Archive for the ‘miljø’ Category

h1

Redd trikken!

Onsdag, 20 juli 2011

Byrådet har endeleg levert ei byrådssak om kjøp av nye trikkar, etter at bystyrefleirtalet fleire gonger har vedtatt det, og at det trengst ein trikkestrategi. Desverre var det ikkje mykje å venta på. Byrådet finn ikkje pengar til nye trikkar, dei vil ikkje kjøpa nye trikkar før vedlikeholdsetterslepet på infrastrukturen er tatt inn, noko dei heller ikkje har pengar til, og for øvrig vil dei utreia alternativ til trikk.

Dette er vil realiteteten uansett bety kroken på døra for trikken, i påvente av
pengar til infrastruktur, og så eventuelt ei bestilling av nye trikkar, så vil trikken
rotna på rot. Difor har ein kollega av meg laga facebookgruppa Redd trikken i Oslo, bli med der!

Eg har sendt eit brev til byrådet, limt inn under.

———————-

Raudt Oslo Bystyregruppa
Rådhuset
0037 Oslo

17. juli 2011

Byråd Jøran Kallmyr

Spørsmål til byrådssak 167 ØKONOMISK GRUNNLAG FOR TRIKKEANSKAFFELSE

Byrådet skriv: Trikkedriften har svært høye verkstedkostnader. Utskifting av trikkene vil føre til en betydelig reduksjon i verkstedkostnader. Den største utfordringen ved en eventuell trikkeanskaffelse er imidlertid at infrastrukturen er i så dårlig forfatning at Ruter fraråder å sette nye trikker i drift før vedlikeholdsetterslepet på 1,3 milliarder kr. er tatt igjen og at det er etablert et årlig nivå på vedlikehold av infrastrukturen på vel 150 mill kroner årlig.

Denne påstanden er parallell til at samferdselsetaten skulle anbefalt Oslo kommune og befolkninga her å ikkje kjøpa bilar før standarden på vegane er i akseptabel forfatning. Dei fleste byar i Europa som har kontinuerleg trikkedrift har ei blanding av god og dårleg infrastruktur. Det forholdet synest ikkje å påverka nyanskaffingar. Moderne trikkar toler å kjørast på infrastruktur av varierande kvalitet.

Spørsmål:
1.a) Er det undersøkt korleis andre trikkebyar handterer nyanskaffingar når dei har varierande kvalitet på infrastrukturen?
1. b) Har ein vurdert å setta nye trikker inn på linjer der infrastrukturen er god?

Byrådet skriv: Ruter fremholder at det ikke er tilrådelig å sette i drift nye trikker på dagens infrastruktur. Nedslitte skinner vil medføre at nye trikker raskere slites ned og at det vil være vanskelig å få gode avtaler med en vognleverandør gitt dagens standard på infrastrukturen.

Spørsmål:
2. a) Har byrådet undersøkt om ein kravspesifikasjon på ny trikk kan utformast med at han skal tola dårleg infrastruktur (med spesifisering av kva som er dårleg)?
Byrådet skriv: En plasskilometer med trikk koster i dag det dobbelte av en plasskilometer med buss i Oslo når man holder infrastrukturkostnader utenfor.

Spørsmål:
3. a) Eg ber om å få sjå underlagsmaterialet for desse tala.
3. b) Energiforbruket til driftsartane er ikkje omtalt i saka. Etter det eg kjenner til ligg ein plasskilometer med trikk på rundt halvparten av energiforbruket til ein plasskilometer med buss. Er det mogleg å få tal på energiforbruket til dei ulike driftsartane?

h1

Er biodrivstoff løysinga?

Fredag, 7 august 2009

Eg blir alltid skepisk når ei teknologisk løysing blir framstilt som klimaredninga. Eg trur at menneska kan finna opp og finna fram til fantastiske ting. Men eg trur også at me ikkje kan kjøpa oss ut av klimakrisa, og fortsetta den same livsstilen som før.

Difor tok eg på meg å skriva ein artikkel om temaet til forrige nummer (#2 2009) av tidsskriftet Rødt!, og fekk dermed satt av tid til å setta meg skikkelig inn i temaet. Eg har klipt inn starten og slutten på artikkelen, heile artikkelen kan du lesa her.

Er biodrivstoff klimaredninga? Kvifor marknaden ikkje kan løysa klimakrisa

Biodrivstoff eller agrodrivstoff som det også blir kalla har blitt framstilt som ein måte å få transporten «klimanøytral». Det har samtidig fått skulda for auka klimagassutslepp gjennom øydelegging av regnskog. Det har positive konsekvensar for lokal og nasjonal energitryggleik, men har store negative konsekvensar for tilgang til jord, og matvareprisar.

Kan biodrivstoff løysa klimakrisa? Og vil det skje på bekostning av verdas fattige?

(….)

Biodrivstoff og biobrensel vil vera ein viktig del av løysinga for å dekka energibehovet vårt i framtida. Men me kan ikkje gå med på ideen om at marknaden skal løysa dette, og at me kan oppretthalda same forbruksmønster som no, berre med eit såkalla meir miljøvennleg drivstoff. Det vil ikkje løysa klimakrisa, det vil berre skapa ein marknad for eit nytt produkt. Agrodrivstoff er eit godt eksempel på korleis marknaden ikkje kan ta i bruk ny teknologi til beste for folk. I ein marknadsøkonomi vil dei største investeringane, den beste jorda og dei beste råvarene gå der kor profitten er høgast. Viss prisen på flytande drivstoff er høg, vil det bli produsert drivstoff, sjølv om folk svelt. Og når oljeprisane er låge, er interessen for å investera i agrodrivstoff heller laber. I ein planøkonomi ville ein kunna prioritert kva jorda skulle brukast til. Skrinn jord og avfallsprodukter kunne brukast til produksjon av brensel og drivstoff. I Noreg kunne ein prioritert å bruka strøm til transport, og biomasse til brensel. Krava miljø- og interesseorganisasjonar stiller om at agrodrivstoff skal produserast på ein forsvarleg måte, er eit ønske om meir plan. Men så lenge den kapitalistiske økonomien er basert på å skapa profitt, så vil det vera ei sterkare styring enn det lover og reglar kan laga.

Klimakrisa må løysast, gjennom mindre utslepp av klimagassar. Miljørørsla må halda fast på at hovudkravet er omlegging av persontransporten (frå biltransport til kollektivtransport), og varetransporten( frå hjul til skinner). Ein må ikkje la seg fanga av argumentet om at omlegging av levemåten vår er eit så radikalt krav, at ein må gå med på ei dårleg løysing for folk, miljøet og faktisk også klimaet. Me kan ikkje shoppa oss ut av klimakrisa.