperate with the international community towards ending the occupation and settlements and towards the comprehensive withdrawal from the territories occupied in 1967 including Jerusalem so that the region can enjoy calm and stability at this stage.», i tillegg til å nemna mange andre programærklæringar, til dømes at regjeringa skal jobba for å betra rettstryggleik og pressefridom.

Palestinakomiteen i Oslo inviterte Yahya al-Abadsa, PLC-medlem for Hamas, til Noreg i juni i år. Det gjorde me fordi Hamas er den største fraksjonen i PLC, dei er i regjering, og representerer dermed folket på Vestbreidda og Gaza. Me inviterte han også fordi me ynskja å bryta den politiske isolasjonen som dei palestinske myndigheitene har opplevd etter at palestinarane blei straffa for valet dei gjorde. Regjeringsmedlemmer og parlamentarikarar frå Hamas blir kidnappa av Israel utan at vesten reagerer. I møte med utanrikskomiteen i Stortinget uttala al-Abadsa at Charteret var mest som skjønnlitteratur frå den første intifadaen å rekna, og ikkje noko som blei bruka i dag. Dette blei også referert til media av komitéleiar Olav Akselsen (DNA).

Det hadde sjølvsagt tent Hamas å ha dei nye dokumenta lett tilgjengeleg på internett på engelsk, sånn at ikkje Charteret er så raskt å ty til. Men det unnskylder ikkje Argument for å velja den enkle løysinga.