Archive for the ‘valkamp’ Category

h1

Reis til Gaza Støre!

Tysdag, 14 august 2007

Er Palestina relevant for kommunevalet i Noreg? Det synst eg.

RV har tidlegare (bystyret 03.05.06) foreslått at Oslo kommune skal ta initiativ til forbrukarboikott av Israel, og at Oslo kommune sjølv skal unngå å kjøpa israelske varer. Dette forslaget gjekk diverre ikkje gjennom.

Og når regjeringa som vanleg lar det som er praktisk og som USA likar gå foran det som er rektig, så må eg jo senda eit lesarbrev (på trykk i Klassekampen i dag):

—–
Usjøvlstendig Støre

Vitjinga til Støre i Midtausten syner at den norske regjeringa ikkje er i stand til å fylgje ein annan utanrikspolitikk enn USA. Så lenge han stør opp om isolasjonen av Hamas-regjeringa i Gaza, bidrar han berre til å halda konfliktnivået oppe, ikkje ei løysing.

Utanriksministeren har nyleg vore i Midtausten der han har møtt israelske leiarar og representantar frå regjeringa til Salim Fayyad, som vart sett inn etter at president Mahomoud Abbas avsette den lovlig valde Hamas-regjeringa og i røynda oppløyste autoriteten til det palestinske parlamentet (PLC).

Når Støre reiser til midtausten utan å møta den regjeringa som innbyggarane i dei palestinske områda valde i 2006 i eit av dei mest demokratiske vala regionen har vore vitne til, gjer han vondt verre.

Sjølv om Støre til og med sjølv innser at Hamas må takast med i forhandlingar, lar han vera å reisa inn til Gaza, av frykt for reaksjonane frå Israel og USA.

Utanriksministeren kjem til området etter at amerikanarane har proppa Israel og USA-venlege statar fulle av våpen og ammunisjon. Samtidig gjer USA og vestlege land alt dei kan for å isolera den lovleg valde sjølvstyreregjeringa i Gaza. Ikkje berre Hamas, men heile befolkninga langs den lille kyststripa må betala prisen. Vitjinga til Støre er berre nok eit bidrag til å styrke den amerikanske støtta til Israel.

Skal den norske regjeringa spela ein positiv rolle i området, må ho byrja med å leggja press på Israel. Ved å ofra regjeringa og folket i Gaza for å tekkast amerikanske og israelske interesser, syner Støre at han i røynda ikkje ynskjer fred i midtausten.

Advertisements
h1

Kolonihagar

Sundag, 5 august 2007

Det å stilla til bystyret gjer at eg føler meg veldig som innbyggar av Oslo (finst det forresten eit fint ord for det, sånn som «siddis» er person frå Stavanger?) Det hjelper jo også å ha kjøpt eit stykke av byen som eg må betala på i mange år framover (jf. Eg har blitt groruddøl).

Så no meiner eg noko om kolonihagar i Oslo også, og har til og med fått det på trykk i Aften Aften!


Oslo treng grøne lunger

Mange draumer om å få ein kolonihage med hytte, eller berre ein liten parsellhage å grava i. Men i Oslo må folk stå på venteliste i fleire år. I eit innlegg i Aften 24. juli hevdar Oslo SP at deira er det einaste partiet som går til val på fleire kolonihagar. Det er heldigvis feil, i valprogrammet går Oslo RV inn for oppretting av nye parsellhagar og kolonihagar.

Det går til dømes an å oppretta kolonihagar på områda som vert frigjorte på Økern når Ring 3 vert lagt i tunnel, og langs Mariholtveien kan det opprettast fleire parsellhagar. Me må òg byggja ut friområdefunksjonen til kolonihagane. I ein by der tusenvis slit med luftvegslidingar, treng me grøne lunger meir enn nokon gong.

RV vil stå på for kravet om utbygging av kolonihagar i Oslo.

Ingrid Baltzersen
2. kandidat for RV til Oslo bystyre
Nestleder i RV/Rødt

h1

Eg har blitt groruddøl!

Laurdag, 14 juli 2007

Eg som aldri skulle flytta frå Gamlebyen har no blitt groruddøl. Det var nok økonomien som bestemte det, men eg trivest godt, og har allereie fått gått tur i Lillomarka og plukka blåbær i regnet, og blitt intervjua saman med andre damer frå Rødt Grorud i lokalavisa med det lange fine namnet: Lokalavisen Akers Avis Groruddalen. Du får nesten ikkje kjøpt avisa utanfor dalen, laussalsstadane lengst vest er Narvesenkioskane på Tøyen T og på Galleriet. Dei legg ut ting på nett, men det er ikkje lagt ut enno, så du må nok kjøpa papirutgåva for å lesa det.

h1

Valkampen har starta for meg også, med debatt på Skeive Dager

Tysdag, 3 juli 2007

Eg deltok for RV/Raudt på partigrillinga på Skeive Dager, torsdag 28. juni. Hovudproblemstillinga var kva partia syntest om kjønnsnøytral ekteskapslov, og der var det ikkje så mykje å sei for meg eigentleg, er grenser for kor mange gonger eg kan sei at eg er for og alltid har vore det. Ellers prøvde eg å få fram at det ikkje er mogleg å vera frie og likestilte i eit samfunn som tener på å setta folk opp mot kvarandre. Venstre (med Ola Elvestuen) og spesielt FrP (med Øyvind Michelsen) sjokkerte i alle fall meg med å avslutta debatten med å skulda innvandrarane for homofobien i Noreg. Det er jo rektig at det er vanskeleg å vera lesbisk, homofil og bifil i ein del innvandrarmiljø, men eg syntest det var skummelt å gå på arrangement i LLH då eg var yngre i Stavanger sjølv, så eg trur ikkje me treng å leita langt for å finna både homofobi og usikre ungdommar i norske miljø. NOVA-rapporten i 1999 som fann at ein av fire unge homofile hadde forsøkt å ta sitt eige liv viser også det. Det er faktisk ikkje meir enn 35 år sidan det var forbudt å vera homofil mann i Noreg.

Her er opningsinnlegget mitt frå debatten:
RV var det første partiet som hadde rett til adopsjon for lesbiske og homofile i programmet vårt for over tjue år sidan. Den gongen var det ikkje så populært standpunkt som det er no, men me håpar jo sjølvsagt at det skal bli enno meir populært og få gjennomslag på Stortinget. Me er for felles ekteskapslov, at partnerbarn skal få også ikkje-biologisk forelder som juridisk forelder, for inseminasjon og alt anna fint. Eg synst dette er viktige saker, for det handlar om å ikkje vera annanrangs borgar.

Men for meg er det viktig å få eit samfunn som ikkje tener på å setta folk opp mot kvarandre. Akkurat no er det enklare å vera lesbisk og homofil, fordi ein blir sett på som gode forbrukerar. Men det er mange som framleis ikkje synst det er enkelt, fordi det blir lagt opp til at ein skal passa inn i ein hetero-mal med kjærast av motsett kjønn, og ungar. Og det er også mange homofile, lesbiske og bifile som synst det er vanskeleg å passa inn i malen ein får, anten det er hetero- eller homo-malen.

Eg meiner til dømes ein god velferdsstat er ein viktig homosak. I dag er det lagt opp til at ungane skal passa på deg når du blir gammal, og kommuneøkonomien blir strupt. Men viss du ikkje har fått ungar, anten fordi du ikkje får adoptera eller inseminera, eller fordi du faktisk ikkje har lyst på ungar? Eller kva viss du er ungen som skal passa på mor eller far din, men dei har mislikt legninga di og nekta å snakka med deg?

At dei som møter deg respekterer deg er også viktig. At helsepersonell ikkje seier at det kjem til å gå over når ein seier at ein er homofil, at dei ikkje snakkar om barnefar når ein klårt uttrykker at ein er lesbiske og i eit partnarskap osv. Her hadde skulemateriell vore viktig, frå barneskule og opp til høgare utdanning. Det å læra ungane at me er forskjellige, og at me vel å leva på ulike måtar, anten det er saman med nokon av motsett kjønn, same kjønn eller åleine. Diverre er haldningar noko av det som tar lengst tid å endra, og noko ein må jobba mykje med og setta av pengar og ressursar til i samarbeid med dei som kjenner situasjonen på kroppen sjølv.