Archive for the ‘Rødt!’ Category

h1

Kvinnekroppen som kamparena i «krigen mot terror»

Onsdag, 30 september 2009

I siste nummer av tidsskriftet Rødt!, #3 2009 forklarer eg kvifor eg synst kampen mot muslimhets er så utruleg viktig. Eg har kalla artikkelen Kvinnekampen som kamparena (i krigen mot terror), for å få fram at diskusjonen om kvinneundertrykking i muslimsk kultur ikkje er noko som skjer i eit vakum i Noreg.  I artikkelen trekker linjer til den såkalla krigen mot terror, teorien om clash of civilizations, og skriver om korleis kvinnekroppen blir eit symbol i krig. Det er ikkje lange artikkelen, så det er enklast å følgja lenkja, og lesa heile. Men eg klipper eit par smakebitar her, først innleiinga:

Forslaget om å tillata hijab i politiet skapa ein utruleg oppheita debatt i vinter. Det føyer seg inn i rekka av debattar som handlar om kvinner og islam, eller kvinner og tradisjonar frå muslimske land. Debatten har også fått valdelege utslag, det er rapportert om angrep på kvinner med hijab både i Trondheim og Sandnes.

Kvifor er kvinnekroppen den arenaen som kampen om innvandring og verdiar skal utkjempast?

Her skriver eg om kvinnekroppen som kamparena i krig, det skulle eg gjerne ha skrive meir om:

I patriarkalske samfunn, samfunn basert på mannsmakt, er kontroll av kvinna viktig. Ein ser private utslag av det når menn dreper kvinner som vil skilja seg frå dei, eller dreper døtrene sine fordi dei har øydelagt æra til familien sin. Men kontroll av kvinner og kvinners seksualitet skjer også utanfor familien. Og det blir spesielt satt på spissen i krigstid. Eit døme frå Noreg er behandlinga av kvinnene som hadde hatt forhold til tyske soldatar, dei såkalla «tyskertøsene». Dei som var kjærastar med tyske soldatar, eller hadde forhold til dei og fekk fine ting av dei, ødela for krigsmotstanden til andre gjennom å gjera det meir behagelig å vera tysk soldat, og gjennom å gjera det tyngre for andre å ikkje ha skikkeleg mat og klær. Men det var lite dei tente på å fraternisera med fienden, i forhold til dei som hadde økonomisk gevinst av å selga varer og tenester til tyskarane. Då okkupasjonen av Noreg var slutt var det likevel desse kvinnene som blei hardast straffa, gjennom å bli banka opp og trakkaserte, ei stigmatisering som også smitta over på ungane deira.

Motstandskamp mot krig og okkupasjon blir kjønna. I Palestina blir morsrolla framheva, både av palestinarane og av israelarane. Det å føda mange barn som kan bli stolte palestinarar, er sett på som ein viktig del av motstandskampen. Reint praktisk fører det til store offer, for kvinner som risikerer å mista barnet eller livet når dei blir stoppa på israelske check-points fordi dei prøver å komma seg til sjukehus. Og israelarane framstiller palestinske mødre og barnefødslar som ein demografisk trussel, og som eit eksempel på at araberane er kulturelt tilbakeståande. Ein ser også auke i kjønnsbasert vald i krig, menn som har mista kontroll over eige liv på grunn av okkupasjon, kan i alle fall kontrollera kvinner og born.

Og konklusjonen på artikkelen:

Kvinner kom i stort mon ut i arbeidslivet i Noreg på 60- og 70-talet. Samtidig oppstod ei rørsle for barnehagar, for abort, mot porno, for likelønn. Det at kvinner hadde ei sjølvstendig inntekt, gjorde at dei også kravde tiltak som kunne gjera at dei kunne fortsetta å ha inntekta. Dei kravde også å få vera fullverdige menneske, altså ikkje seksualobjekt og samtidig frie til å ha ein seksualitet utan å vera gift, eller utan å måtta få barn sjølv om ein var gift. Det var materielle årsaker som gjorde at kvinner kom ut i arbeidslivet, og den materielle endringa la grunnlaget for ei rørsle som stilte krav. Korleis den rørsla blei, kom av politiske val som har blitt gjort, og politiske diskusjonar om kva som er rektig. Men det materielle grunnlaget for rørsla måtte finnast for at ho skulle voksa til.

Fordommane om at alle muslimske kvinner er ofre for diskriminerande kultur og religion, skjuler dei faktiske problema kvinnene har. MiRA – Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner har i alle år lagt vekt på at mange av problema innvandrarkvinner møter kjem av innvandringspolitikken og gjeldande utlendingelov. Minoritetskvinner møter som innvandrarar diskriminering i arbeidsmarknaden, i boligmarknaden og ellers i samfunnet. MiRA-senteret legg også vekt på at valden innvandrerkvinner opplever, ikkje er eit kvinneproblem, men eit sammfunnsproblem. Konkrete problem må løysast med konkrete løysingar. Innvandrarkvinner kan ha spesielle utfordringar når dei opplever vald i nære relasjonar, som språkbarrierer, manglande nettverk, usikkerheit knytta til opphaldsløyve (tre års regelen), og redsle for kva som venter ved eventuell heimsending og økonomisk avhengigheit til valdsutøvaren. Nokre av desse problema liknar dei utfordringane krisesenterrørsla har arbeida med, og nokre av dei er nye. Men viss ein berre ser på problema som kvinner med muslimsk bakgrunn har som problem på grunn av islam eller spesifikk kultur, ser ein bort frå det ein kunne hatt av felles erfaringar på grunn av klasse, kjønn, bygd eller by, religiøsitet eller sekularisme, eller felles interesser i ei konkret sak.

Det er feil å ekskludera kvinner frå arbeidslivet eller frå utdanning på grunn av religiøse, politiske eller personlege val dei har tatt i forhold til symbol/klesplagg. Anten det gjeld eksplisitt gjennom forbod mot hijab i det offentlege rom, eller gjennom stigmatisering av desse kvinnene som gjer at dei føler seg ubekveme i det offentlege rom. Uansett kva ein meiner om hijaben, så er det betre å opna for økonomisk sjølvstende, og dermed at kvinner lettare kan ta eigne personlege og politiske val, enn å ekskludera dei frå det fordi ein meiner dei er undertrykte.

Dei private vala til kvinner med muslimsk bakgrunn blir politisert, som ein følgje av ideologien rundt the clash of civilizations og krigen mot terror. For å få slutt på det må me få fram kva krigane muslimske land er, det er krigar om kontroll over ressurser, marknader og transportruter, ikkje krigar for demokrati, menneskerettar og kvinnefrigjering.

Advertisements
h1

Er biodrivstoff løysinga?

Fredag, 7 august 2009

Eg blir alltid skepisk når ei teknologisk løysing blir framstilt som klimaredninga. Eg trur at menneska kan finna opp og finna fram til fantastiske ting. Men eg trur også at me ikkje kan kjøpa oss ut av klimakrisa, og fortsetta den same livsstilen som før.

Difor tok eg på meg å skriva ein artikkel om temaet til forrige nummer (#2 2009) av tidsskriftet Rødt!, og fekk dermed satt av tid til å setta meg skikkelig inn i temaet. Eg har klipt inn starten og slutten på artikkelen, heile artikkelen kan du lesa her.

Er biodrivstoff klimaredninga? Kvifor marknaden ikkje kan løysa klimakrisa

Biodrivstoff eller agrodrivstoff som det også blir kalla har blitt framstilt som ein måte å få transporten «klimanøytral». Det har samtidig fått skulda for auka klimagassutslepp gjennom øydelegging av regnskog. Det har positive konsekvensar for lokal og nasjonal energitryggleik, men har store negative konsekvensar for tilgang til jord, og matvareprisar.

Kan biodrivstoff løysa klimakrisa? Og vil det skje på bekostning av verdas fattige?

(….)

Biodrivstoff og biobrensel vil vera ein viktig del av løysinga for å dekka energibehovet vårt i framtida. Men me kan ikkje gå med på ideen om at marknaden skal løysa dette, og at me kan oppretthalda same forbruksmønster som no, berre med eit såkalla meir miljøvennleg drivstoff. Det vil ikkje løysa klimakrisa, det vil berre skapa ein marknad for eit nytt produkt. Agrodrivstoff er eit godt eksempel på korleis marknaden ikkje kan ta i bruk ny teknologi til beste for folk. I ein marknadsøkonomi vil dei største investeringane, den beste jorda og dei beste råvarene gå der kor profitten er høgast. Viss prisen på flytande drivstoff er høg, vil det bli produsert drivstoff, sjølv om folk svelt. Og når oljeprisane er låge, er interessen for å investera i agrodrivstoff heller laber. I ein planøkonomi ville ein kunna prioritert kva jorda skulle brukast til. Skrinn jord og avfallsprodukter kunne brukast til produksjon av brensel og drivstoff. I Noreg kunne ein prioritert å bruka strøm til transport, og biomasse til brensel. Krava miljø- og interesseorganisasjonar stiller om at agrodrivstoff skal produserast på ein forsvarleg måte, er eit ønske om meir plan. Men så lenge den kapitalistiske økonomien er basert på å skapa profitt, så vil det vera ei sterkare styring enn det lover og reglar kan laga.

Klimakrisa må løysast, gjennom mindre utslepp av klimagassar. Miljørørsla må halda fast på at hovudkravet er omlegging av persontransporten (frå biltransport til kollektivtransport), og varetransporten( frå hjul til skinner). Ein må ikkje la seg fanga av argumentet om at omlegging av levemåten vår er eit så radikalt krav, at ein må gå med på ei dårleg løysing for folk, miljøet og faktisk også klimaet. Me kan ikkje shoppa oss ut av klimakrisa.

h1

homobokmeldingar i Rødt #1 2009

Fredag, 15 mai 2009

I Rødt # 1 2009 hadde eg to bokmeldingar, begge to handla om bøker med legning og seksualitet som tema.

I boka Masker og motstand – Diskré homoliv i Norge 1920–1970, fortel Hans W. Kristiansen om korleis dei me no ville kalla homofile og lesbiske har levd det siste hundre året. Det er mange fine konkrete historier, som historia om Kari og Jorunn som budde saman i femti år, og dreiv gård saman. Jorunn kom til Kari som tenestejente, og sjølv om Kari blei satt pris på i bygda for ureddheiten og den kjappe tunga si, så lyktes ho ikkje som bonde. Kanskje var det fordi paret ikkje blei heilt tatt inn i fellsskapet i bygdesamfunnet på grunn av at dei brøyt med normene. Det er også historia om pissoarsjekkinga, som «Edvard», som vanlegvis etter å ha kome heim frå jobben og spist middag, sov ein ettermiddagslur, og så gjekk frå pissoar til pissoar på Frogner og St. Hans Haugen.

Eg limer inn den delen av bokmeldinga som er mest politisk:

Den siste delen av boka nyanserer og utfordrer historieskrivinga om den tidlege homokampen i Noreg. Dette har vore ein til tider sår debatt, som mellom anna gjekk i Blikk i 2004/2005. Debatten handlar om kven som var sentrale dei første åra av homorørsla, og har spesielt vore ein debatt om Arne Heli som har blitt symbolet på diskresjonskulturen og Kim Friele som representerer dei som ville stå fram. Og kven sto eigentleg opent fram først? Debatten kjem av politiske og personlege usemjer i DNF- 48, men til tider har det blitt i overkant personleg debatt som er uinteressant for dei som ikkje deltok, og knapt nok for dei.

Boka sluttar før dei store konfliktene i homorørsla på 70-talet. Kristiansen seier at tidsavgrensinga av boka er gjort for å ikkje bli frista til å dømma fortida ut frå samtida sine verdier. Han kritiserer det han kallar frigjeringsideologien frå 70-talet, som var eit oppgjer med den tidlegare diskresjonskulturen. Han skriv: «Den utvetydige og nyanseløse forkastelsen av det jeg har kalt mellom- og etterkrigstidens «diskresjonskultur», har bidratt til en kraftig innskrenkning og ensidiggjøring av homobevegelsens eget fortellings- og motstandsrepertoar. » Forfattaren argumenterer for at når ein forkastar alt ein gjorde før 70-talet, så er det vanskeleg å læra av strategiane folk uka. Det meiner han er spesielt skadeleg i forhold til samarbeid med personar og grupper frå samfunn med repressivt lovverk.

Det er interessant å lesa korleis folk har levd relativt opent i lang tid, så lenge me har munnlege kjelder. Og det er interessant å lesa om korleis den tidlege homorørsla organiserte seg og arbeidde. Eg kan vera samd med forfattaren at ein ikkje kan dømma fortida ut frå notida, og at eit notidsfilter øydelegg for å læra av fortida. Men eg meiner samtidig det var eit vikig opprør ein gjorde på 70-talet. Eg vil ha ei homorørsle i Noreg som seier at det er same om me er født sånn, eller om me har vald det sjølv, me krevjer respekt for dei me er. Og eg vil ha ei homorørsle der skruller og transer og SMerar og butcher blir respektert, på lik linje med dei som vil sjå ut som alle andre. Diskresjonskulturen fungerte, men kravet om å få lov til å vera synleg kom fordi hemmeleghaldet blei for trangt og ekskluderande.

Den ande bokmeldinga er om Ida Jackson og Maren Kristiane Solli si sex-bok Jenter som kommer. Eg klipper litt av den bokmeldinga også:

Boka er ei typisk sjølvhjelpsbok, med lister og tips til alt frå korleis styrka bekkenmusklene til kva ein skal sjå etter når ein kjøper sexleiketøy, og kva slags nettlesar ein bør bruka viss ein surfar porno på nett. Boka plasserer seg samtidig tydeleg i ein feministisk ståstad. Forfattarane tar ikkje stilling til tema som feministar ofte er mot, til dømes porno, eller omdiskuterte tema, som BDSM, analsex og sexleiketøy. Men dei legg vekt på at det er ein sjølv som skal definera seksualiteten sin, både at det ein har lyst til å gjera er ok, og at det er ein sjølv som må bestemma kva ein ikkje vil flott bok, dei skriv opplysande og innsiktsfullt om dei fleste sidene av seksualitet, blanda med tips, teknikkar og trenings-oppgåver.