h1

gatekunstnarar pyntar muren i Palestina

Friday, 7 December 2007

Santa’s Ghetto er eit kunstprosjekt i opposisjon til jula, eller som dei seier det sjølv: “Santa’s Ghetto is probably the worlds’ most low-consept art event. Every year we assemlble a loose collection of the grat unwashed to hawk their artistix wares on the high street amongst the mindless sham and drudgery of the christmas season. This year we’ve moved out of Oxford Street into a former chicken shop on Manger Square in Bethlehem opposite the Church of the Nativity (where Santa Claus was actually born).” Bileta er veldig kule, anbefaler å sjekka dei ut! Sida fungerer som ein slags jolekalender, så berre å gå inn kvar dag og sjekka om det har kome noko nytt.

sam3_camel banksy

Gatekunst på muren i Palestina er noko fleire har drive med, til dømes Banksy, som også er med i Santa’s Ghetto Betlehem 2007. Det mest kjente av Banksy-bileta frå palestina er vel ballongjenta som er ein av dei få på Vestbreidda som har moglegheit til å reisa ut.

banksy

h1

Reis til Gaza Støre!

Tuesday, 14 August 2007

Er Palestina relevant for kommunevalet i Noreg? Det synst eg.

RV har tidlegare (bystyret 03.05.06) foreslått at Oslo kommune skal ta initiativ til forbrukarboikott av Israel, og at Oslo kommune sjølv skal unngå å kjøpa israelske varer. Dette forslaget gjekk diverre ikkje gjennom.

Og når regjeringa som vanleg lar det som er praktisk og som USA likar gå foran det som er rektig, så må eg jo senda eit lesarbrev (på trykk i Klassekampen i dag):

—–
Usjøvlstendig Støre

Vitjinga til Støre i Midtausten syner at den norske regjeringa ikkje er i stand til å fylgje ein annan utanrikspolitikk enn USA. Så lenge han stør opp om isolasjonen av Hamas-regjeringa i Gaza, bidrar han berre til å halda konfliktnivået oppe, ikkje ei løysing.

Utanriksministeren har nyleg vore i Midtausten der han har møtt israelske leiarar og representantar frå regjeringa til Salim Fayyad, som vart sett inn etter at president Mahomoud Abbas avsette den lovlig valde Hamas-regjeringa og i røynda oppløyste autoriteten til det palestinske parlamentet (PLC).

Når Støre reiser til midtausten utan å møta den regjeringa som innbyggarane i dei palestinske områda valde i 2006 i eit av dei mest demokratiske vala regionen har vore vitne til, gjer han vondt verre.

Sjølv om Støre til og med sjølv innser at Hamas må takast med i forhandlingar, lar han vera å reisa inn til Gaza, av frykt for reaksjonane frå Israel og USA.

Utanriksministeren kjem til området etter at amerikanarane har proppa Israel og USA-venlege statar fulle av våpen og ammunisjon. Samtidig gjer USA og vestlege land alt dei kan for å isolera den lovleg valde sjølvstyreregjeringa i Gaza. Ikkje berre Hamas, men heile befolkninga langs den lille kyststripa må betala prisen. Vitjinga til Støre er berre nok eit bidrag til å styrke den amerikanske støtta til Israel.

Skal den norske regjeringa spela ein positiv rolle i området, må ho byrja med å leggja press på Israel. Ved å ofra regjeringa og folket i Gaza for å tekkast amerikanske og israelske interesser, syner Støre at han i røynda ikkje ynskjer fred i midtausten.

h1

Kolonihagar

Sunday, 5 August 2007

Det å stilla til bystyret gjer at eg føler meg veldig som innbyggar av Oslo (finst det forresten eit fint ord for det, sånn som “siddis” er person frå Stavanger?) Det hjelper jo også å ha kjøpt eit stykke av byen som eg må betala på i mange år framover (jf. Eg har blitt groruddøl).

Så no meiner eg noko om kolonihagar i Oslo også, og har til og med fått det på trykk i Aften Aften!


Oslo treng grøne lunger

Mange draumer om å få ein kolonihage med hytte, eller berre ein liten parsellhage å grava i. Men i Oslo må folk stå på venteliste i fleire år. I eit innlegg i Aften 24. juli hevdar Oslo SP at deira er det einaste partiet som går til val på fleire kolonihagar. Det er heldigvis feil, i valprogrammet går Oslo RV inn for oppretting av nye parsellhagar og kolonihagar.

Det går til dømes an å oppretta kolonihagar på områda som vert frigjorte på Økern når Ring 3 vert lagt i tunnel, og langs Mariholtveien kan det opprettast fleire parsellhagar. Me må òg byggja ut friområdefunksjonen til kolonihagane. I ein by der tusenvis slit med luftvegslidingar, treng me grøne lunger meir enn nokon gong.

RV vil stå på for kravet om utbygging av kolonihagar i Oslo.

Ingrid Baltzersen
2. kandidat for RV til Oslo bystyre
Nestleder i RV/Rødt

h1

Kampanje mot muslimhets

Friday, 3 August 2007

Eg har ein artikkel i neste Palestina Solidaritet, medlemsbladet til Palestinakomiteen.

Du finn heile bladet her.

——-

Kampanje mot muslimhets

Eg representerte Palestinakomiteen på Kairokonferansen saman med Hege Ramson. Kairokonferansen er ein årleg konferanse mot sionisme og amerikansk krigføring som starta i 2002. På kairokonferansen er det både store fellesmøter og små seminar, eit av dei seminara eg var på handla om erfaringane frå arbeidet mot rasisme retta mot muslimar i Kanada.

Den kanadiske studentføderasjonen starta på landsmøtet i Ontario 2006 ei prosjektgruppe for å undersøka behova til muslimske studentar på universitet og høgskular i Ontario. Bakgrunnen var både manglande bønnerom og andre praktiske problem for muslimar, men også at muslimar hadde møtt vald og hat.

Prosjektgruppa reiste rundt på universitet og høgskular for å høyra erfaringane til muslimske studentar. Dei opplevde at etter 11. september var det blitt ei vanskelegare atmosfære for muslimske studentar. Dei fekk rapportar om rasistiske kommentarar, som at folk blir kalla talibanar eller får beskjed om å dra til sitt eige land og bomba det. Ein kvinneleg professor fekk spraya ned døra si med «Suck Bin Ladens dick raghead lover». Den arabiske og muslimske studentassosiasjonen motttok dødstruslar. Prosjektgruppa fekk også høyra om rasistisk «profilering», til dømes fortalte ein student at tryggleiksvaktene hadde fått beskjed om å rapportera navna på «muslimsk utsjåande» personar som gjekk nær ein atomreaktor på universitetsområdet til den kanadiske etteretningstenesten.

Rapporten til prosjektgruppa konkluderer med at det meste muslimane opplevde var ikkje så alvorleg i seg sjølv, men det var mengden som gjorde at miljøet blei forgifta. Men Kanada har også hatt meir alvorlege åtak på muslimar. I 2002 blei ein kanadisk statsborgar av Syrisk opphav, Maher Arar, fengsla av amerikanske styresmakter då han mellomlanda i New York og sendt til Syria der han blei haldt fanga i 10 månadar. Arrar blei oppbevart i ei kisteliknande celle og torturert, men han blei lauslatt utan å ha blitt sikta for noko, og ein rapport som kom seinare konkluderte med at han var ein uskyldig dataprogrammerer, men på grunn av fabrikkasjon av bevis og inkompetanse hos det kanadiske politiet så hadde han blitt stempla som terrorist. Det er fleire saker med kanadiske statsborgarar som er fengsla i Syria på grunn av feilinformasjon frå kanadisk etteretning.

Innleiarane frå kanada sette den auka rasismen mot muslimar i samanheng med kanadisk deltaking i krigen mot Afghanistan. Ein krigsideologi fører til hat mot innvandrarar som kan identifiserast med «fienden», altså muslimane. Palestinakomiteen deltar i antikrigsinitiativ som Fredsinitiatviet, fordi me ser ein samanheng mellom åtaka på Irak og Afghanistan og situasjonen for palestinarane. Palestinakomiteen har lang erfaring i å bekjempa muslim-hets. Sionismen baserer seg på rasisme mot palestinarar, for det er det som har gitt sionistane «retten» til å ta landet deira. Det å kalla palestinarane for muslimske terroristar har vore ein måte å legitimera overgrepa frå staten Israel. I Noreg ser me no ein generell auka rasisme mot muslimar, og eg håpar me kan bruka erfaringane frå Kanada til å bekjempa dette. Arbeid mot rasisme retta mot muslimar kjem til å bli viktig i palestinaarbeidet framover.

Islamofobia Watch – Documenting the War against Islam
Rapporten til prosjektgruppa
Heimesida til prosjektgruppa

h1

Eg har blitt groruddøl!

Saturday, 14 July 2007

Eg som aldri skulle flytta frå Gamlebyen har no blitt groruddøl. Det var nok økonomien som bestemte det, men eg trivest godt, og har allereie fått gått tur i Lillomarka og plukka blåbær i regnet, og blitt intervjua saman med andre damer frå Rødt Grorud i lokalavisa med det lange fine namnet: Lokalavisen Akers Avis Groruddalen. Du får nesten ikkje kjøpt avisa utanfor dalen, laussalsstadane lengst vest er Narvesenkioskane på Tøyen T og på Galleriet. Dei legg ut ting på nett, men det er ikkje lagt ut enno, så du må nok kjøpa papirutgåva for å lesa det.

h1

Valkampen har starta for meg også, med debatt på Skeive Dager

Tuesday, 3 July 2007

Eg deltok for RV/Raudt på partigrillinga på Skeive Dager, torsdag 28. juni. Hovudproblemstillinga var kva partia syntest om kjønnsnøytral ekteskapslov, og der var det ikkje så mykje å sei for meg eigentleg, er grenser for kor mange gonger eg kan sei at eg er for og alltid har vore det. Ellers prøvde eg å få fram at det ikkje er mogleg å vera frie og likestilte i eit samfunn som tener på å setta folk opp mot kvarandre. Venstre (med Ola Elvestuen) og spesielt FrP (med Øyvind Michelsen) sjokkerte i alle fall meg med å avslutta debatten med å skulda innvandrarane for homofobien i Noreg. Det er jo rektig at det er vanskeleg å vera lesbisk, homofil og bifil i ein del innvandrarmiljø, men eg syntest det var skummelt å gå på arrangement i LLH då eg var yngre i Stavanger sjølv, så eg trur ikkje me treng å leita langt for å finna både homofobi og usikre ungdommar i norske miljø. NOVA-rapporten i 1999 som fann at ein av fire unge homofile hadde forsøkt å ta sitt eige liv viser også det. Det er faktisk ikkje meir enn 35 år sidan det var forbudt å vera homofil mann i Noreg.

Her er opningsinnlegget mitt frå debatten:
RV var det første partiet som hadde rett til adopsjon for lesbiske og homofile i programmet vårt for over tjue år sidan. Den gongen var det ikkje så populært standpunkt som det er no, men me håpar jo sjølvsagt at det skal bli enno meir populært og få gjennomslag på Stortinget. Me er for felles ekteskapslov, at partnerbarn skal få også ikkje-biologisk forelder som juridisk forelder, for inseminasjon og alt anna fint. Eg synst dette er viktige saker, for det handlar om å ikkje vera annanrangs borgar.

Men for meg er det viktig å få eit samfunn som ikkje tener på å setta folk opp mot kvarandre. Akkurat no er det enklare å vera lesbisk og homofil, fordi ein blir sett på som gode forbrukerar. Men det er mange som framleis ikkje synst det er enkelt, fordi det blir lagt opp til at ein skal passa inn i ein hetero-mal med kjærast av motsett kjønn, og ungar. Og det er også mange homofile, lesbiske og bifile som synst det er vanskeleg å passa inn i malen ein får, anten det er hetero- eller homo-malen.

Eg meiner til dømes ein god velferdsstat er ein viktig homosak. I dag er det lagt opp til at ungane skal passa på deg når du blir gammal, og kommuneøkonomien blir strupt. Men viss du ikkje har fått ungar, anten fordi du ikkje får adoptera eller inseminera, eller fordi du faktisk ikkje har lyst på ungar? Eller kva viss du er ungen som skal passa på mor eller far din, men dei har mislikt legninga di og nekta å snakka med deg?

At dei som møter deg respekterer deg er også viktig. At helsepersonell ikkje seier at det kjem til å gå over når ein seier at ein er homofil, at dei ikkje snakkar om barnefar når ein klårt uttrykker at ein er lesbiske og i eit partnarskap osv. Her hadde skulemateriell vore viktig, frå barneskule og opp til høgare utdanning. Det å læra ungane at me er forskjellige, og at me vel å leva på ulike måtar, anten det er saman med nokon av motsett kjønn, same kjønn eller åleine. Diverre er haldningar noko av det som tar lengst tid å endra, og noko ein må jobba mykje med og setta av pengar og ressursar til i samarbeid med dei som kjenner situasjonen på kroppen sjølv.

h1

Forsvar Blitz etter storming av huset i natt

Friday, 27 April 2007

Eg har ikkje blogga på ei stund, har bruka mesteparten av tida mi på interne møter og landsmøter osb. Men no har eg endeleg kome meg ut på gata i demonstrasjonen mot det uformelle NATO-toppmøtet i Oslo desse dagane, og no er eg forbanna.

Blitz-huset har i følgje mellom anna Dagbladet blitt storma i natt fordi politiet seier at dei har mistanker om at det blir oppbevart eksplosiver der, ein ganske søkt påstand.

Eg kom akkurat heim frå Grønland politikammer, der står det framleis mange og venter på venner, kjærastar og familie, sånn som dei to foreldra som venter på si mindreårige dotter. Politiet sopte inn fleire hundre folk, truleg står framleis (kl. 01.30) fleire arresterte stua inn bussar med elektrikarstrips rundt handledda mens dei venter på at det skal bli plass på politihuset.

Uansett kva ein meiner om demonstrasjonstaktikken som Blitz ofte fører der dei ufordrar grenser og ikkje ber om tillatelse, så meiner eg at politiet har begått eit grovt overtramp med å arrestera alle som stod i nærleiken av demonstrasjonen, og alle som ser radikale ut, utan å ta hensyn til om dei har gjort noko ulovleg eller ikkje. Folk blir mistenkeleggjorte, fleire har til dømes fått beskjed om at dei maskerte seg, når det dei gjorde var å beskytta seg mot tåregass. Det som eigentleg er ein tryggleik for folk, at dei ikkje kan sitta i meir enn fire timar utan å bli avhøyrd og tiltalt er no blitt ei straff, det å fengsla folk er det politiet har lov til å gjera mot demonstrantar som ikkje oppfører seg sånn som politiet vil.

Politiet har tydelegvis nytta sjansen til å storma og ransaka Blitz mens dei fleste på huset og eventuelle støttespelarar er taua inn. Eg håpar dei tar feil i denne taktikken, og at folk stør opp om huset så snart dei har våkna.

h1

Bli med i Raudt / Rødt / Ruoksat!

Monday, 19 March 2007

Bloggen min har ikkje blitt oppdatert på ei stund. Det er jo fordi me har stifta nytt parti! Og at eg no driv og følgjer opp det som landsmøtet vedtok. Så viss du lurer på kva eg driv med kan du gå på nettsida til det nye partiet, alle dei offisielle namna + ein del andre stavemåtar fører dit, altså: rødt.no, raudt.no, ruoksat.no (det samiske namnet), og roedt.no for dinosaurar som brukar gamle versjonar av internett explorer (i staden for t.d. Opera) og ikkje kan bruka ø i nettadresser.

h1

Siste AKP.no er ute no!

Tuesday, 6 March 2007

8.marsnummeret blir nok den siste AKP.no også, fordi etter 11. mars kjem avisa til å skifta navn og bli eksternavisa til det nye partiet. For å følga med på kva som skjer med det nye partiet kan du sjå på nyttparti.no, eller komma på den opne delen på stiftingslandsmøtet som startar laurdag 10. mars kl. 15.00!

I avisa har eg ein leiarteig, Det finst ikkje “litt krig”, om regjeringa sitt svik når dei sender soldatar til krigen i Afghanistan, og at me treng ei kampanje for å henta dei heim igjen.

Sidan det er 8.marsnummer er det mange gode artiklar om kvinnepolitiske spørsmål, mellom anna eit intervju med ei parkeringsvakt som heiter Vibeke Hagen, og som har vore med på forsøk med Sekstimersdag i Trondheim Parkering. Magnhild Nilsen har fulgt opp kampen om å sei - Nei til 21 års grense for ekteskap med familiegjenforening. Ellers står det mellom anna om RU sitt arbeid med Ungdomshus: Seier i Ålesund og Moss og om den flotte aksjonen til RU der dei stengte døra til UD for å protestera mot at regjeringa sender 150 spesialsoldatar til Afghanistan. Og endå er det mykje meir i avisa, så god lesning!

h1

Forbod mot ansiktsslør?

Tuesday, 27 February 2007

Djupedal har gjekk i Klassekampen (17. februar) Ut mot niqab. Eg synst det er viktig å ta denne debatten, fordi eg meiner Djupedal sitt utspel ikkje er mot niqab (som er eit ikkje-eksisterande problem i Noreg), men heller ein del av den generelle muslimhetsen, og eit forsøk på å ta tilbake stemmene som går til innvandrarfiendtlege parti som FrP. Resonnementet mitt går som følgjer:

1 Eg synst ansiktsslør er teit, og dei fleste norske muslimar som har uttala seg mot det har vore negative.

2 Det er ikkje noko særleg problem med bruk av anssiktsslør i skulen i Noreg, bortsett frå nokre jenter på Oslo Handelsgymnasium som tok på seg slør i 2005. Eg har knapt sett damer med ansiktssør på seg på gata.

3 Eg tenkjer at eit forbod mot slør kan virka mot sin hensikt, både at fleire tar det i bruk fordi dei vil opponera mot forbodet, og at fleire føler seg stigmatiserte som muslimar når det kjem særreglar mot muslimsk religiøs påkledning.

4 Eg kan ikkje sjå at det burde vera nokon grunn til at utdanningsinstitusjonar for vaksne folk (over 1 8) skal bry seg med korleis folk går kledt. På forelesningar på Blindern er det uansett vanskeleg å få augekontakt med store delar av studentane, sjølv om dei ikkje brukar slør.

5 Når det gjeld upraktisk påkledning i grunnskulen tenkjer eg at lærarar bør gje råd til elevane sånn at dei kan kle seg i tråd med det ei sjølv og foreldra ynskjer, samtidig som det skal vera praktisk. Altså at gymlæraren kan sei at trange skjørt i gymmen er upraktisk men ein kan ha vide skjørt, at når ein skal på skogstur får ungane beskjed om at ein bør ha gode sko og sekk, og at viss læraren synst det er vanskeleg å undervisa nokon med ansiktsslør kan ho snakka med foreldra eller eleven. Men eg kan ikkje sjå at det er nokon pedagogiske grunner om gjer ansiktsslør så mykje verre enn andre upraktiske ting ungar riv med.

6 Igjen, eg synst ikkje det er bra med ansiktsslør. Men eg oppfattar at det å gå til åtak mot dette ikkje-eksisterande problemet som også Djupedal no gjer, er ein del av den generelle trenden med å stigmatisera muslimar, og å innføra særreglar for muslimar eller ikkje-vestlege innvandrarar. Det at Djupedal ”tar dette problemet på alvor” er eit forsøk på å vinna innvandrarfiendlege stemmer gjennom å bruka FrP-argument. Eg meiner difor det er viktig å mobilisera mot dette forslaget, sjølv om det ikkje skal vera ei oppfordring til å bruka ansiktsslør, noko dei fleste norske muslimar også synst er dumt å bruka i Noreg.