Archive for januar 2007

h1

Trondheimskonferansen, AFP, AKP.no

Sundag, 28 januar 2007

I helga var eg på Trondheimskonferansen, kjempeflott arrangement. Rundt 500 folk frå grunnplanet i fagrørsla diskuterte pensjonsreformen og AFP, valkampen, arbeidsliv og helse, NAV, internasjonal solidaritet, tenestedirektivet og mykje meir. Innleiingane vil bli lagt ut fortløpande hos LO i Trondheim (dokument og foredrag fra Trondheimskonferansen). Det blei vedteke mange gode fråsegner frå konferansen, dei er det berre å spre.

Ei veldig viktig sak på konferansen var kampen for å forsvara pensjonen, spesielt AFP. Dette er ei av dei nyttige tinga med konferansen, han er ein arbeidsverkstad der ein kan utvikla kampanjer og diskutera kva som er lurt å gjera, ikkje berre vedta gode fråsegner eller program. Klubben på Aker Værdal har teke initiativ til kampanje for AFP, fordi dei såg at berre tre prosent sto i jobb til dei var 67 år, resten gjekk av på AFP eller blei uføre. Dei har laga ei ny nettside, forsvarAFP.no, der det er masse godt bakgrunnsmateriale. Det blir planlagt kampdag for AFP fredag 11. mai.

Ellers blei det delt ut AKP.no på konferansen, eg har som vanleg (for andre gang altså 🙂 ) skrive leiarteigen, om forsøk med sekstimarsdagen? (spørsmålsteiknet er fordi forsøka ikkje er skikkelege forsøk med sekstimarsdagen, regjeringa set av pengar til betalt deltid for eldre i staden for skikkelege forsøk). Det er eit godt nummer med mykje fagleg stoff, du kan lesa heile nummeret her. Og sjølvsagt er det berre å sei i frå, så får du papirutgåva gratis i posten kvar månad.

Så det er berre å halda av siste helga i januar 2008, då er neste trondheimskonferanse! Og for oss damene er det fleire sjansar til å gå på viktige, gode faglege konferansar, nemleg kvinner på tvers 22.-23. september i år i Oslo.

h1

Kinsey – too darn hot

Onsdag, 24 januar 2007

Her om dagen såg eg filmen Kinsey som handlar om ein av pionerane innanfor forskning på seksualiteten til menneska, Alfred Kinsey (1894-1956). Filmen var ok, men fokuserte mest på livet hans og personlegheiten hans. Det er forsåvidt greit, men forskarar flest er jo sære og vanskelege å leva med, og forskninga hans var jo uansett banebrytande sjølv om ein ikkje likar han. Eg synst han virka triveleg, men han hadde ei litt uheldig samanblanding av liv og forskning i følgje filmen i alle fall.

Filmen gav ei truverdig forklaring på kvifor Kinsey starta forskninga si på menneskeleg seksualitet, og eit skremmande bilete av korleis samfunnet såg på seksualitet på begynnelsen av forrige århundret. Kinsey var biolog, og forska på galleveps, men blei spurt om råd frå studentar om andre ting. I samtalar med studentar skjønte Kinsey at studentane hadde utruleg mange fordommar og spørsmål, og at svara på kva som var normalt berre blei ”Eg veit ikkje” fordi det ikkje fanst forskning på det. I filmen var det spørsmål og påstandar som:
– kan kvinna bli steril viss ho får orgasme av munnsex ?
– mastrubasjon kan føra til diverse sjukdommar
– stimulering med fingre eller munn kan føra til sjukdommar/er umoralsk

Kinsey starta i filmen kurs for nye ektepar, sånn at dei lærte meir om seksualitet og fekk avkrefta ein del av fordommane sine. Ugifte fekk sjølvsagt ikkje bli med på kursa. Han starta med spørreundersøkingar hos studentane, og fann ut at dei hadde ein heilt annan praksis i forhold til før- og uteomekteskapeleg sex, homoseksuelle erfaringar og mastrubasjon enn det samfunnet rekna med.

Rockefeller-stiftinga gav Kinsey-instituttet støtte til å spørra eit stort antal folk, som resulterte i rapportane Sexual Behavior in the Human Male (1948) og Sexual Behavior in the Human Female (1953). Rapportane var viktige både i forhold til metode og i forhold til resultata. Spørsmålsstillinga har mykje å seie for resultatet. Kinsey opererte mellom anna med ein flytande skala mellom homoseksualitet og heteroseksualitet der 0 er utelukkande heteroseksuell og 6 er utelukkande homoseksuell på det tidspunktet informanten blir spurt. Han stilte også spørsmål som folk nok ikkje hadde svart på før, rundt dei tema eg har nemnt før.

Kinsey sin rapport er deskriptiv og legg ikkje nokon normer for kva som er ynskjeleg eller naturleg. Han seier berre at alle desse praksisane finst. Men resultata provoserte, og er framleis viktige, også i for seksualpolitikk i dag. Eg hugsar sjølv då eg oppdaga resultata som viser at dei fleste befinn seg på ein flytande skala mellom heteroseksuell og homoseksuell, i staden for at ein har to separate kategoriar. Dette provoserer både kristenfundamentalistar som meiner at rapporten oppfordrar til homoseksualitet, men også dei som meiner at homofili er noko heilt anna enn heterofili og at det ikkje finst fleire kategoriar/ikkje burde finnast kategoriar (j.f. queer-teori).

Ein bør vera forsiktig med å trekka konklusjonar om kva som er ”normalen” eller korleis ting ”bør” vera ut frå resultata frå Kinsey. Det å sei at homoseksualitet er like greitt som heteroseksualitet eller at mastrubasjon ikkje er skadeleg men heller ba er ikkje noko ein kan finna ut av statistikk, men noko ein kan ta stilling til. Difor er seksualpolitikk politikk om kva ein trur er bra for folk, og ikkje berre å telja kven som gjer kva.

Som ein liten kuriositet til slutt: Kinsey blei veldig omdiskutert då rapportane kom ut, og er mellom anna nevnt i ein song av Cole Porter: Too darn hot (1948).

h1

Buru-kvartetten (+ nytt parti)

Torsdag, 11 januar 2007

Eg har skrive to bokmeldingar i Rødt! om Buru-kvartetten, fire fantastiske romanar. Eg limer inn den siste her, som handlar om bok 1. Den første bokmeldinga som handlar om alle fire bøkene finn du her.

Bokomtale

Buru-kvartetten, bok 1

ved Ingrid Baltzersen

Rødt! nr 4, 2006

Menneskenes jord

Pramoedya Ananta Toer: Menneskenes jord (bok nr 1 i Burukvartetten), Pax forlag, 2003


Pramoedya Ananta Toer bruka historiene i Buru-kvartetten for at han og medfangane skulle overleva fangenskapet på øya Buru i Indonesia, der han sat frå 1965–77. Diktaturet til Suharto fengsla Toer utan grunngjeving, men målet var likevel klart, gjennom heile fangenskapet forsøkte dei å kvela den kreative hjernen hans. Og forholda var endå verre enn under nederlendarane; då han sat i fengsel i 1947–49, fekk han i alle fall skriva. Det nykoloniale regimet til Suharto brente notatane hans.Menneskenes jord blei utgitt først i 1980, og toppa bestseljarlistene. I 1981 blei bøkene forbodne, og Toer blei skulda for å «spre marxist-leninistiske idear». Problemet var nok at skildringane av kolonistyret i Buru-kvartetten kan sjåast på som ein allegori over styret til Suharto.

Handlinga i Menneskenes jord startar i 1898, den dagen dronning Wilhelmina av Nederland blei krona. Kontrasten set stemninga i boka, hovudpersonen Minke er av javanesisk adelsslekt, men blir mobba av skulekameratane fordi han ikkje har europeisk blod. Den jamngamle nykrona dronninga blir dronning også over dei store koloniane.

Romanen er bygd opp rundt ei stor kjærleikshistorie. Minke blir forelska i Annelis Mellema, som er halvt nederlandsk. Mor hennar er ikkje gift med far hennar, ho er innfødt og konkubine. Likevel har ho kunnskap om mykje, ter seg avslappa, og driv selskapet til herr Mellema aleine, og Minke blir sjokkert og fascinert over at ho ikkje ter seg som rolla hennar tilseier.

Minke har vore interessert i modernisering, både teknologisk og politisk. Gjennom møtet med denne familien blir Minke også engasjert i forholda til fattigfolk. Ei av desse skjebnane er livet til Njai Ontosoroh, mor til Annelis. Njai blei seld av faren sin som konkubine til fabrikkdirektøren herr Mellema då ho var 14, mot 25 gylden og eit løfte om at faren skulle bli kasserar på fabrikken. Historia om Njai Ontosoroh blir den første han publiserer.

Skrivinga til Minke gjev han etter kvart problem med kolonistyret, som ikkje likar å bli utfordra, sjølv i litterære formar. Den nye familien hans får problem på grunn av det nederlandske rettssystemet, som ikkje gjev Njai Ontosoroh og ungane hennar nokon arverettar, sidan dei ikkje er gift og ikkje er europearar. Kampen om eigedommane deira, og etter kvart sjølve livet deira, er ei spanande forteljing som viser korleis kolonistyret bruka og kasta dei innfødde, og dei som ikkje var reinrasa europearar. I denne boka kjempar Minke aleine, med hjelp frå nokre få gode venner. I dei neste bøkene oppdagar han det nye våpenet som heiter organisering.

Eg skreiv forresten også opninga til Rødt! nr. 4 2006, om Nytt parti.

h1

demokrati i Midtausten + motstand er rettferdig

Tysdag, 9 januar 2007

Eg har saman med Lars Akerhaug laga eit studiehefte for RV om demokrati i Midtuasten. Finn heile heftet her. Heftet handlar først og fremst om Egypt og Libanon, begge plassane har det skjedd mykje spanande dei siste åra. Viktige artiklar i heftet er:

– Demokrati i Midt-Austen? av Ingrid Baltzersen
– Med islamister for demokrati? av Lars Akerhaug
– Slutt på silkehanskene av Lars Akerhaug
– Islamistar på frammarsj (Intervju med Bjørn Olav Utvik) av Ingrid Baltzersen
– Hizballah og libanesisk politikk av Lars Akerhaug
– Hizballah og opprettelsen av en parallell stat av Kai Kverme

Ein annan ting, sidan eg har blitt leiar i AKP har eg begynt å skriva leiarteigen i avisa AKP.no. Sist skreiv eg om motstand, og konklusjonen min er: «Palestinarane har rett til å styra seg sjølv, og dei har rett til sitt eige land. Israel okkuperer landet til palestinarane. Den einaste måten å få slutt på okkupasjonen er gjennom motstand, både ikkje-valdeleg og militær. Motstand er rettferdig!» Les heile leiarteigen her.

Eg skreiv også artikkelen «nei til forskjellsbehandling» som fulgte opp saka om 21-årsgrense for ekteskap for innvandrarar, det er ikkje noko nytt der i forhold til andre ting eg har lagt ut om saka. Men resten av nummer 10 2006 er verdt å lesa, du finn heile her.