Archive for the ‘aktivisme’ Category

h1

Forsvar Blitz etter storming av huset i natt

Fredag, 27 april 2007

Eg har ikkje blogga på ei stund, har bruka mesteparten av tida mi på interne møter og landsmøter osb. Men no har eg endeleg kome meg ut på gata i demonstrasjonen mot det uformelle NATO-toppmøtet i Oslo desse dagane, og no er eg forbanna.

Blitz-huset har i følgje mellom anna Dagbladet blitt storma i natt fordi politiet seier at dei har mistanker om at det blir oppbevart eksplosiver der, ein ganske søkt påstand.

Eg kom akkurat heim frå Grønland politikammer, der står det framleis mange og venter på venner, kjærastar og familie, sånn som dei to foreldra som venter på si mindreårige dotter. Politiet sopte inn fleire hundre folk, truleg står framleis (kl. 01.30) fleire arresterte stua inn bussar med elektrikarstrips rundt handledda mens dei venter på at det skal bli plass på politihuset.

Uansett kva ein meiner om demonstrasjonstaktikken som Blitz ofte fører der dei ufordrar grenser og ikkje ber om tillatelse, så meiner eg at politiet har begått eit grovt overtramp med å arrestera alle som stod i nærleiken av demonstrasjonen, og alle som ser radikale ut, utan å ta hensyn til om dei har gjort noko ulovleg eller ikkje. Folk blir mistenkeleggjorte, fleire har til dømes fått beskjed om at dei maskerte seg, når det dei gjorde var å beskytta seg mot tåregass. Det som eigentleg er ein tryggleik for folk, at dei ikkje kan sitta i meir enn fire timar utan å bli avhøyrd og tiltalt er no blitt ei straff, det å fengsla folk er det politiet har lov til å gjera mot demonstrantar som ikkje oppfører seg sånn som politiet vil.

Politiet har tydelegvis nytta sjansen til å storma og ransaka Blitz mens dei fleste på huset og eventuelle støttespelarar er taua inn. Eg håpar dei tar feil i denne taktikken, og at folk stør opp om huset så snart dei har våkna.