Archive for the ‘Raudt’ Category

h1

Rapport frå internasjonal valdelegasjon til Euskal Herria (Baskarland) i samband med det spanske parlamentsvalet 9. mars 2008.

Fredag, 11 juli 2008

Det blei laga ein rapport frå den internasjonale valdelegasjon til Euskal Herria (Baskarland) eg deltok på i samband med det spanske parlamentsvalet 9. mars (sjå førre bloggpost). Rapporten er på engelsk og spansk. Viss du vil ha rapporten kan du senda meg ein e-post til ingrid at raudt.no eller ringa meg, under har eg skrive ein kortversjon av rapporten på norsk. Rapporten har blitt referert til i ein artikkel i Klassekampen i dag av Sissel Henriksen som har vore i Spania på «Women’s Worlds – Mundos de Mujeres«-konferansen.

Rapport frå internasjonal valdelegasjon til Euskal Herria (Baskarland) i samband med det spanske parlamentsvalet 9. mars 2008.
Delegasjonen varte frå 5.-10. mars og besto av folkevalde, juristar, journalistar og aktivistar frå ulike europeiske land. Målet var å sjå med eigne auge den eksepsjonelle situasjonen i Euskal Herria i forhold til befolkninga sine manglande politiske og sivile rettar. Delegasjonen var invitert av uavhengige representantar i det baskiske parlamentet og lokalpolitikarar. Gjennom samtalar med organisasjonar og enkeltpersonar fekk delegasjonen innblikk i den vanskelege situasjonen befolkninga i Euskal Herria lever under.

Brot på politiske-, sivile- og menneskerettar
Delegasjonen såg fleire alvorlege forhold. Landsbyar og byar som Lizartza og Ondarroa har fått innsett bystyre utanfrå, mot vilja befolkninga har uttrykt demokratisk gjennom val. Venstresideparti- og aktivistar som er for baskisk sjølvstyre blir straffeforfulgt, og konsekvensen blir at befolkninga har blitt redd for å uttrykka meiningane sine. Det spanske politiet driv utstrakt bruk av tortur. Partilova blir endra «ad hoc» for å gjera arbeid for baskisk sjølvstyre ulovleg. Den spanske staten prøver å kvela idear om sjølvstende gjennom å kvela den delen av venstresida som er for sjølvstende. Dette blir gjort gjennom forbod og straffeforfølging. Den spanske staten viser ingen reell interesse for å løysa konflikten.

Forteiing og isolasjon
Delegasjonen gjekk opent ut med eit ønske om å møta eit breitt spekter av parlamentariske grupper i det baskiske parlamentet, men fekk berre møtt to grupper. Det er sannsynleg at den manglande interessen var ein del av isoleringa av dei uavhengige representantane opplever.

Delegasjonen vil oppfordra til:
– oppheving av den spanske partilova.
– at europeiske regjeringar bryr seg om situasjonen i Baskarland.
– at EU tar ei aktiv rolle for å løysa ein konflikt i to av medlemslanda sine, og oppretter ein spesialkommisjon om den baskiske konflikten.
– intitiativ mot menneskerettsbrota i Baskarland, og til forhandlingar om ei løysing av konflikten i kraft av FNs menneskerettighetsråd.

h1

Valobservatør i Baskarland mars 2008

Måndag, 7 juli 2008

Eg var valobservatør i Baskarland under det spanske parlamentsvalet 9.  mars i år. Turen gjorde sterkt inntrykk på meg, det verste var å sjå at i eit land midt i Europa, der mange nordmenn pleier å dra på ferie, blir urbefolkning behandla som annanrangs menneske og manglar grunnleggande politiske og sivile rettar.

Eg skreiv ein artikkel i Rødt! nr 2, 2008 og i Frontlinjer nr 2, 2008, under har eg limt inn Rødt!-artikkelen.

——————————-

Baskarland – menneskerettsbrot og manglande politiske rettar

Ingrid Baltzersen er nestleder i Rødt og var solidarisk valgobservatør i Baskerland i mars 2008.

Det baskiske kravet om sjølvbestemming blir skjult mellom det at Spania framstår som eit vestleg EU-land og demokrati, og ETA sine drap. Men det foregår også eit jamt politisk og kulturelt ikkje-valdeleg arbeid for baskisk sjølvbestemming, eit arbeid som blir brutalt undertrykka av den spanske staten, skriv Ingrid Baltzerzen som obeserverte valet i Baskerland i vinter.

I det spanske parlamentsvalet 9. mars i år var to av dei baskiske venstresidepartia som er for sjølvstyre, suspenderte. Desse partia representerer standpunkt og folk som har pleid å få 10–15 % oppslutning i dei baskiske provinsane i parlamentsval, og hatt ordførar og absolutt majoritet i fleire byar og landsbyar. Ein stor del av befolkninga i Baskarland hadde altså ikkje noko parti å stemma på i valet, og valkampen dei forbudte partia førte, var ei oppfordring om boikott av det udemokratiske valet.

Forboda av partia ANV (Accion Nacionalista Vasca) og EHAK (Euskal Herrialdeetako Alderdi Kommunista) er ei fortsetting på ein politikk den spanske staten har bruka dei siste åra, dei forbyr baskiske parti og hindrar dei dermed frå å delta i det politiske livet. På 2000-talet har Batasuna i ulike variantar blitt forbudt med grunngjevinga at dei ikkje tar avstand frå ETA sine aksjonar, og dessutan har same mål: baskisk sjølvstende. I valet på det baskiske parlamentet i 2005 stilte den same rørsla lister gjennom partiet EHAK, og i lokalvalet i 2007 stilte dei gjennom partiet ANV. Halvparten av listene deira blei forbudt i valdistrikt tilsvarande eit fleirtal av folketalet, så dei fleste baskarane hadde ikkje moglegheit til å stemma på partiet.

Forbodet får ekstreme konsekvensar for lokaldemokratiet i dei landsbyane der denne rørsla tidlegare har hatt fleirtal. Eit døme er landsbyen Lizartza med litt over 600 innbyggarar. Landsbyen har blitt styrt av Batasuna frå slutten på Franco-regimet og fram til dei blei ulovlige i 2003. I lokalvalet i 2007 var to av listene som stilte i Lizartza forbodne, og den tredje trekte seg. Det spanske høgrepartiet PP stilte lister med kandidatar frå Madrid, og vann dermed valet med 27 stemmer, under 8 % av avgitte stemmer. Den nye ordføraren frå PP, Regina Otaola, bur 75 kilometer unna og kjem til Litzartza med fullt politioppbod kvar fredag. Då blir all radiokommunikasjon i landsbyen blokkert, det vil seie at mobiltelefonar, garasjedøropnarar, elektroniske billåsar osb. ikkje virkar. Det første ordføraren gjorde, var å henga opp det spanske flagget på rådhuset, eit flagg som ikkje har hengt der sidan Franco regjerte. Befolkninga i landsbyen føler seg beleira, og får ikkje ta del i styret av landsbyen. Den tidlegare ordføraren frå Batasuna, José Antonio Mintegi, og representantane han har stilt på liste med, har organisert eit parallelt kommunestyre. Dei prøver å organisera kulturaktivitetar og andre kommunale oppgåver med eigne pengekjelder, men det er sjølvsagt ei vanskeleg oppgåve.

Politimakt mot politikk
Politikarar blir straffeforfulgt når dei brukar ytringsfridomen sin. Ordføraren i Hernani, Marian Beitialarrangoitia (ANV), blei dømt til 2 års fengsel i ein lågare rettsinstans for i ein tale å ha uttrykt sympati for baskiske politiske fangar og torturofre. Ho blei i februar slept fri av spesialdomstolen Audiencia Nacional i Madrid, men ho må møta jamnleg for politiet og kan ikkje forlata landet.

Det spanske politiet har utvida rettar til å arrestera folk på terrormistanke. Menneskerettsorganisasjonar jobbar mot ein type varetektsfengsling som blir kalla «incomunicado», fengsling i fem dagar utan at ein har rett på grunngjeving, uavhengig advokat eller lege, og utan at familien får vita kor ein er. Etter fem dagar blir ein framstilt for dommar, som kan idømma ein nye fem dagar incomunicado. Ein kan altså sitta ti dagar utan andre vitne enn politifolk og ein dommar, noko som opnar for bruk av tortur. Rundt 5.000 baskarar hevdar dei har blitt torturert av spanske myndigheiter sidan 1975.

Eit eksempel på bruk av tortur mot politiske ytringar er fengslinga av Martxelo Otamendi, ein av redaktørane av den dåværande einaste baskiskspråklege avisa, Egunkaria. Otamendi fortel om tortur som liknar den andre fangar i krigen mot terror blir utsett for: Han fekk tildekka ansiktet sitt, blei forhindra i å snakka og sova, blei truga med seksuelle overgrep, fekk ein pistol retta mot hovudet sitt, og blei truga med å bli drepen viss han fortalte kva han hadde blitt utsett for til fengselslegen (1). Otamendi ventar no på rettssaka si.

Den spanske staten brukar fengsling og tortur både for å få tilståelsar, men også som kollektiv straff og for å hindra politisk organisering. Eit sentralt krav er at fangane skal sona dommen sin i Baskarland. Politikken dei siste tjue åra har vore å plassera fangane så langt unna som mogleg. Det gjer at familiane blir utsett for store påkjenningar når dei skal vitja slektningane sine som sit i fengsel fleire hundre mil unna. Eit fengselsbesøk på nokre minutt krevjer timesvis av køyring kvar helg, og fleire har omkomme på vegen. Fangefamilieorganisasjonane har difor frivillige som køyrer familiemedlemmar til fengselsbesøk.

Framtidsutsikter
Den baskiske venstresida har eit aktivt politisk arbeid gjennom mellom anna parti, kulturelle organisasjonar, aviser, menneskerettsorganisasjonar og grupper som jobbar for å minnast dei baskiske ofra under den spanske borgarkrigen. Åtaka på politisk verksemd gjennom arrestasjonar, tortur og lange fengselsstraffar for vanleg politisk arbeid kveler denne aktiviteten. Anti-terror-lovgjevinga er skremande for alle politiske aktivistar, men Baskarland er det området i Vest-Europa som har sett dei mest skremande utslaga. Kampen for å få driva politisk arbeid i Baskarland burde difor vera relevant for fleire enn berre baskarane.

Faktaboks:

Baskarland (Euskal Herria) ligg i Spania og Frankrike og er delt i sju provinsar. I den spanske staten er Baskarland delt i fire provinsar, tre av dei ligg i den baskiske autonome regionen i Spania som har eit eige parlament med begrensa myndigheit.

Baskisk (euskera) er ikkje eit indoeuropeisk språk, og har eksistert i området frå før vår tidsrekning.

Anbefalt litteratur
Stein Torger Svala (2006): Baskisk frihetskamp – urfolk, antiterror og demokratisk fascisme

h1

Kjønnsnøytral ekteskapslov – til beste for born og samfunnet!

Måndag, 7 juli 2008

Kronikk i Klassekampen 11.juni 2008 av Magnhild Nilsen, AU-medlem Raudt, og Hans Petter de Fine, BU-representant på St.Hanshaugen for Raudt, og meg.

Motstandarar av lovforslaget om kjønnsnøytral ekteskapslov har kjørt ei kampanje dei siste månadane med demonstrasjon i april, annonse i VG, fleire nettkampanjer – som foreldrerett.etp.no, jatilfar.no, jatilekteskapet.no, og ein storm av lesarbrev. Denne kampanja har funne fram til Klassekampen også. Nokre lesarbrev problematiserer lova, mens andre seier rett ut at dei ikkje synst homofile og lesbiske burde ha barn, og at dei burde skamma seg over kven dei er.

Kvifor ekteskap?
For kvinnerørsla har kampen for å sleppa å bli definert av ein ektemann vore viktig. Retten til å kunna leva som einsleg, retten til å skilja seg, og retten til å ha arbeid sjølv om ein er gift. Så kravet om at fleire skal inn i ekteskapet kan kanskje sjå litt merkeleg ut. Men ekteskapet regulerer viktige forhold. Det regulerer kva som skjer når ein partnar døyr eller viss ein går frå kvarandre, både i forhold til eigedom og eventuelle born. Difor var partnarskapslova ein stor siger, fordi kjærastar fekk regulert kva som skjedde viss dei flytta frå kvarandre, og ein fekk rett på arv viss kjærasten døydde, i staden for at slektningar hadde rett på alt. Og det er difor kjønnsnøytral ekteskapslov er eit riktig skritt vidare, fordi ungane som er født inn i partnarskap også skal få rettane dei burde ha.

Sist veke skreiv Nina Karin Monsen, Øyvind B Vassli frå KrFU og Wenche Haugen Havrevoll innlegg mot den kjønnsnøytrale ekteskapslova her i Klassekampen. Monsen meinte at lova er eit uttrykk for narsissime og at den legitimerer djup umoral. Vassli vil ha betre utgreiing før lova blir vedteke, mens Havrevoll meiner at lova vil vera eit brot på barnekonvensjonen. Alle legg dei vekt på borna i sin argumentasjon.

Barnets beste
Kva er barnets beste? Er det alltid å vekse opp med mor og far slik Havrevoll meiner? Kan ikkje einslege mødrer eller fedrar gje like god omsorg og oppfostring? Eller viktigare: Kan ikkje likekjønns-foreldre gje like god omsorg og oppfostring? Havrevoll drøfter barn sine rettar til å kjenne sine foreldre og refererer til artikkel 7 i barnekonvensjonen. Men barnekonvensjonen nemner ikkje biologiske foreldre. Konvensjonen bruker ordet «foreldre» og definerer dei verken som biologiske eller sosiale (som borna veks opp med) – det er difor departementet skriv at «barnekonvensjonen legger til grunn et vidt
familiebegrep».
Kva er eigentleg barnets beste? Er det til barnets beste å vokse opp med mor og mor eller far og far – der begge dei vaksne deltar på lik linje i barnets oppfostring og oppdraging, men der den eine ikkje juridisk blir mor eller far, fordi ho eller han ikkje får adoptere? Eller er det barnets beste å ha å ha like juridiske rettar uansett kva kjønn foreldra har? Muligheita til adopsjon (i første rekke stebarnsadopsjon) medfører rettsverknader som inneberer samværsrett for barn og foreldre, underhaldssplikt for medforelder og arverett. Er det til barnets beste å bli frårøva desse rettane ved eit samlivsbrot eller viss den biologiske forelderen døyr?

Naturleg?
Monsen synes meine at at heteroseksuelle stabile forhold er det einaste naturlege for menneskja. Men dette kan lett tilbakevisast. Eit døme er den populære utstillinga på naturhistorisk museum i Oslo «Mot naturens orden?» som syner at homoseksualitet finst i dei fleste artar, og at det er vanleg blant flokkdyr, og veldig vanlig blant apane, våre nærmaste slektningar. Det finst altså ikkje gyldige naturfaglege argument for det Monsen står for.

Moral?
Nina Karin Monsen tar utgangspunkt i sitt eige moralsyn, og utleier derfrå at dei som ikkje gjer som ho meiner er riktig, burde føla skam viss dei var normale. Ho seier at born av lesbiske føler skam på moras vegne over måten dei har oppstått på. Då kan ho ikkje ha høyrd born av lesbiske fortelja at dei har opplevd at dei var venta og lengta etter. Monsen er oppteken av at born ikkje skal veksa opp i kaos, men ha ein fast familie med to foreldre av motsett kjønn. Dette stemmer ikkje med korleis mange barn veks opp i Noreg i dag, og det er heller ikkje det beste for verken ungar eller foreldre å vera i samliv som ikkje fungerer.

Narsissime?
Monsen baserer argumenta på at homofile som vil ha barn er narsissistiske, og ikkje tar omsyn til naturen (at barn kjem av mann og kvinne) og samfunnet. Monsen synst tydelegvis dette er så øydeleggjande at ho kan tillata seg å sei kva som helst om folk. Ho samanliknar sæddonorar med krigsvaldtektsmenn og kvinner som lar seg befrukta med avlsdyr. Ho har eit negativt syn på homofile generelt: «At loven ikke kan fjerne de problemer de har med å være homofile, burde de også vite. Lovgiver kan ikke fjerne angst, skam eller skyld. Men den kan legitimere dyp umoral».

Ein røyndomssjekk
I kronikken til Monsen står det at regjeringa og homofile manglar framtidsforståing, fordi dei ikkje ser konsekvensane av kor øydeleggjande lovendringa er på samfunnet. Men det er Nina Karin Monsen som manglar framtidsforståing, når ho ikkje ser at felles ekteskapslov regulerer samliv, skilsmisse og arv i familiar som allereie eksisterer, for born som allereie har to mødre eller to fedre som dei lever godt saman med.

Kjønnsnøytral ekteskapslov er eit steg inn i framtida, både for dei som lever i familiar som denne lova verkar for, og for resten av samfunnet vårt. Lova vil gjere samfunnet vårt rikare, og det vil vere djupt umoralsk å frata barn og foreldre desse rettane. Difor ser me fram i til at lova blir vedteke, og gler oss til å feire på taket av operaen den 20. juni.

h1

Raudt – eit gubbeparti med stalinistisk 70talsprofil?

Måndag, 7 juli 2008

Kronikk i KK 28. februar 2008

Dei siste vekene har det kome mange påstandar om Raudt i Klassekampen og andre media. 70-talskultur, yngre slepper ikkje til, gubbeparti. Me lar feil miljø dominera partiet. Me vil ikkje samarbeida med fagrørsla eller andre parti.

KONFLIKTSKY FEMINISME?
Stine Akre seier i KK 12. februar at «Unge jenter i Rødt dras lett med, og blir gitt posisjoner og verv. Men dersom de ytrer seg kritisk, er de også lette å kibbe ut.» Gudrun Kløve Juuhl hevdar at Raudt har ein «konfliktsky feiministsisk ideologi». Ho skildrar ein kultur der jenter blir sett til å skriva saman med eldre kvinner, og til å ytra tankane sine i gruppediskusjonar slik at kontroversane vert tekne før dei kjem ut i ålmenta (KK 20.02).

Eg kjenner meg ikkje igjen i denne kritikken. Sjølv har eg aldri opplevd å bli oppfordra til å skriva artiklar saman med meir erfarne kvinner. Poenget med å jobba i grupper er ikkje å tvinga fram ei meining, men å gjera det tryggare å hevda meiningane i ålmenta, fordi me får gått gjennom motargument på førehand. Intensjonen bak gruppediskusjonar og kollektiv jobbing er å bli trygg på å ta politiske konfliktar utan å ta det personleg at folk er usamde.

Vinklinga i Klassekampen har hatt som premiss at det ikkje finst sentrale kvinner i Raudt. Det er ei usynleggjering av kvinnene som sit i leiinga i Raudt no, og dei som har ulike leiande verv rundt om i landet. Dei som har uttala seg er heller ingen uviktige figurar i Raudt: Stine Akre er gruppeleiar i bystyregruppa i Bergen, Marte Mjøs Persen har vore nestleiar i RV og bystyremedlem i Bergen, Gudrun Kløve Juuhl er tidlegare kvinnepolitisk ansvarleg og AU-medlem i RV. Det er altså ikkje sånn at unge kvinner med sterke meiningar ikkje får posisjonar.

Klassekampen kan sikkert finna eksempel på kvinner, både yngre og eldre som har forlatt Raudt, og RV og AKP før det. Ein del av desse kvinnene har vore usamde med politikken til partiet og teke konsekvensen av det, eit ærleg val. Men ein del av kvinnene som ikkje har verv lengre har andre oppgåver som dei jobbar med, som til dømes arbeid i fagforeining eller organisasjon, eller at dei har ein endra livssituasjon som gjer at dei ikkje har tid akkurat no.

Som eit feministisk parti meiner me at det er politisk viktig å kjempa mot kvinneundertrykkande mekanismar heile tida. Me diskuterer jamnleg korleis me praktisk skal få til å vera eit parti der kvinnekamp er sentralt, og der kvinner har innflyting på politikkutforminga. Me har allereie formelle mekanismar som kvotering til leiing og utval, og me har kvinnekamp som eit grunnelement i politikken vår. Det er likevel ikkje bra nok, men det at me prøver å bli betre må ikkje innebera ei underkjenning av det arbeidet me gjer og dei folka me har.

Kjersti Ericsson sa til KK 20.02. at kvinnelege leiarar blir utvikla gjennom at dei er med på å utvikla ny politikk, og at ein ikkje kjem så langt med å diskutera partikultur og organisasjon. Eg meiner det er viktig å ha formelle strukturar og politisk innretting som gjer at kvinner får rom til å utvikla ny politikk, men eg er samd med KE at det viktigaste er å ta dei politiske diskusjonane, eg oppfattar at det også var intensjonen i utspelet til Gudrun Kløve Juuhl.

GENERASJONSKONFLIKT
Ordtaket seier at det finst svarte løgner, kvite løgner og den verste; statistikk. Gjennomsnittsalderen i Raudt-leiinga er rundt 42 år, altså eit ganske lågt gjenomsnitt samanlikna med andre parti. Men Raudt har svært få medlemmar i alderspennet 35 til 50. Kva årsaken til at folk fødd mellom 1958 til 1973 ikke er aktive i Raudt kan ha mange svar, og er ei utfordring også andre organisasjonar og parti har. Men konsekvensen er at Raudt manglar ein erfaren generasjon i tredve-førti-åra som har vore i partileiinga eller vore leiande på viktige politiske område. Det er dette utgangspunktet me er i, og då trur eg ikkje det hjelper å t.d. bytta ut alle dei erfarne eller gamle i leiinga. Me må finna måtar for at dei uerfarne eller unge blir verande, og korleis få med nye flinke folk i alle aldrar og kjønn.

INNFLYTELSE OG SAMARBEID
Raudt har innflytelse i mange viktige kampar som foregår i dag. Mange fagforeningsaktivister er medlemmer av partiet. Trondheimskonferansen er eit eksempel på det der mange av innleiarane var Raudt-medlemmar, og der raudt-medlemmar har vore med på organiseringa av konferansen. Fagleg utval leia av Siri Jensen er viktige i arbeidet for å bevara AFP, for likelønn osb. I arbeidet mot krigen i afghanistan har internasjonalt utval i Raudt ei viktig rolle.

Eg trur Raudt har stort potensiale fordi me gjennom partisamanslåinga og stiftinga av Raudt løyste opp i ein del gamle konflikter, og engasjerte ein del nye folk. Samtidig er me omtrent dei same folka som var RV og AKP, sånn at auka oppslutning og innflytelse må skje gjennom at me mobiliserer nye folk og nye miljøer.

Raudt gjekk fram i kommunevalet, men ikkje så mykje fram som mange skulle ønska. Eg trur ikkje me kan måla vårt potensiale i framgangen og tilbakegangen til SV i val. På den eine sida er det alt for breitt, ein del av dei som gjekk over til å stemma SV dei siste vala hadde stemt på parti lengre til høgre, og er difor ikkje nødvendigvis potensielle Raudt-veljarar. På den andre sida er det alt for snevert, eg skulle gjerne sett at me mobiliserte dei som ikkje pleier å stemma ved val, eller grupper som ikkje nødvendigvis identifiserer seg med nokon brei venstreside. Stiftinga av Raudt kunne ikkje utløysa det i seg sjølv, det krever at partiet klarer å knekka den vanskelege nøtta som me har prøvd å knekka veldig lenge, og som er liknande utfordringar venstresida over heile verda slit med. Me må ha ambisjonar, men ikkje så høge ambisjonar at me blir skuffa fordi me ikkje har oppnådd det umoglege.

Mykje av kritikken mot Raudt dei siste vekene har vore urimeleg (til dømes at Raudt ikkje vil samarbeida med fagrørsla), eller lite konkret. Først når kritikken blir fulgt opp med konkrete utspel om kva slags politikk, organisering eller arbeidsform Raudt burde hatt i staden får ein skikkeleg grunnlag til å ta debatten.

h1

Eg har blitt groruddøl!

Laurdag, 14 juli 2007

Eg som aldri skulle flytta frå Gamlebyen har no blitt groruddøl. Det var nok økonomien som bestemte det, men eg trivest godt, og har allereie fått gått tur i Lillomarka og plukka blåbær i regnet, og blitt intervjua saman med andre damer frå Rødt Grorud i lokalavisa med det lange fine namnet: Lokalavisen Akers Avis Groruddalen. Du får nesten ikkje kjøpt avisa utanfor dalen, laussalsstadane lengst vest er Narvesenkioskane på Tøyen T og på Galleriet. Dei legg ut ting på nett, men det er ikkje lagt ut enno, så du må nok kjøpa papirutgåva for å lesa det.

h1

Bli med i Raudt / Rødt / Ruoksat!

Måndag, 19 mars 2007

Bloggen min har ikkje blitt oppdatert på ei stund. Det er jo fordi me har stifta nytt parti! Og at eg no driv og følgjer opp det som landsmøtet vedtok. Så viss du lurer på kva eg driv med kan du gå på nettsida til det nye partiet, alle dei offisielle namna + ein del andre stavemåtar fører dit, altså: rødt.no, raudt.no, ruoksat.no (det samiske namnet), og roedt.no for dinosaurar som brukar gamle versjonar av internett explorer (i staden for t.d. Opera) og ikkje kan bruka ø i nettadresser.